Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Tilskot til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn

Søkje om tilskot

Det er ikkje lenger mogleg å søkje om tilskot gjennom denne ordninga. Den er er slått saman med to andre ordningar til ei ny tilskotsordning.

Gå til den nye tilskotsordninga for inkludering av barn og unge

Rapportere på tilskot motteke tidlegare år

Alle tilskotsmottakar skal årleg levere ein framdriftsrapport med rekneskapstal og informasjon om korleis det går med tiltaket de har fått tilskot til.

Etter siste tilskotsår skal de sende inn ein sluttrapport der de mellom anna skal rapporterer på korleis det gjekk med gjennomføringa av tiltaket, måloppnåinga av tiltaket og svare ut eventuelle vilkår sett av Bufdir i vedtaksbrevet.

Fristen for både framdriftsrapport og sluttrapport er oppgitt i rapporteringsoppgåva i søknadsportalen, men er typisk i april (éin månad etter tilskuddsårets slutt). Dersom de har fått innvilga utsett rapporteringsfrist skal de levere rapport til avtalt frist.

Svar på problemstillingar rundt tilskot og koronautbrotet finn de her.

De skal rapportere på korleis tilskotet har blitt nytta, og på kva måte og i kva grad måla de oppgav i søknaden har blitt oppfylte.

Rekneskapen i sluttrapporten (dvs. etter det siste tilskotsåret) skal vere kontrollert av revisor og revisorfråsegna skal leggjast ved sluttrapporten. Rekneskapen og uttalen skal gjelde for heile tilskotsperioden. Revisor skal følgje standard for avtalte kontrollhandlingar (ISRS 4400) i revisjonen av rekneskapen. Dei spesifiserte krava er tilgjengeleg her. Alle tilskotsmottakarar skal kunne leggje fram hovudbok/spesifisert rekneskapsrapport der det kjem fram korleis midlane er brukt.

For kommunale tiltak skal rekneskap reviderast av kommunerevisjonen. Rekneskapane til private aktørar og frivillige organisasjonar skal reviderast av ein statsautorisert revisor.

Det er søknadsansvarleg for tiltaket som skal levere rapport og rekneskap i Bufdirs søknadsportal. Organisasjonen og den som står ansvarleg for søknaden vil få eit varsel på e-post når rapporteringsoppgåva er tilgjengeleg.

Endringar i prosjektet

Viss de må gjere vesentlege endringar i innhaldet i tiltaket undervegs, må de søkje om omdisponering. Vi vil normalt berre godkjenne endringar som held seg rimeleg innanfor rammene av den opphavlege søknaden. Det kan vere at de òg må leggje ved eit nytt budsjett.

Tilskot skal normalt sett nyttast innan utgangen av tilskotsåret, som går frå mars til mars. Framdrifta i prosjektet blir gjord greie for gjennom årleg framdriftsrapportering. Dersom de har unytta midlar ved slutten av eit tilskotsår, vil desse bli overførte til året etter. De må likevel gjere greie for dette i framdriftsrapporten, og direktoratet kan halde tilbake utbetalingar eller redusere tilsegnsbeløpa dersom vi vurderer at mindreforbruket ikkje er godt nok forklart eller at risiko for manglande gjennomføring er høg.

Dersom de ønskjer å forlengje prosjektperioden og dato for sluttrapportering, må de søkje om utsetjing. De må søkje om utsetjing seinast 31. januar i det siste tilskotsåret deira.

De søkjer om omdisponering og utsetjing gjennom Bufdirs søknadsportal. Det er berre søknadsansvarleg som kan søkje. Logg inn, vel " "Søknadene mine" i toppmenyen, klikk på "Innsendte", vel den aktuelle søknaden, klikk på "Andre val" i menyen øvst, vel anten "Utsettelse" eller "Omdisponering".

Viss de ikkje får gjennomført tiltaket som de har fått tilskot til, må de så snart som mogleg gi beskjed til oss om det. De vil då få informasjon om korleis de skal betale tilbake tilskotet til Bufdir.

Viss de ikkje har brukt opp midlane de har fått, er det sannsynleg at de må betale tilbake dei unytta midlane. Det er òg mogleg at vi vil krevje tilbakebetaling av tilskotet dersom tiltaket ikkje er gjennomført i tråd med den opphavlege søknaden og/eller dersom rekneskapen viser vesentlege avvik frå budsjettet i søknaden.

