Rullegardina går ned hos mange når dei høyrer om krava for digitale løysingar. No må mytar drepast, meiner Ida Meland som er rådgivar for digital utvikling i Gyldendal Norsk Forlag.

Mobiltelefon med nettside
Foto: Pinterest«Hamburgermeny» er eit døme på lite brukarvennleg design.
Ho peikar i eit innlegg i Dagens Næringsliv på at digitale løysingar som ikkje er universelt utforma ikkje berre er diskriminerande, men det skaper i òg misnøgde kundar og blir unødig dyrt for samfunnet. Universell utforming handlar jo om å tilpasse noko for alle menneske.

Ei myte er at gruppa av personar med funksjonsnedsetjingar, som krev desse tilpassingane, er svært liten. Meland minner om at store selskap som Facebook, Google og Apple alle har oppdaga rosina i pølsa: Krava for universell utforming er også ypparlege retningsliner for brukarvenlegheit som kjem mor di, bror din og nevøen din til gode. Og bestemor på nettbrettet sitt.

Ofte vel eigaren nett-tenester «trendy» løysingar. Viktig innhald kan då bli skjult bak ulike designfenomen.

Eit døme er dei tre strekane oppe i venstre hjørne på ei mobilnettside eller i ein app – det som kallast «hamburgermeny». Mange designarar likar hamburgermenyen då den kan skjule komplekst innhald og få nettsida eller appen til å sjå meir stilrein ut. Meland peiker på at menyen kan den gøyme bort viktig innhald.

Ved å sjå til retningslinene for universell utforming kan vi unngå slike kreative fallgruver og gje alle i den potensielle kundegruppa ein betre brukaroppleving, skriv ho i Dagens Næringsliv.

Kjelde: Dagens Næringsliv

Publisert 10. oktober 2017.
Oppdatert 10. oktober 2017.