Barn og ungdom som treng ein ny stad å bu, vil ofte helst flytte til nokon dei kjenner frå før. Stadig fleire fosterbarn får bu heime hjå besteforelde, onkel og tante, eldre søsken eller andre dei kjenner. Døme på dette kan vere assistent i barnehage, fotballtrenar, ein nabo, speiderleiar, tidlegare besøksheim eller støttekontakt.
At barnet får vere i familien eller nettverket sitt gir tryggleik for alle, og overgangen til ein fosterheim kan bli lettare når barnet allereie kjenner fosterforeldra.
Kjenner du barn i familien eller nettverket ditt som skal flytte i fosterheim?
Ta kontakt med barnvernstenesta i kommunen din for å høyre om det er mogleg for dykk å bli fosterheim, eller for ei uforpliktande samtale om kva det inneberer.
Du kan også ta kontakt med næraste fosterheimsteneste for meir informasjon om fosterheim i familie eller nettverk.
Finn di lokale fosterheimsteneste
Ønskjer du å få tilsendt informasjon om det å vere fosterheim? Har du spørsmål? Vil du melde deg på informasjonmøte? Ta kontakt med fosterheimstenesten der du bur:
Slik blir du fosterheim for eit barn i familien din eller nettverket ditt
1. Kontakt
Ta kontakt med foreldra til barnet, slik at dei kan ta det opp med barnevernstenesta. Er ikkje dette mogleg, kan du sjølv ta kontakt med barnevernstenesta og høyre om det er mogleg å bli fosterheim eller ha ei uforpliktande samtale om kva dette inneberer.
Når eit barn må flytte i fosterheim, skal barnevernstenesta i kommunen alltid vurdere om nokon i barnets familie eller i nettverket kan veljast som fosterheim. Dette vert ofte diskutert i familieråd.
2. Heimebesøk
Dersom barnevernstenesta vurderer dette som ei aktuell løysing, kjem dei på heimebesøk for å ha ei samtale med deg/dykk.
3. Godkjenning
Ein familie- og nettverksfosterheim er ein heim på lik line med andre fosterheimar, og blir godkjend ut frå same regelverk og generelle krav. Familie- og nettverksfosterheimar har rett på godtgjerdsle for arbeid og utgifter, til oppfølging, rettleiing og støtte tilpassa situasjonen til det enkelte fosterbarn og fosterheim.
4. Innflytting
Etter ei tilvenningsperiode, som vil variere frå barn til barn, flyttar barnet inn.
5. Opplæring
Fosterheimstenesten i Bufetat tilbyr opplæringsprogrammet PRIDE grunnkurs for fosterheim barnets familie og nære nettverk anten i forkant eller i etterkant av plasseringa.
6. Oppfølging
Fosterforeldre som er rekruttert i barnet si familie eller nettverk følgast opp av den kommunale barnevernstenesta på line med andre fosterheimar, og mottek generell grupperettleiing få fosterheimstenesta i Bufetat.
Bjørn flytta i fosterheim hos onkelen sin
- Ein god oppvekst hos nokon han kjente frå før.
Exause fikk fosterheim hos trenaren sin
- Ein god oppvekst hos nokon han kjente frå før.
Tone og Åge - Besteforeldre og fosterforeldre i eitt
"Det handlar om både kjærleiken til barnebarna og barna. Det er det som er drivkrafta"
- Åge