Dersom de må endre på tiltaket, ikkje får gjennomført tiltaket eller må betale tilbake midlar vil det ikkje påverke moglegheita til å søkje om tilskot i framtida. Unntaket er viss de har gjort noko som gjer at de blir utestengde frå ordninga i eitt eller fleire år.

Tilskotsmottakarar som har fått vedtak om å betale tilbake tilskot, og ikkje har gjort det, vil ikkje få nye tilskot.

Kven har fått tilskot?

På Barne- og familiedepartementets budsjett er det sett av i overkant av 54,7 millionar kroner for tilskotsåret 2021 til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn – opne møteplassar. Bufdir forvaltar ordninga.

Beløpet inkluderer ei styrking av ordninga gjennom Revidert nasjonalbudsjett i 2021 på 10 millionar kroner. Bakgrunnen for styrkinga er at mange opne møteplassar har vore sterkt avgrensa under pandemien. I ein situasjon der samfunnet opne opp igjen er det viktig at opne møteplassar er rusta til å gi eit godt tilbod til barn og ungdom.

Oslo har hatt høge smittetal og langvarige og inngripande smitteverntiltak under pandemien og tiltak frå Oslo er derfor prioriterte i tildelinga av den auka løyvinga. Den auka løyvinga har òg gjort det mogleg for Bufdir å styrkje nokre gode tiltak som blei innvilga i 2019 og 2020, tildele eit noko høgare tilskot i alle kommunane for 2021, og dessutan å innvilge litt fleire gode søknader enn vanleg.

Tilskotsordninga gir frivillige organisasjonar, kommunale tenester og private aktørar i utvalde bykommunar moglegheita til å etablere og vidareutvikle sosiale arenaer der barn og ungdom frå alle sosiale lag kan møtast og delta på like vilkår.

Møteplassane legg til rette for inkludering og deltaking for barn og ungdom som fell utanfor og ikkje nyttar seg av andre fritidsaktivitetar. Møteplassane er lågterskeltilbod der det ikkje blir stilt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Større tilgang til opne møteplassar i nærmiljøet kan bidra til å betre oppvekst- og levekår for barn og unge.

Tilskotsordninga støttar tiltak som vidareutviklar eller etablerer opne og inkluderande møteplassar overfor målgruppa og investeringar i lokale og utstyr for å vidareutvikle eller etablere opne møteplassar for barn og ungdom.

Bufdir har i saksbehandlinga vektlagt følgjande:

  • Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn som står overfor spesielle utfordringar, og arbeid som fremjar integrering.
  • Samarbeid mellom bykommunar og frivillig sektor.
  • Den totale storleiken på tilskot til bykommunen gjennom ordninga.

Bufdir har ferdigstilt saksbehandlinga. Oversikt over tildelingane finst nedanfor.

Arendal kommune:

  • Hisøy idrettslag, tiltaket Urban Ung-GAME Fritidsaktivitet til alle med ungdommen selv i førersetet: 600 000 kroner i 2021, 350 000 kroner i 2022, 350 000 kroner i 2023
  • Eydehavn-Kuben frivilligsentral, tiltaket Ungdomssatsing i Arendal øst: 400 000 kroner i 2021

Bergen kommune:

  • Norges KFUK-KFUM, tiltaket Forandringshuset Bergen: 750 000 kroner i 2021, 450 000 kroner i 2022, 450 000 kroner i 2023
  • Bergen Røde Kors, tiltaket Fellesverket Bergen: 500 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023
  • Bergen kommune, tiltaket Åsane ungdomsklubb: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Bodø kommune:

  • Bodø Røde Kors, tiltaket Fellesverket Bodø: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Drammen kommune:

  • Rett fram opplevelser, tiltaket Rett Fram Opplevelser med "Fram Arena": 710 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Fredrikstad kommune:

  • Østfold fylkeskommune sentraladministrasjonen, tiltaket Vennskap Uten Grenser: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Gjøvik kommune:

  • Redalen Røde Kors, tiltaket Lokaler for Biri Ungdomsklubb: 700 000 kroner i 2021, 300 000 kroner i 2022, 300 000 kroner i 2023

Halden kommune:

  • Fargespill Østfold, tiltaket Fargerik møteplass Halden: 700 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Hamar kommune:

  • Hamar frivilligsentral, tiltaket "Midt i sentrum" - for barn og unge: 484 500 kroner i 2021, 550 000 kroner i 2022, 550 000 kroner i 2023

