Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Om Foreldrekvardag

Foreldrekvardag er eit tilbod frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til alle foreldre med barn frå 0-18 år.

Foreldrekvardag hjelper deg å forstå og kommunisere betre med barnet ditt ved å

  • lære deg korleis barn utviklar seg og kva dei treng
  • gjere deg meir medviten og trygg i foreldrerolla
  • gi deg trygge og kvalitetssikra råd

Foreldrekvardag er artiklar, filmar og podkast om tema som foreldre møter i kvardagen. Du finn oss også på Facebook.

Du kjenner barnet best

Foreldrekvardag prøver ikkje å bestemme korleis du skal ha det saman med barnet ditt, men tek utgangspunkt i at du sjølv kjenner barnet ditt og familiesituasjonen din best.

Ved å tenkje over kva du ønskjer for barnet ditt, kva du synest er viktig å lære bort og kva du har med frå din eigen oppvekst og kultur, kan du lære å sjå deg sjølv utanfrå, samtidig som du ser barnet ditt innanfrå.

Utvikla saman med foreldre og fagpersonar

Foreldrekvardag er inspirert av International Child Development Programme (ICDP). Dette er eit gruppetilbod som er utvikla for å støtte foreldre i samspelet med barna sine.

Foreldrekvardag blir laga i samarbeid med erfarne fagpersonar og foreldre. I tillegg til ICDP, byggjer Foreldrekvardag på oppdatert kunnskap om barns utvikling.

Verdigrunnlaget til Foreldrehverdag.no er basert på FNs barnekonvensjon. Den slår fast at barn har rett til vern, deltaking og til å få dekt grunnleggjande behov.

Meir om grunnlaget

Forskningsbasert

Foreldrekvardag er basert på forskning innanfor fleire område:

  • kulturforståing
  • barn si utvikling, samspel og tilknyting
  • nevrobiologi
  • formidlingsteori

Kulturforståing

Barns grunnleggande behov (til dømes behov for kjærleik) er dei samme i alle kulturar, men utrykkast og møtast på forskjellige måtar. Som foreldre blir vi påvirka av dei førestellingane om barn som er typiske for den tida og kulturen vi lever i. Det kan gi utslag i korleis vi vel å oppdra barna våre.

Barn si utvikling, samspel og tilknytning

Barn er født sosiale, og søker kontakt og utveksling med andre heilt frå dei er født. Foreldrekvardag ønskjer å støtte, forsterke og vidareutvikle samspelet som allereie finnast mellom foreldra og barnet.

Her kan du lese meir om ulike måtar å vise barnet ditt kjærleik på.

Nevrobiologi

Nevrobiologisk forskning understrekar at hjernen ikkje er ferdigutvikla ved fødselen, men er det vi kallar bruksavhengig. Erfaringane barnet gjer seg, særleg de iførste åra, påverker kva for nervebaner i hjernen som blir forsterka og kva som som kan forsvinne.

Eit godt samspel mellom barnet og foreldra, eller ein annan omsorgsgjevar, aktiverer det biologiske fundamentet barnet er kome til verda med, slik at dette kan gi vekst og tilknytning.

Nevrobiologisk forskning har også vist at tidleg erfaring har tyding for barnet sin forutsetnad for å handtere eigne kjensler og reaksjonar (sjølvregulering). Utvikling av barnet si sjølvregulering er i starten avhengig av regulering frå ein omsorgsperson. Dette startar frå barnet sin første dag, når foreldra gir barnet mat eller hjelper det med å sovne (tilstandsregulering). Barn treng reguleringsstøtte i varierande grad gjennom oppveksten, vanlegvis til langt opp i 20-årene.

Formidlingsteori

Foreldre gjev ikkje barnet berre fysisk og emosjonell tryggleik. Dei har også ei pedagogisk rettleiande rolle, og formidlar kunnskap tilpassa barnet sitt utviklingsnivå. Barnet får støtte frå foreldra for å forstå blant anna sosiale og kulturelle normer slik at barnet blir i stand til å delta i felleskapet.