Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Ver varsam-plakaten har ei eiga føresegn om omtale av barn. Denne blei teken inn under revidering av dei presseetiske reglane i 1987, og er ytterlegare skjerpa ved nyare revideringar. Punktet lyder:

4.8. Når barn blir omtalte, er det god presseskikk å ta omsyn til kva konsekvensar medieomtalen kan få for barnet. Dette gjeld òg når føresette har gitt sitt samtykke til eksponering. Barns identitet skal som hovudregel ikkje blir røpt i familietvistar, barnevernssaker eller rettssaker.

Ver varsam-plakaten inneheld òg andre punkt som er særleg relevante ved omtale av barnevernssaker:

3.2. Ver kritisk i val av kjelder
3.9. Opptre omsynsfullt i den journalistiske arbeidsprosessen
4.14. Dei som blir utsette for sterke skuldingar
4.15. Dei som har blitt utsett for angrep