Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Søkje om tilskot

Søknadsfrist for tilskot i 2024: 15. september 2023

Beløp: Løyvinga til driftstilskot blir først avklart etter at Stortinget har vedteke statsbudsjettet for 2024.

Regelverk: Forskrift om tilskot til funksjonshemma sine organisasjonar

Frivillige og demokratiske landsomfattande organisasjonar av og for personar med funksjonsnedsetting kan søkje om tilskot.

Alle søkare må tilfredsstille inngangskrava i §14 i forskrifta. Det finst unntak for organisasjonar som organiserer personar med sjeldan diagnose i forskrifta § 15.

Søkarar som ikkje lenger tilfredsstiller inngangskrava i ordninga (minst 250 medlemmar og/eller medlemmar i minst fire fylke), og som heller ikkje kan søka unntak på grunnlag av at ein organiserer ein sjeldan diagnose, kan i staden søka om utfasingstilskot. Sjå forskrifta § 25.

De kan søkje om driftstilskot. Driftstilskot skal gå til oppgåver som normalt er ein del av den interne og eksterne kjerneverksemda i organisasjonen i samsvar med vedtekter, føremål og aktivitetsplan.

Målgruppa for tilskotsordninga er frivillige og demokratiske organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting som baserer seg på individuelt medlemskap, og som jobbar mot diskriminering og for likestilling av personar med funksjonsnedsettingar.

Formålet med tilskotsordninga er å leggja til rette for at medlemmane i organisasjonen kan delta, og at organisasjonane kan drive interessepolitisk arbeid, likepersonsarbeid og gje eit tilbod til eigne medlemmar.

Søk om tilskot ved å fylle ut og sende inn skjema i Bufdir sin søknadsportal.

Ha nødvendige vedlegg klare til opplasting når de set i gang søknadsutfyllinga.

Vedlegg til søknad

For alle søkjarar:
  • Årsrekneskap for grunnlagsåret med revisjonsmelding. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmelding for grunnlagsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter. Dersom desse er endra sidan sist søknad skal vedtektsendringar vere tydeleg markerte i dokumentet.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldinga under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.
For nye søkjarar:
  • Årsrekneskap med revisjonsmelding for dei to siste åra før søknadsåret. I tillegg må det leggast ved eit årsrekneskap spesifisert på kontonivå (etter den kontoplanen som blir brukt – ta kontakt med oss dersom de ikkje fører rekneskap etter ein standard kontoplan).
  • Årsmeldinga for det to siste åra før søknadsåret. Årsmeldinga skal som minimum skildra aktivitetane og drifta i året før grunnlagsåret og skal normalt vere styret si årsmelding.
  • Gjeldande vedtekter for organisasjonen.
  • Skildring av det interessepolitiske arbeidet til organisasjonen i grunnlagsåret. Dersom dette er skildra i årsmeldingane under overskrifta «Interessepolitisk arbeid», er det ikkje naudsynt å leggja dette ved separat.

Kven skal sende inn søknaden

Dagleg leiar eller styreleiar i organisasjonen, eventuelt ein annan person styret har gjeve fullmakt (dagleg leiar eller styreleiar må i så fall signera eit fullmaktsskjema som må lastast opp saman med søknaden, slik at ein følgjer signaturreglane etter forskrifta). Sjå forskrifta § 28. Skjemaet finn de under "malar, skjema og andre tips".

Dersom ein annan enn styreleiar eller dagleg leiar sender inn søknaden i søknadsportalen, skal det leggjast ved fullmakt. Nedanfor er eit standardskjema for slik fullmakt.

Du kan gjerne nytte eige skjema eller oppsett - men dette må då innehalde dei same opplysningane som malen gjer: Namn på den som får fullmakta, namn (og gjerne organisasjonsnummer) på organisasjonen og dato og signatur frå den som gjev fullmakta (dagleg leiar eller styreleiar).

ADHD Norge, i samarbeid med FFO og Dysleksi Norge, har utarbeida to korte animasjonsfilmar som handlar om likepersonsarbeid:

Bufdir anbefaler desse for organisasjonar som vil ha informasjon om temane.

Når søknadsfristen går ut, vil vi setje i gang med saksbehandlinga. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for korreksjonar og ettersendingar.

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga i februar månad, og at tilskots- og avslagsbrev og utbetaling vil kunne sendast ut i slutten av februar. Dette vil likevel kunne variere noko frå år til år.