Haugesund kommune:

  • Haugesund kommune KD kultur, idrett og frivillighet, tiltaket Haugesund E-sport, en fysisk og digital møteplass: 605 000 kroner i 2021, 515 000 kroner i 2022, 485 000 kroner i 2023

Kristiansand kommune:

  • Blå Kors Kristiansand, tiltaket Blå Kors E-sport senter: 675 000 kroner i 2021, 400 000 kroner i 2022, 400 000 kroner i 2023
  • Stiftelsen Kirkens bymisjon i Kristiansand, tiltaket UngAktiv: 510 000 kroner i 2021, 520 000 kroner i 2022, 550 000 kroner i 2023

Larvik kommune:

  • Idrettsforeningen Fram, tiltaket Ungdomsklubben «Framtid»: 500 000 kroner i 2021

Moss kommune:

  • Moss kommune, tiltaket Ungdomskafé / ungdommenes kulturkafe: 650 000 kroner i 2021, 550 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023

Oslo kommune sentralt:

  • Bydel St. Hanshaugen, tiltaket Ungdomshuset i Stensparken: 800 000 kroner i 2021
  • Stiftelsen Vålerenga Fotball Samfunn, tiltaket Forbildeprosjekter: 325 000 kroner i 2021
  • Bydel Østensjø, tiltaket i-kontakt - en digital møteplass for ungdom: 650 000 kroner i 2021, 350 000 kroner i 2022, 350 000 kroner i 2023
  • Kulturetaten, tiltaket Ungdommens kulturbryggeri - møteplass for ungdom: 700 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023

Oslo kommune, Bydel Gamle Oslo:

  • Bydel Gamle Oslo, tiltaket Mellom Vahl og Vaterland - positive møteplasser lokalt: 700 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023
  • Mentorung, tiltaket MentorUng Huset: 725 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023
  • Global sosial utvikling (GSU), tiltaket Aktiv fritid: 542 970 kroner i 2021, 400 000 kroner i 2022, 400 000 kroner i 2023

Oslo kommune, Bydel Grorud:

  • Oslo Røde Kors, tiltaket Oppussing av kjøkken - Fellesverket Grorud: 300 000 kroner i 2021,
  • Grorud idrettslag, tiltaket Møteplass Grorud - "åpen hall": 700 000 kroner i 2021, 550 000 kroner i 2022, 500 000 kroner i 2023
  • Bydel Grorud, tiltaket Teateroppsetning - Mulighetenes Dal: 350 000 kroner i 2021, 300 000 kroner i 2022, 300 000 kroner i 2023

Oslo kommune, Bydel Grünerløkka:

  • Unge spirer, tiltaket Neste generasjons fritidsklubb: 760 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Oslo kommune, Bydel Sagene:

  • Socentral AS, tiltaket Biermannsgården - et urbant grendehus med aktiviteter for unge på Sagene: 350 000 kroner i 2021

Oslo kommune, Bydel Søndre Nordstrand:

  • Oslo Røde Kors, tiltaket Oppussing av møteplassen: 475 000 kroner i 2021,
  • Bydel Søndre Nordstrand, tiltaket Bjørndal Ungdomskafe – en utviklingsarena: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023

Porsgrunn kommune:

  • Porsgrunn kommune, tiltaket Meierigården - en inkluderende aktivitetsarena for unge: 450 000 kroner i 2021

Sandefjord kommune:

  • Sandefjord kommune, tiltaket Ungdomsklubben Morella: 492 000 kroner i 2021

Sandnes kommune:

  • Stiftinga Jærmuseet, tiltaket Ideverkstedet: 620 000 kroner i 2021, 500 000 kroner i 2022, 400 000 kroner i 2023

Sarpsborg kommune:

  • Sarpsborg kommune, tiltaket Kulturskolen for alle: 300 000 kroner i 2021

Stavanger kommune:

  • Sølvberget KF, tiltaket Inkludering av ungdom i sentrum: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 600 000 kroner i 2023
  • Sunde idrettslag, tiltaket UFO – Ungdomsfritidsordning: 387 500 kroner i 2021, 363 500 kroner i 2022, 363 500 kroner i 2023
  • The Follies revyproduksjoner, tiltaket Alle som vil, kan: 660 000 kroner i 2021, 450 000 kroner i 2022, 450 000 kroner i 2023

