Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

NAV best på brukaroppleving

vinnarne frå NAV

NAV blei den første mottakaren av den nyoppretta Brukaropplevingsprisen. Prisen gjekk til NAV for deira nye skjermdialog for å søke arbeidsavklaringspengar. Den nye versjonen av Doffin fekk heiderleg omtale.

Prisen blei delt ut av Bufdir i samband med Yggdrasil-konferansen.

Juryen har vore leia av Kristoffer Lium som er tilgjengelegheitssjef i NRK.

– Det kom inn 21 søknadar, noko vi er godt nøgde med sidan det er første gongen prisen blir delt ut. I vurderinga har vi hatt både fagpersonar og brukara, fortel Lium.

– Vi gjekk først gjennom alle innsende prosjekt og luka ut dei som ikkje trefte på kriteria og dei som hadde for mange tilgjengelegheitsfeil. Deretter sende vi dei løysingane som gjekk gjennom den faglege vurderinga, til brukarrepresentantane. Det har vore ein breitt samansett jury med kompetanse innan ulike relevante fagfelt og frå engasjerte personar som også kjenne godt medlemmene i Norges Blindeforbund og Norges Handikapforbund sine behov. Når det gjeld den nye skjermdialogen for å søke arbeidsavklaringspengar, så gir den ei veldig god brukaroppleving. Den er forenkla, mindre skummel og mykje raskare!

Enklare søknadsdialog for arbeidsavklaringspengar

Over 100 000 personar i Noreg søker i løpet av eit år om arbeidsavklaringspengar frå NAV då dei på grunn av sjukdom er heilt eller delvis utanfor arbeidslivet. I 2022 fekk Team Innbyggar i NAV oppdrag å betre den digitale dialogen med dei som skulle søke arbeidsavklaringspengar.

Søknadsdialogen på nettsidene var både vanskeleg å finne og kravde at søkarane hadde sett seg inn i all teksten på nav.no. Skjemaet var heller ikkje universelt utforma eller hadde klarspråk, og for brukarene var det uvisst om kva som skjedde med søknaden vidare. I tillegg var det opplyst om at NAV trua med å melde søkar til politiet dersom opplysningane var feil. Alt dette ønskte NAV å endre til ei meir brukarvenleg løysing.

I prosjektet har Team Innbyggar samla innsikt om brukarene av søknadsskjemaet og intervjua ulike brukarer om korleis dei opplevde møtet med den digitale søknaden. Ulike nye versjonar blei utvikla og testa i fleire omgangar og mange fleire innbyggarar intervjua, før dei til slutt sa seg nøgde med resultatet.

Den nye skjermdialogen viser stor betring. 98 % av dei som har brukt den nye løysinga, er nøgde med ho. Dei brukar i snitt 60 % mindre tid på å svare på alle spørsmåla. Dette tilsvaret omtrent 15 minutt. Språket er blitt enklare og meir vennleg og skjemaet er i tråd med krava til universell utforming.

skjembilde av løysninga til NAV
I grunngjevinga for tildeling seier juryen at den nye skjermdialogen er både forenkla, raskare og verkar mindre skummel for dei som skal søke. Skjermbilde nav.no

Miriam Begnum, produkteiger for teamet som laga søknadsdialogen, er glad for at juryen har lagt merke til korleis teamet har lytta til brukarane, og jobba for å gjere det enklare og tryggare å møte NAV.

– Dette er stor stas! NAV satsar stort på digitalisering, som mellom anna skal føre til betre brukaroppleving og at brukarane våre blir meir sjølvhjelpne på nett. Det er veldig hyggeleg å få anerkjenning for dette arbeidet, seier Marit Victoria Rosenvinge, leiar for prosjektet som har laga den nye søknaden.

Meir om vinnaren: NAV for "Ny søknadsdialog for Arbeidsavklaringspenger"

Team Innbyggar ved Therese Slang, Miriam Eileen Nes Begnum, Sara Alejandra Manzanares Monter, Halvor Grizzly Bjørn, Tor Idland, Sture Konradsen, Siri Fors, Sturle Helland og Jan-Olav Eide

Den nye søknadsløysinga skulle skape betre brukaroppleving for 100.000 årlege søkjarar. Brukarane representerer eit breitt spekter, frå høg til låg utdanning, og frå god til ingen kunnskap om rettar og offentlege ordningar. Felles for dei er at dei utan å ønskje det har hamna i ein ny og vanskeleg situasjon. I tillegg skulle løysinga svare på eit behov for å effektivisere interne samhandlingsrutinar.

I heile prosessen, frå kartlegging til vidare oppfølging, har det vore eit svært sterkt fokus på å få innsikt i og forståing for situasjonen for søkjarane, og dessutan å få løpande tilbakemeldingar frå dei. Her var det behov for store forbetringar.

Vi meiner at den valde løysinga leverer svært godt på forbetringsbehovet. Det er tydeleg for juryen at universell utforming har vore ein viktig del av utviklings- og designarbeidet. God HTML-struktur, eit tydeleg uttrykk med bruk av visuelle element, og eit enkelt, klart og tillitsskapande språk, gjer at innbyggjar får ein enklare veg til mål.

Når juryen no har vurdert løysinga, er vi ikkje i det minste overraska over at det gode tverrfaglege arbeidet gir seg utslag i 98 prosent brukartilfredsheit og at dei no bruker 60 prosent mindre tid på søknadsprosessen.

Juryen meiner ”Ny søknadsdialog for arbeidsavklaringspengar” er ein verdig vinnar av den første utdelinga i historia av Brukaropplevingsprisen!

