Arbeidsmarknaden i Noreg er på mange måtar delt på bakgrunn av kjønn. Kvinner og menn arbeider i stor grad i ulike sektorar og yrke. Dette henger saman med kva utdanningar unge vel, både på vidaregåande nivå og i høgare utdanning. Fleire utdanningsprogram er dominerte av eitt kjønn.
Kjønnsdelte val av utdanning har konsekvensar for både individ og samfunn.
På individnivå er den kjønnsdelte arbeidsmarknaden i vegen for valmoglegheitene til den enkelte.
På samfunnsnivå påverkar den kjønnsdelte arbeidsmarknaden rekruttering til yrke, næringar og sektorar.
Fastlåste mønster i arbeidsmarknaden gjer liten fleksibilitet og resulterer i dårleg utnytting av ressursane til befolkninga.
I sektorar som er knytte til tenesteyting, som for eksempel helse og omsorg og barnehage og skole, er det viktig med eit mangfald blant tilsette for å sikre likeverdige tenester. Sektorane skal yte tenester til, ta vare på og utdanne ei mangfaldig befolkning. I andre sektorar, som innanfor teknologi og industri, gir eit større mangfald blant tilsette tilgang til ulike perspektiv som kan vere viktige, for eksempel i innovasjonsprosessar.
Å fremje utdanningsval på tvers av kjønn handlar ikkje om å skulle overtyde elevar om å velje noko dei ikkje vil, men å medverke til å opne opp moglegheiter som finst for den enkelte, og vere bevisst på rammene samfunnet kan legge.