Her får du en oversikt over hvordan arbeidet i rådet for personer med funksjonsnedsettelse kan foregå.
Rådene har en viktig funksjon for å realisere Regjeringens strategi om et samfunn for alle (pdf) på kommune- og fylkesnivå. Rådene jobber som regel først og fremst med hovedområdene
- likestilling
- tilgang til tjenester
- universell utforming
Korleis ta opp ei sak i rådet?
Som rådsmedlem kan du ta opp saker som er relevante for situasjonen til personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen. Ta kontakt med leiaren av rådet, og diskuter om saka kan takast opp på eit kommande møte i rådet.
Innkalling til møtet skal sendast til medlemmene med rimeleg varsel, bestemmer kommunelova. Kravet om at innkallinga må vere send med rimeleg varsel betyr at innkallinga skal sendast så tidleg at medlemmene kan innrette seg etter dette tidspunktet eller sørge for at varamedlemmene blir varsla tidsnok til å møte. Medlemmene må bli varsla om møtetidspunktet så tidleg at dei får tid til å sette seg inn i sakene før møtet.
Korleis kan rådet påvirke?
Rådene skal kvart år utarbeide årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret eller fylkestinget. Årsmeldinga kan f.eks. innehalde oversikt over medlemmer, mandat og kva saker rådet har behandla i løpet av året som har gått, i tillegg til ei oppsummering av fråsegnene til rådet.
Årsmeldinga kan brukast til å synleggjere sakene rådet har fått gjennomslag for. Samtidig kan meldinga rette søkelyset på saker som framleis står uløyst og som kommunen eller fylkeskommunen bør jobbe vidare med.
Mange råd skriv korte årsmeldingar som ofte gir avgrensa informasjon, men det vil ofte vere fordelaktig å legge litt meir arbeid i årsmeldinga. Det kan øke rådets moglegheit til å påverke.
Rådet bør etablere ei ordning med faste årlege møte med ordføraren, for eksempel to gonger i året.
Nær kontakt med politisk leiing, aukar også moglegheita for gjennomslag for synspunkta til rådet. Dersom eitt av medlemmene av rådet er politikar, vil det styrke moglegheita til kontakt både mellom ordførar, kommunestyre/fylkesting og andre kommunale utval.
Rådet bør invitere personar frå administrasjonen i kommunen eller fylkeskommunen for å utveksle informasjon i viktige saker og å gi innspel direkte. Dette er ein god arbeidsmetode for å vere med å påverke før sakene er ferdig utgreidde og klare for vedtak i kommunestyret eller fylkestinget.
Møta mellom rådene og administrasjonen bør følgast opp med skriftlege innspel etterpå. Slik unngår ein uklarleik om synspunkta til rådet.
Kommunestyret eller fylkestinget har moglegheit til å gi rådsmedlemmer møte- og talerett i kommunestyre- og fylkestingsmøte og møter i andre folkevalde organ.
Dette vil synleggjere rådet i organa/ tilkommunen fylkeskommunen og sannsynlegvis gi auka gjennomslag for saker som er viktige for livssituasjonen til funksjonshemma.
Talerett kan, som eit eksempel, blir brukt til å presentere årsmeldinga til rådet for kommunestyret.
- I Ørland kommune har representanter fra kommunalt råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne møte- og talerett i kommunestyret i de sakene som rådet har behandlet – se Politisk delegeringsreglement pkt .5.3.
- I Alstahaug kommune har leder, eller annet medlem av Råd for personer med funksjonsnedsettelse, møte- og talerett i kommunestyret, formannskapet og planutvalg i saker som angår dem. I tillegg har rådet mulighet for inntil fem minutter i starten av kommunestyremøter for å redegjøre om saker de ønsker å si noe om. Ordfører og rådmann har møte- og talerett i rådets møter. Se Reglement for råd for personer med funksjonsnedsettelse §6 Møte- og talerett.
- I Ibestad kommune har rådet møte og talerett når saker som er viktige for personer med nedsatt funksjonsevne behandles i politiske fora. Rådet kan også selv ta opp saker som angår denne gruppen i kommunen, og kan delta i brukerutvalg, referansegrupper (tilsvarende) med leder eller den rådet bemyndiger – se Mandat - råd for personer med nedsatt funksjonsevne i Ibestad kommune
Korleis organisere rådsmøta
Det er opp til rådet sjølv å bestemme kor ofte det skal ha møte, blant anna vurdert ut ifra mengda saker rådet har på arbeidsplanen i den perioden rådet er valt.
Rådet skal ha møte dersom minst eitt av vilkåra under er oppfylt (kommunelova § 11-2):
- Rådet sjølv, kommunestyret eller fylkestinget vedtek det
- Leiaren av rådet meiner det er nødvendig
- Minst 1/3av medlemmene krev det
Opne møter betyr at einkvar som ønsker det, kan vere til stades. Personar som ønsker å vere til stades, har likevel ikkje rett til å ta ordet eller avbryte og forstyrre møtt.
Det er vanleg at møta blir haldne i lokala til kommunen.
Leiaren av rådet har det formelle ansvaret for å sette opp ei saksliste for kvart enkelt møte.
Leiaren bør ha kontakt med sekretæren for rådet for å diskutere saker som skal opp på rådsmøta. Dei kan samarbeide om å utforme saksdokumenta. Sekretæren/koordinatoren sender saksdokumenta til medlemmene av rådet i god tid før møtet finner stad.
Rådet går gjennom sakene på møtte og prøver i størst mogeleg grad å bli einig om ei felles fråsegn. Nokre gonger vil representantar for kommuneadministrasjonen delta for å orientere om saker.
Samarbeid med andre råd
Mange fylkeskommunar arrangerer årlege samlingar for dei kommunale råda i fylket. Det er viktig at rådet er representert her for å få informasjon om aktuelle tema. Samlingane gir også moglegheiter til å knyte kontaktar, utveksle erfaringar og eventuelt etablere varig samarbeid med råd i andre kommunar.
Samarbeid med organisasjonar
Rådet bør innhente synspunkt og diskutere saker rådet bør arbeide med, frå organisasjonane for personar med funksjonsnedsetting. Dialog og samhandling er viktig for å kunne ta felles initiativ der det er naturleg, for eksempel overfor mediet. Rådet er likevel ikkje eit direkte talerøyr for organisasjonane.
Innhente kunnskap om lokalsamfunnet
Det er viktig at råda skaffar seg kunnskap om sitasjonen for innbyggarane i kommunen eller fylkeskommunen med funksjonsnedsetting, for eksempel:
Er personar med funksjonsnedsetting fornøgde med dei helse- og sosialtenestene kommunen yter?
Korleis er situasjonen for funksjonshemma elevar?
Blir funksjonshemma fullt ut inkludert i ordinære skolar og klassar?
Her vil kommunemonitoren til Bufdir kunne vere til hjelp.
Lage årsmelding
Rådet skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret eller fylkestinget.
Mange råd skriv korte årsmeldingar som ofte gir avgrensa informasjon, men det vil ofte vere fordelaktig å legge litt meir arbeid i årsmeldinga. Årsmeldinga vil f.eks. kunne innehalde oversikt over medlemmer, mandat og kva saker rådet har behandla i løpet av året som har gått, i tillegg til ei oppsummering av fråsegnene til rådet.
Kjenne til likestillings- og diskrimineringsloven
Rettane til personar med funksjonsnedsetting er :beskyttet i fleire lovar. Ein viktig lov er likestillings- og diskrimineringsloven (Lovdata). Råda bør ha kjennskap til dei viktigaste avgjerdene i loven.