Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Guide: Gratis tiltak for ein lhbt-inkluderande kommune

Denne guiden gjev deg ei oversikt over tiltak kommunen din kan setje i verk gratis, for å auke inkludering og likestilling når det kjem til seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk i din kommune.

Kommunikasjon

Sjølv når ein kommune ikkje set i verk konkrete tiltak spesifikt for lhbt-personar, er det likevel mogleg å vise at ein tek lhbt-saker på alvor, blant anna gjennom kommunikasjonsarbeid. Her er nokre døme:

  • Eit godt tips er å inkludere bilete av homofile eller lesbiske par, ein transperson eller eit bilete frå eit lhbt-arrangement på kommunen si heimeside. I denne samanhengen er det viktig å hugse at lhbt-personar også kan ha etnisk minoritetsbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Bruken av slike bilete bidreg til at lhbt-personar kjenner seg inkluderte og gjev ein indikasjon på kommunen si støtte overfor lhbt-personar.
  • Kommunen kan lage ei eiga lhbt-side på kommunen sine nettsider. Denne sida kan lenkje til lhbt-nyhende, forskingsrapportar, lokale lhbt-organisasjonar og når desse organisasjonane har arrangement.
  • Under lhbt-merkedagar kan ein henge opp regnbogeflagg på offentlege stader. Til dømes på Den internasjonale Bisynlegheitsdagen (23. september), Den nasjonale kome ut-dagen (11. oktober) og Den internasjonale transminnedagen (20. november). Dersom ein lokal organisasjon ønskjer å ha eit arrangement under ein slik merkedag, kan ein tilby ein stad eller eit lokale til arrangementet.
  • Bruk gjerne dei digitale ressursane kommunen har til å spreie lhbt-relaterte nyhende (Facebook, LinkedIn, Twitter etc.).

Undersøkingar og deltaking

Fleire kommunar utfører jamleg ulike tiltak for å kartleggje levekår eller behov i befolkninga gjennom blant anna spørjeundersøkingar. Sjølv om spørjeundersøkingar kan vere kostbare, bruker alt fleire kommunar midlar på nettopp dette. Det krev sjeldan ekstra midlar å inkludere spørsmål om seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

  • Inkluder spørsmål om seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet i befolknings- eller arbeidsundersøkingar. LHBT-senteret i Bufdir og andre organisasjonar kan gje gratis råd om relevante spørsmål og tema å inkludere. Vi kan kanskje ofte tenkje at eksplisitte spørsmål omkring seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk kan verke for private for respondentane. Dette er likevel sjeldan tilfellet, og ved å inkludere slike spørsmål kjenner lhbt-personar seg sette og inkluderte. Når vi stiller spørsmål omkring desse temaa, er det viktig at de som svarer, kan velje å vere anonyme og at ein varetek personvernomsyn.
  • I møte med innbyggjarar, syt for at enkeltpersonar eller grupper sine interesser er representerte.
  • Arranger årlege eller jamlege møte med lokale lhbt-organisasjonar dersom dei finst. Dersom det ikkje er eit aktivt lokallag i kommunen, inviter ein representant frå næraste lokallag i fylket. Dei vil truleg vite om det er medlemer i din kommune. I møte med organisasjonane, spør kva dei meiner kommunen kan gjere for sine lhbt-innbyggjarar.

Set gode døme i kommunen

Kommunepolitikarar og kommuneadministrasjonen er sett saman av, og arbeider for, innbyggjarar i kommunen. Dette vil seie at politikarar og offentlege tenestemenn har ansvar for å setje gode døme når det kjem til å vareta mangfaldet i kommunen. Særleg ordføraren og rådmannen har høve til å påverke haldningar og kultur i kommunen. Også på ein negativ måte, blant anna ved å ignorere lhbt-personar eller uttrykkje fordomsfulle eller hatefulle ytringar. Leiande personar i kommunen kan påverke positivt ved å understreke verdien av openheit, respekt, fellesskap og mangfald. Her er nokre tips for å bidra til dette:

  • Vis eit ope og inkluderande syn overfor mangfaldet av innbyggjarane, med ei særleg merksemd mot ulike minoritetar. Kvar gong vi ikkje klarer å inkludere enkelte grupper, risikerer vi at personar kjenner seg ekskluderte.
  • Delta på lhbt-arrangement eller opne møte i lhbt-organisasjonar.
  • Hald ein tale under ein lhbt-merkedag og framhev inkludering, fellesskap og mangfald.
  • Framhev at politikarar burde vere medvitne om lhbt-tematikk og mangfald generelt.