Tromsø kommune:

  • Tromsø Røde Kors, tiltaket Fellesverket - En åpen og inkluderende møteplass for barn og unge: 800 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 550 000 kroner i 2023

Trondheim kommune:

  • Utleira idrettslag, tiltaket Bærekraftig bydel: 700 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 400 000 kroner i 2023
  • Bitfix gaming, tiltaket BFG Fritid: 600 000 kroner i 2021

Tønsberg kommune:

  • Tønsberg Røde Kors, tiltaket Fellesverket Huset på hjørnet - et aktivitetshus for ungdom: 700 000 kroner i 2021, 600 000 kroner i 2022, 550 000 kroner i 2023

Ålesund kommune:

  • Ålesund kommune, tiltaket E-Teams: 550 000 kroner i 2021, 350 000 kroner i 2022, 350 000 kroner i 2023

Arendal kommune:

  • Tromøy fritidsklubb, tiltaket Tromøy #fritidsforum: 790 000 kroner, innvilga i 2019
  • Arendal kommune, tiltaket Ungkultur - i sentrum, medvirkning, samskaping og deltagelse: 600 000 kroner, innvilga i 2020

Bergen kommune:

  • Bergen kommune, tiltaket Fritid i fellesskap: 600 000 kroner, innvilga i 2020
  • Bergen kommune, tiltaket Rothaugen UNG: 750 000 kroner, innvilga i 2020

Bodø kommune:

  • Bodø kommune, tiltaket Svømmehallen: 400 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bodø kommune avdeling for oppvekst og kultur, tiltaket Tverlandet Fritidssenter - en naturlig møteplass for, av og med ungdom: 400 000 kroner, innvilga i 2020

Drammen kommune:

  • Drammen Røde Kors, tiltaket Fellesverket - Sosial Møteplass: 455 000 kroner, innvilga i 2020
  • Norges KFUK-KFUM, tiltaket Forandringshuset Drammen: 750 000 kroner, innvilga i 2019

Fredrikstad kommune:

  • Fredrikstad kommune seksjon utdanning og oppvekst, tiltaket Åpent hus: 400 000 kroner, innvilga i 2019
  • Fargespill Østfold, tiltaket Fargerik møteplass Fredrikstad 766 000 kroner, innvilga i 2020

Gjøvik kommune:

  • Snertingdal nærmiljøpark, tiltaket "Etter skoletid" - et lavterskeltilbud for ungdommen: 600 000 kroner, innvilga i 2019
  • Gjøvik brettklubb, tiltaket Trykkeriet skatehall: 400 000 kroner, innvilga i 2020

Halden kommune:

  • Stiftelsen Kirkens bymisjon i Østfold, tiltaket Møteplassen, Aktivitets- og integreringsarena for barn og ungdom i Halden: 750 000 kroner, innvilga i 2019
  • Extra giverglede Halden, tiltaket Aktiv Møteplass i Halden: 450 000 kroner, innvilga i 2020

Haugesund kommune:

  • Stiftelsen Kirkens bymisjon Rogaland, tiltaket Haugesund Ungdomssentral: 576 300 kroner, innvilga i 2019
  • Norges KFUK-KFUM, tiltaket Forandringshuset Haugesund: 650 000 kroner, innvilga i 2020

Kristiansand kommune:

  • Christianssands kunstforening, tiltaket Oppgradering av formidlingsrom og verksted Kristiansand kunsthall og Kristiansand folkebibliotek: 520 000 kroner, innvilga i 2019

Larvik kommune:

  • Larvik barne- og ungdomsteater, tiltaket Teateret som møteplass: 550 000 kroner, innvilga i 2020

Moss kommune:

  • Stiftelsen Kirkens bymisjon i Østfold, tiltaket Møteplassen Løkkis: 750 000 kroner, innvilga i 2020

Oslo kommune sentralt:

  • Bydel Nordstrand, tiltaket Inkluderende møteplasser for unge voksne: 700 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Nordre Aker, tiltaket Møteplass for ungdom på Rachel Grepp - bydelens nye nærmiljøhus: 800 000 kroner, innvilga i 2020

Oslo kommune, Bydel Bjerke:

  • Veitvet sportsklubb, tiltaket Møteplass Veitvet: 400 000 kroner, innvilga i 2019

Oslo kommune, Bydel Gamle Oslo:

