Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Statleg regional barnevernstyresmakt skal sørgje for at skjemaet - ”Statleg regional barnevernstyresmakts årlege oppfølging av statlege barneverninstitusjonar” - blir fylt ut av alle statlege institusjonar kvart år. Oppfølginga skal utførast på bakgrunn av utfylt skjema og annan dokumentasjon og kunnskap om institusjonen, til dømes foreliggjande institusjonsplan, rapportar frå tidlegare oppfølgingar, informasjon frå fagteama, avviksmeldingar m.v.

Rapportane frå individtilsynet frå fylkesmannen og frå siste systemrevisjon skal alltid inngå i grunnlaget for oppfølginga.2 Statleg regional barnevernstyresmakt skal på bakgrunn av opplysningar om kvar enkelt institusjon gjennomføre ei konkret vurdering av kva område og tema som skal vere gjenstand for særskild oppfølging. Endringar i institusjonen frå førre oppfølgingsbesøk skal særleg klargjerast.

Oppfølginga skal bidra til å sikre at praksisen til institusjonen er i samsvar med det som er beskrive i institusjonsplanen og utfylt skjema. Eit verkemiddel i denne samanhengen er at statleg regional barnevernstyresmakt kan gjennomføre separate samtalar med leiar, avløysar og enkelte utvalde tilsette ved institusjonen.