Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Då krisa var eit faktum, stilte dei opp for eigen familie

to bilder av en mann og en kvinne, ute foran en gård og sammen på kjøkkenet

– Å seie nei har aldri vore ein tanke i hovudet vårt, seier Suzanne Murphree. Ho voks sjølv opp i USA, i ein familie som blei beredskapsheim for fleire barn.

I landlege og idylliske omgivnader bur Suzanne og Robert Murphree på eit lite småbruk.

Når vi kjem køyrande inn på gardsplassen står Robert i døra og ventar med eit stort smil: «Eg sa jo det, når du trur du har køyrt feil, må du berre køyre litt til”, seier han og ler høgt. “Velkommen til oss”.

Les meir om fosterheimar i familie og nettverk

Robert og Suzanne seier at dei har fem barn. To av dei er dei fosterheimar for. Dei er søstrer. Alle er i familie, seier ekteparet. I tillegg har dei ein hund og ein katt. Barna har vakse opp med både hestar og sauer.

– No er det litt rolegare her, og det er berre minstemann som bur her. Slik har det ikkje alltid vore, seier Suzanne og legg til:

– Vi hadde snakka om det og tenkt tanken om å bli fosterforeldre før vi gifta oss. Det var heilt naturleg for oss, spesielt sidan eg sjølv har vakse opp i ein heim som har hjelpt mange barn i krise, seier Suzanne.

Korleis bli fosterheimar? Les om prosessen

– Så når moglegheita brått var der og det i tillegg var i eigen familie, kasta vi oss ut i det. Barna som kom til oss, var litt lengre ut i familien og vi har alltid kjent dei, og foreldra hadde sjølv eit ønske om at barna skulle bu hos oss. Det kjendest veldig godt. Men, det er viktig å presisere at ein skal ikkje undervurdere den smerta foreldre har og ha respekt for ho, seier ho.

Eit familieprosjekt

Robert og Suzanne trekkjer fram den gode støtta og opplæringa dei fekk frå barnevernstenesta og Bufetat, og nemner familieråd som eit viktig tiltak for å lykkast.

– Vi er evig takksame for å ha hatt tett oppfølging og at gode råd berre har vore ein telefon unna. Vi fekk hjelp til å setje i verk familieråd og heile familien har bidrege. Alt frå ei tante som bakte med barna og ein bestefar som henta og følgde på fritidsaktivitetar. Det gjorde at vi hadde høve til å innimellom trekkje oss litt tilbake, fortel dei.

En mann og en kvinne står sammen utenfor en låve

Familien tok imot all hjelp og råd dei kunne få i starten, og seier at god oppfølging er heilt avgjerande.

– Vi ser tilbake på alle fantastiske menneske vi har møtt, rett og slett supermenneske. Det hadde aldri gått utan den hjelpa vi har fått. Eg hugsar ein gong då det var litt tøft og Cecilie frå barnevernet sa til oss: «De er ikkje superheltar i ein superheim, men eit heilt normalt heim, og det grunnlaget er godt nok». Det betydde mykje, seier Robert.

– Det verste som kan skje eit barn

– Det første vi starta å jobbe med, var å få lojalitetskonflikten ned. Det er det vondaste eit barn kan oppleve, det å stå i ein lojalitetskonflikt mellom oss som fosterforeldre og foreldra sine. Vi prøvde å gjere overgangen så mjuk som mogleg med tolmod, tid og mykje kjærleik. Det tek tid å forstå at vi ikkje er fienden, men er der for barna og vil dei det beste.

Korleis handterte deira eigne barn dette?

– Dette var eg mest bekymra for. Eg hadde ikkje takla det om det hadde gått ut over dei. Dei var med på laget vårt frå første stund og vi snakka med dei i forkant om den store avgjerda. Det var litt krangling og sjalusi i starten, men det gjekk seg til. Alle skulle finne sin plass.

Kva råd vil du gi til dei som vurderer å bli fosterforeldre?

– Ein må berekne energibruken over tid. Det kjem til å ta energi og det må ein vere klar over. Det er òg viktig å vere klar over triggerar hos seg sjølv. Plutseleg møter ein seg sjølv i døra på ting som har skjedd i eigen barndom. Det har eg ikkje høyrt så mykje snakk om, men det tenkjer eg er særs viktig. Det er viktig å vere tydeleg og medvite og ta imot all hjelp ein kan få, fortel Robert.

Er det ein augneblink du tenkjer tilbake på og du tenkjer at “det er så verd det”?

– Ja, det er mange slike augneblinkar, men eg hugsar spesielt eitt. Eg var i bilen med den yngste søstera som flytta til oss. Ho spurde meg kva eg ville gjort annleis viss eg fekk leve livet om igjen. Eg sa: “Eg veit ikkje, hadde du gjort noko annleis?” Ho var så liten, og då sa ho: “Eg hadde ikkje brukt så mykje tid på å hate deg”.

Eg hadde berre lyst til å gråte. Det var eit “wow-øyeblikk”. Og når alle fem barna sit rundt bordet og det er god stemning og latter, det er lønna vår det. Barna skal alltid ha kvarandre og vi er så glade i dei, fortel ei rørt Suzanne.

Ein kulturell og samansveisa familie

Suzanne har skrive og gitt ut ein eigen song, «Fosterchild» (ekstern lenkje), som er ei hyllest til alle barn og unge i fosterheimar og fosterforeldre.

– Det er ei blanding av min og barnas historie. Det eldste barnet som bur hos oss som fosterheimar hadde skrive ei bønn og det var dei vesle hjartesukkane hennar. Då var ho ni år. Det er inspirasjonen til denne songen. Tanken bak songen er å gi håp til barn som bur i fosterheimar og familiane deira. Det blir betre, berre ein gir det tid, avsluttar ho.

Les meir om fosterheimar

Kontakt oss

Skriv inn postnummeret ditt for å finne din nærmeste fosterhjemstjeneste

Oversikt over fosterhjemstjenestene
To smilende damer med fosterhjem-t-skjorter

Ønsker du mer informasjon om det å bli fosterhjem, benytter du dette skjemaet. En rådgiver i fosterhjemstjenesten vil kontakte deg så snart som mulig. Du må fylle ut alle felt.

Personvernerklæring (åpnes i ny fane)

Informasjonsmøter

Uforpliktende møter hvor du får vite mer om det å bli fosterhjem