Treng ein fosterheim i Nordfjord, og ho har sjølv ynskje om å bu i ein fosterheim.

Sofia er ei kreativ jente som likar dans og musikk, ho er glad i dyr og går gjerne tur med hundar.
Ho ønskjer seg ein familie som er kreativ og som ho kan oppleve ting saman med.
Sofia ynskjer ein familie der ho kan få utfalde seg på kjøkkenet, der ein kan bake og lage middag i lag.

Sofia treng tid til å bli kjend med og trygg på deg, også tid for å vise deg kven ho er.

Sofia er ei reflektert jente, med tydelege meiningar om kva ho vil, og ho har sjølv ynskje om å bu i fosterheim. Sofia treng vaksne som kan forstå kven ho er, utan å vere for tett på og for nær.

Kva fosterheim treng Sofia

Sofia treng ein fosterheim med to vaksne, det må gjerne vere eldre ungdommar i familien. Fosterheimen bør ha erfaring med eigne og andre born.
Ho treng ein familie som kan ramme ho inn, samstundes gje ho rom til å få finne ut av ting sjølv.

Sofia treng ein heim med stødige trygge vaksne som kan sjå heile ho, vaksne som klarer å sjå jenta bak fasaden. Sofie treng ein familie som kan støtte ho og motivere ho til å gjennomføre skulen. Og hjelpe ho når ho tykkje det er vanskeleg å finne motivasjon for skulearbeid.

Som fosterheim får du

Fosterheimsjemsgodtgjersle og utgiftsdekking 
Opplæring 
Rettleiing og oppfølging av fosterforeldre 

Alle fosterforeldre har rett til permisjon frå arbeidet sitt, jf. arbeidsmiljøloven § 12-5 i samband med omsorg for et fosterbarn under 15 år. Barneverntenesta vil gje lønnskompensasjon ved frikjøp av ein av fosterforeldra i ein periode det er bruk for det for så å bli vurdert for vider behov.  

Vil du vite meir om Sofia?

Dersom du ynskjer å høyre meir om Sofia og tenkjer at de kan tilby Sofia den heimen ho treng, kan du ta kontakt på e-post fosterheimstenesta.sogn-fjordane@bufetat.no eller på tlf. 466 19 000.