Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Mange ulesne bekymringsmeldingar frå politiet

Som følgje av at politidistrikta har brukt feil teknisk løysing til å sende bekymringsmeldingar til barnevernstenester og kommunar, er mange meldingar ulesne. Politiet og andre jobbar for å avdekkje omfanget og gå gjennom meldingane.

Publisert

Innholdet kan være utdatert

Politidistrikta har brukt ei løysing knytt til Altinn til å sende eit ukjent tal bekymringsmeldingar til barnevernstenestene og kommunane i staden for Websak, slik rutinen er. På grunn av svikt i kommunikasjonen mellom politiet og mottakarane har ikkje mottakarane fått vite om at dei har fått slike meldingar i Altinn, og meldingane har dermed lege uopna.

Politiet og Digitaliseringsdirektoratet set i gang strakstiltak saman med kommunane for å få oversikt over kor mange meldingar det gjeld og innhaldet i dei. Bufdir er bekymra for det som har skjedd og følgjer med på utviklinga.

– Politidistrikta skal følgje opp kvar enkelt kommune og sørgje for at dei får tilgang til meldingar som er sende same kor gamle dei er. Det er derfor viktig at kommunane er i god dialog med politidistriktet sitt slik at konsekvensane for sårbare barn, unge og familiar blir så små som mogleg, seier Harald Hegerberg, divisjonsdirektør for strategi og utvikling.

Meir informasjon om saka finn du på digdir.no