Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Nasjonale og internasjonale forpliktingar

Likestillings- og diskrimineringslova

Formålet med likestillings- og diskrimineringslova er å fremje likestilling, sikre like moglegheiter og rettar og å hindre diskriminering. Lova gjeld på alle samfunnsområde.

Lova forbyr både direkte og indirekte diskriminering på grunn av etnisitet (under dette nasjonalt opphav, avstamming, hudfarge, språk), religion og livssyn. Lova forbyr òg diskriminering som har koplingar til etnisitet, religion og/eller livssyn og andre grunnlag, som til dømes kjønn, seksualitet og funksjonsnedsetjing.

Plikt til aktivt likestillingsarbeid

Likestillings- og diskrimineringslova har eit kapittel om aktivt likestillingsarbeid. Både offentlege styresmakter, arbeidsgivarar og organisasjonane i arbeidslivet har plikter til å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering. I tillegg skal dei gjere greie for dette arbeidet. Dette blir kalla aktivitets- og forklaringspliktene.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) gir rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald. Ombodet følgjer òg opp aktivitets- og forklaringspliktene.

Diskrimineringsnemnda handhevar diskrimineringsforboda i lovverket.

FN sin konvensjon mot rasediskriminering

FN sin konvensjon om avskaffing av alle former for rasediskriminering forbyr diskriminering på grunn av rase, hudfarge, avstamming eller nasjonalt eller etnisk opphav.

Konvensjonen blei vedteken 21. desember 1965 og tredde i kraft i januar 1969. Det er den første, og viktigaste internasjonale konvensjonen mot rasisme og diskriminering. Noreg ratifiserte konvensjonen 6. august 1970, utan atterhald.

Konvensjonen er inkorporert i norsk lov gjennom likestillings- og diskrimineringslova. Det er FN sin rasediskrimineringskomité som overvaker korleis statane gjennomfører konvensjonen.

I tillegg til rasediskrimineringskonvensjonen, er mellom anna desse FN-dokumenta relevante:

  • konvensjon om sivile og politiske rettar
  • konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar
  • barnekonvensjon
  • erklæring om minoritetars rettar