Høve til å klage

Det vil følgje med informasjon om korleis de kan klage på vedtak i vedtaksbrevet de får. Normalt er klagefristen tre veker frå dagen de får brevet.

Ekspertutvalet er oppnemnt av Bufdir og skal hjelpe med råd i saksbehandlinga av tilskotsrett for nye søkjarar i ordninga og vurderingar av gruppeplassering.

Protokollar frå møter i utvalet finst på «einnsyn.no».

Samansetning:

  • Leiar: Inger Huseby, pensjonist, tidl. seniorrådgjevar i Helsedirektoratet
  • Nestleiar: Kari Grimholt, rådgjevar, Direktoratet for e-helse, tidl. rådgiver i Bufdir
  • Medlemmar:
    • Stein Are Aksnes, avdelingsleiar Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser
    • Terje Dalen, seniorrådgjevar Stadped
    • Kristin Benestad, rådgjevar, Cerebral Parese-foreningen
    • Roar Råken, organisasjonssjef Hørselshemmedes Landsforbund
    • Hedvig Ekberg, generalsekretær Norsk Forbund for utviklingshemmede
    • Annika Fallsen Huhtala, daglig leiar Ung Kreft
  • Vara:
    • Kim Berge, seniorrådgjevar/nestleiar NAKU - Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming
    • Mari Øvergaard, generalsekretær Psoriasis- og eksemforbundet
    • Adrian Kjølø Tollefsen, generalsekretær Mental Helse Ungdom
    • Janne Skei, dagleg leiar SAFO

Rapportering

Det er inga særskilt rapportering på denne ordninga då rapporteringa utgjer ein del av sjølve søknaden. Rapporteringsfrist er dermed det same som søknadsfristen.

Rapporteringa skal leggjast ved søknaden og består av årsmelding og årsrekneskap til organisasjonane. Årsrekneskapen skal leverast med revisjonsmelding frå statsautorisert revisor. Rekneskapen må vere spesifisert slik at det går fram at tilskotet er nytta etter føresetnadene.

Kven har fått tilskot?

Alle organisasjonar i tilskotsordninga får utbetalt tilskotet i to delar, ein del i februar/mars, ein del i juni.

Totalt har 132 organisasjonar fått tildelt midlar, ein av desse er to nye organisasjonar som ikkje mottok tilskot i 2022.

Funksjonshemma sine organisasjonar - oversikt over foreløpig tilskot 2023

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 18 400 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 330 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 530 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 750 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 8 200 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 2 010 000

Alle organisasjonar i tilskotsordninga har fått utbetalt tilskotet i to delar, ein del i februar/mars, ein del i juni.

Totalt har 134 organisasjonar fått tildelt midlar, ein av desse er ein ny organisasjon som ikkje mottok tilskot i 2021.

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 17 880 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 290 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 430 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 735 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 990 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 950 000

Alle organisasjonar i tilskotsordninga har fått utbetalt tilskotet i tre delar, ein del i februar, ein del i juni/juli og siste del i september.

Totalt har 133 organisasjonar fått tildelt midlar, to av desse er nye organisasjoner som ikkje mottok tilskot i 2020.

Funksjonshemma sine organisasjoner - oversikt over tilskot 2021

Funksjonshemma sine organisasjoner - poengfordeling 2021

I tillegg har Bufdir utbetalt driftstilskot etter § 42 (paraplyorganisasjonar), § 43 (døvblinde sine organisasjonar) og § 44 (stiftelsar) i forskrifta for tilskotsordninga. Tildelingane her har vore følgande:

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (§ 42): kr 18 085 000
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (§ 42): kr 1 300 000
  • Foreningen Norges døvblinde (§ 43): kr 3 470 000
  • Landsforeningen for kombinert Syns- og Hørselshemmede/Døvblinde (§ 43): kr 725 000
  • Stiftelsen Klar Tale (§ 44): kr 7 970 000
  • Stiftelsen SOR (§ 44): kr 1 895 000

Kontakt

Sakshandsamarar

Maren Hillestad Kinn
E-post: marenhillestad.kinn@bufdir.no
Telefon: 466 16 033

Karoline Paulen (permisjon)

Ida Sophie Kaasa (permisjon)

Tilskotsavdelinga

E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580