Kva er ein grunnmodell for hjelpetiltak?
Det går føre seg mykje viktig og godt arbeid med hjelpetiltak i barnevernstenestene i Noreg. Samtidig har forsking og tilsyn over tid vist at det kan vere svak samanheng mellom dei utfordringane som bekymringsmeldingar peikar på og/eller som undersøkingar har avdekt, og dei konkrete tiltaka som blir tilbodne kvart enkelt barn, ungdom eller familie. Nokre barnevernstenester har eit stort og mangfaldig tilbod av ulike tiltak, medan andre har færre alternativ å velje mellom. Det er stor variasjon i korleis tiltak blir valde, blir følgde opp og blir evaluerte.
Grunnmodell for hjelpetiltak er eit utviklingsarbeid med mål om å lage ein modell for korleis barnevernstenester kan arbeide systematisk med hjelpetiltak for barn, ungdom og familiar. Modellen skal vere grunnleggjande, og ikkje erstatte kunnskapsbaserte tiltak barnevernstenester allereie tilbyr, men heller bidra med heilskapleg systematikk og struktur for arbeidet. Grunnmodellen handlar dermed mykje om prosess – kva skal til for å få til eit godt hjelpetiltaksarbeid? Samtidig vil han òg innehalde nokre nyutvikla enkelttiltak, spesialdesignet for tema vi frå forsking og praksis veit at barn, ungdom og familiar i kontakt med barnevernstenesta ofte treng hjelp og støtte med.
Sist faglig oppdatert 01. desember 2021