  • Joy - Joint Organization For Youth, tiltaket Ungdomsklubb på Grønland - en møteplass for unge i Bydel Gamle Oslo: 800 000 kroner, innvilga i 2019
  • Oslo Kommune Bydel 1 Gamle Oslo, tiltaket Videreutvikling Central Park ungdomscafé: 650 000 kroner, innvilga i 2020

Oslo kommune, Bydel Grorud:

  • Stiftelsen Norsk Teknisk Museum, tiltaket Skaperverksted for ungdom i Grorud: 700 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Grorud, tiltaket Kulturtank Grorud: 750 000 kroner, innvilga i 2019

Oslo kommune, Bydel Grünerløkka:

  • Deichman Bibliotek, tiltaket Grønn møteplass: 400 000 kroner, innvilga i 2019
  • Vega Scene AS, tiltaket Møteplass for barn og unge på Vega Scene (Vega Ung): 800 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Grünerløkka, tiltaket Mobil fritdsarena / "POP-UP" fritidsklubb: 800 000 kroner, innvilga i 2020

Oslo kommune, Bydel Sagene:

  • Sagene idrettsforening, tiltaket Etter skoletid ordning: 500 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Sagene, tiltaket Kunst for alle: 600 000 kroner, innvilga i 2019

Oslo kommune, Bydel Søndre Nordstrand:

  • Barne- og ungdomssenteret på Holmlia AS, tiltaket Kulturverkstedet Voice of Holmlia: 500 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Søndre Nordstrand, tiltaket Bjørndal ungdomsklubb: 800 000 kroner, innvilga i 2019
  • Bydel Søndre Nordstrand, tiltaket Det inkluderende gårdsrommet: 400 000 kroner, innvilga i 2020
  • Vær stolt, tiltaket Vær Stolt ungdom: 450 000 kroner, innvilga i 2020

Porsgrunn kommune:

  • Herøya nærmiljøsenter, tiltaket UNG på Herøya - inkluderende møteplass: 500 000 kroner, innvilga i 2020

Sandefjord kommune:

  • Frilynt Norge, tiltaket Napern1916: 450 000 kroner, innvilga i 2020
  • Stokke frivilligsentral, tiltaket Skattkammer - Åpen møteplass for barn og ungdom i Stokke: 650 000 kroner, innvilga i 2020

Sandnes kommune:

  • Open hands for you, tiltaket Ungdomshus: 600 000 kroner, innvilga i 2019
  • Sandnes kommune, tiltaket Chillout – junior: 530 000 kroner, innvilga i 2020

Sarpsborg kommune:

  • Sarpsborg kommune, tiltaket Ungdomsfellesskapet - Styrkebasert arbeid i utvikling av ungdomsdrevne aktiviteter i nærmiljøhuset på Alvim: 300 000 kroner, innvilga i 2019
  • Sarpsborg kommune, tiltaket Hannestad fritidsklubb: 350 000 kroner, innvilga i 2020

Skien kommune:

  • Frivillig Gulset, tiltaket Brobyggere Gulset: 700 000 kroner, innvilga i 2020

Stavanger kommune:

  • AKKS Stavanger, tiltaket Ung Arrangør: 600 000 kroner, innvilga i 2020

Tromsø kommune:

  • Tromsø kommune, tiltaket Pyramide: 300 000 kroner, innvilga i 2020
  • Tromsø kommune, tiltaket Ungdommens Møteplass Kvaløysletta: 330 000 kroner, innvilga i 2020

Trondheim kommune:

  • Trondheim kommune, tiltaket E-sport og fritidsklubbtilbud på Lade: 800 000 kroner, innvilga i 2019
  • Trøndelag fylkeskommune, tiltaket Vi på Saupstad: 750 000 kroner, innvilga i 2020

Tønsberg kommune:

  • Tønsberg kommune (fra 1.1.2020), tiltaket "Aktiv" - ungdomshus for og med ungdom: 800 000 kroner, innvilga i 2019

Ålesund kommune:

  • Møre og Romsdal Røde Kors, tiltaket Fellesverket Ålesund med Fargespill: 500 000 kroner, innvilga i 2019

Kontakt

Tilskotsavdelinga

E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580

Saksbehandlarar

Mari Ommundsen
e-post: mari.ommundsen@bufdir.no
tlf: 466 19 567

Tonje Olsrud
E-post: tonje.olsrud@bufdir.no
Telefon: 466 15 662