Set gode døme som arbeidsgjevar

Kommunar har ikkje berre ansvar for innbyggjarane sine, men også eigne tilsette. Det er lurt å vurdere eigen mangfalds- og inkluderingspolitikk, og om han er oppdatert. Å ha ein god mangfalds- og inkluderingspolitikk bidreg til at kommunen din set eit godt døme.

  • Få tilsette i leiarposisjonar til å gå føre med gode døme. Oppfordre dei til å stø mangfald og inkludering.
  • Oppfordre til inkludering og openheit.
  • Kontroller at det finst prosedyrar for effektiv handtering av konfliktar eller klagar på arbeidsplassar, og at tilsette har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Forsikre om at HR-ansvarlege og rådgjevarar veit korleis dei skal handtere klagar frå lhbt-tilsette på ein god måte.
  • Inkluder spørsmål om seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet i medarbeidarundersøkingar.

Utdanning

Skule og utdanning er arenaer der barn og unge blir opplærte i gode verdiar. Skule og utdanning har også som regel ein viktig funksjon og ein sentral plass i lokalsamfunnet. Forholdet mellom kommune og skule/skular opnar for høvet til å inkludere seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet i fellesaktivitetar, utan at dette medfører ekstra kostnader.

  • I møte med rektor(ar) på skulen/skulane, gje informasjon om korleis seksuell orientering, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet skal innlemmast i skulane og korleis de kan vareta tryggleik hos lhbt-elevar.
  • Nytt Rosa kompetanse skole eller Skeiv ungdom sitt RESTART-program for å kompetanseheve lærarar og elevar.

Trygge offentlege rom

Trygge offentlege rom femnar alle innbyggjarar i ein kommune. Innanfor dei generelle tryggingstiltaka dei kommunale etatane har ansvar for, er det mange moglege måtar å beskytte lhbt-personar mot vald og diskriminering på.

  • Gje politiet tilrådingar om korleis dei på riktig måte kan vareta og beskytte møteplassar for lhbt-personar.
  • Set lhbt-tematikk på agendaen under dialogmøte mellom kommunen og politiet. Inviter støtte- og krisesenter og lhbt-organisasjonar til desse møta for rådgjeving og for å sikre gode samarbeid mellom partane.

Idrett, kultur og fritid

Idrett, kultur og fritid er felt som vanlegvis får midlar frå kommunen. Som kommune kan de derfor sikre at LHBT blir inkludert innanfor desse områda.

  • Ta kontakt med lokale idrettslag for å høyre om dei har spesifikke retningslinjer for inkludering og ikkje-diskriminering.
  • Oppfordre idrettslag til å ta stilling mot rasistiske, homofobiske og transfobiske ytringar. T.d. dersom publikum under idrettsarrangement skulle kome med slike ytringar, burde kommunen og idrettslaga slå ned på dette.
  • Dersom det finst eit lokalt initiativ blant innbyggjarane for å etablere eigne idrettslag for lhbt-personar, vis støtta dykkar ved å tilby treningsfasilitetar eller øvingslokale.

Helse

Kommunen har ansvar for å vareta helsa til lhbt-innbyggjarane sine. Dette gjer de ved å:

  • Sjå til at kommunen sine heimesider informerer om kvar det er mogleg å teste seg for hiv og andre seksuelt overførbare infeksjonar.
  • Dersom kommunen sjølv er ansvarleg for testing av seksuelt overførbare infeksjonar, syt for at møteplassar for lhbt-personar er utstyrte med informasjon om sikker sex og kvar det er mogleg å teste seg for hiv og andre seksuelt overførbare infeksjonar.
  • Syt for at helsepersonell i kommunen veit korleis dei skal vareta seksualitets- og kjønnsmangfald.
  • Dersom det er midlar til det, er det mogleg å ta kontakt med Rosa kompetanse for å kompetanseheve helsepersonell.

Denne saka er ein omsett og redigert versjon av ein informasjonsartikkel, skriven av det nederlandske LHBT-senteret Movisie.

Kreative idear?

Har du idear til korleis kommunen din kan setje i verk gratis tiltak for lhbt-personar? Send dei til LHBT-senteret, så tek vi dei gjerne med i denne oversikta.