Vellukka offentleg-privat samarbeid med nye Doffin

Heiderleg omtale i Brukaropplevingsprisen fekk Doffin som er den norske nettbaserte databasen for kunngjeringar av offentlege anskaffingar. Brukarane av Doffin er offentlege oppdragsgjevarar som skal gjennomføre anskaffingar og leverandørar som ser etter oppdrag i offentleg sektor.

Charlotte Kolle, fagleiar i Direktoratet for økonomistyring (DFØ), fortel at i 2023 kom ei EU-forordning som påla nye format for kunngjeringar, kalla eForms.

– Doffin måtte handtere dei nye kunngjeringsformata, og dette resulterte i at DFØ måtte bygge ein heilt ny Doffin på svært kort tid. I dette omleggingsarbeidet engasjerte vi IT-selskapet Computas i tillegg til intern kompetanse i DFØ.

– Det er alltid viktig å byrje med brukarinvolvering og arbeid med universell utforming frå dag éin, men det var særleg viktig i dette prosjektet med ei knapp frist for implementering, seier ansvarleg designar John Schneider-Sætrang i Computas.

– Gjennom målretta arbeid med involvering av brukarar både frå oppdragsgjevarar og leverandørar i form av intervju og brukartestar, blei det avdekka klare brukarbehov som vi gjorde om til løysingsforslag som vart testa. Vi heldt fram med denne testinga iterativt gjennom sprintane våre. Det nye brukargrensesnittet har fleire mogelegheiter for filtrering og gir betre treff på søk.

Avdelingsleiar for Brukaroppleving hos Computas, Håvard Wiik, held fram.

– Tilbakemeldingar frå brukarar viser at dei er godt nøgde med den nye Doffin og at den er i en heil annan kategori når det gjeld brukaroppleving enn gamle Doffin. Den forenklar arbeidsprosessen med innkjøp og gir tydeleg gevinst for både verksemda og brukarane. Å bidra til denne samfunnsnytten samstundes som vi tek omsyn til tilgjenge for alle brukarar, er spesielt tilfredsstillande, seier han.

Meir om BOP-Ros: Computas og Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) for "Nye Doffin – database for offentlege anskaffingar"

Håvard Wiik, John Sætrang, Ragnhild Larsen, Hanne Brynildsrud, Ken Paulsen Sørevåge, Charlotte Kolle, Linda Wetter, Arne Hansen, David Skålid Amundsen, Sandra Wiborg og Fredrik Sandvold.

Trass i eit kort utviklingsløp med korte fristar, nytt EU-regelverk og ny teknisk backend, har det her blitt gjort eit imponerande arbeid med å auke brukaropplevinga i eit nokså komplekst system. Det har vore lagt stor vekt på gjentakande brukarinvolvering og -testing av dei ulike brukargruppene heilt fram til lansering. Involvering av eig og leiing i prosessen gav eigarskap og vilje til å prioritere nettopp det som bidrog til betre brukaroppleving.

Det er lett for juryen å sjå at det har vore eit sterkt fokus på universell utforming frå start, og eit visuelt løft med mellom anna appellerande illustrasjonar. Vi liker spesielt godt at det har vore lagt vekt på gjenteken testing av at kvar oppgåve i løysinga tilfredsstiller krava til universell utforming, og at tastaturnavigasjon og skjermlesar fungerer godt..

Det har blitt gjennomført intervjuar med både offentlege innkjøparar og leverandørar. Alle målgrupper er tenkte på, slik at utforming av filtreringsval, sortering og ryddige utlistingar av informasjon skal bli mest mogleg relevant. I tillegg er juryen glad for at det har blitt utvikla ei eiga rettleiingsside.

Tilbakemeldingar etter lanseringa av den heilt nye løysinga har vore at dette har gitt ei kraftig forbetring av brukaropplevinga. Ein forbetra arbeidsprosess med offentlege anskaffingar gjer det lettare å ha oversikt over marknadsmoglegheiter i offentleg sektor.

Juryen meiner Computas og DFØ fortener ros for å ha levert ei svært god brukaroppleving i ”Nye Doffin”!

Ny pris av året

Brukaropplevingsprisen er ny av året og skal heidre utviklarar, designarar og verksemder som har utvikla universelt utforma digitale løysingar med god design og framifrå brukaroppleving. Brukaropplevingsprisen blei delt ut på Yggdrasil-konferansen som er ein årleg konferanse for alle som er engasjert i gode, digitale brukaropplevingar.

– Prisen er viktig då forskrift om universell utforming av IKT set minimumskrav, og vi ønsker å trekke fram løysingar som er gode for alle å bruke. Prisen er derfor meint å inspirere og heidre prosjekt som har gått lenger enn minimum, og som også motverker digitalt utanforskap gjennom gode, heilskaplege brukaropplevingar, uttalar Harald Hegerberg, divisjonsdirektør strategi og utvikling i Bufdir i samband med utdeling av prisen.

Prisen er utvikla i samarbeid med Bufdir, Digitaliseringsdirektoratet ved UU-tilsynet, DOGA, IxDA, NRK og Yggdrasilkomiteen. Prisen er eit tiltak i regjeringa sin handlingsplan til for universell utforming 2021-2025.

Prisen skal supplere eksisterande prisar, som Hedersprisen og Innovasjonsprisen for inkluderande design. Hedersprisen for interaksjonsdesign (delt ut av IxDA) vart oppretta i 2015 og målet for denne prisen er å heidre framifrå interaksjonsdesign med brukaroppleving i fokus. Innovasjonsprisen blir delt ut av DOGA kvart tredje år og heidrar verksemder, designerare og arkitektar for prosjekter som bidrar til eit meir likestilt samfunn.