Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

No kan du nominere Årets ungdomskommune 2023!

Barne- og familieminister Kjersti Toppe under ungdomskonferansen 2021 i Kristiansand

Vinnaren vert kåra under den nasjonale ungdomskonferansen i Mosjøen 27.–29. august. Vinnarkommunen får 250 000 kroner.

Publisert

Innholdet kan være utdatert

No kan statsforvaltarar, kommunar, fylkeskommunar, barne- og ungdomsorganisasjonar, barne- og ungdomsråd og liknande medverknadsorgan nominere kandidatar til Årets ungdomskommune 2023.

«Årets ungdomskommune» er ein pris som vert delt ut annakvart år for å styrke moglegheitene ungdom har til å påverke lokalmiljøa sine og medverke i utforminga av kommunepolitikken.

Medverknad frå unge er ein føresetnad for god, lokal ungdomspolitikk. I brevet sitt ut til kommunane skriv Kjersti Toppe, som er barne- og familieminister, at mykje i verda har endra seg sidan Vefsn kommune vart kåra til Årets ungdomskommune i 2021. Krigen i Ukraina, større klimaendringar og energikrise gjer at mange unge kjenner meir usikkerheit rundt si eiga framtid.

«I krisetider er det ekstra viktig at vi legg til rette for at unge får delta, medverke i lokale avgjerdsprosessar, og at synspunkta deira blir høyrd og vektlagt. Vi må ta dei unge på alvor, og sjå dei som ein ressurs», skriv Toppe.

Skal styrke unge sin rett til deltaking og medverknad

Vinnarkommunen utmerkar seg med eit særleg arbeid for unge sin rett til deltaking og medverknad i kommunen deira. For å bli Årets ungdomskommune må engasjementet og synspunkta til dei unge vere synleg i prosessar og vedtak i kommunen.

For å bli kåra til Årets ungdomskommune 2023 må kommunen

  • ha eit fungerande ungdomsråd
  • ha sete av ressursar og etablert varige strukturar for å inkludere unge og ungdomsmedverknad som ein del av planane og arbeidsrutinane sine
  • ha eit godt samarbeid på tvers av etatar og tenester
  • ha tilbod og aktivitetar for ungdom som opplever utanforskap, som fell ut or skole eller arbeidsliv, eller som ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar – til dømes oppfølging av Fritidserklæringa.

Fristen for å nominere kommunar er 1. juli 2023. Send nominasjonen med grunngjeving til postmottak@bufetat.no

Les brevet frå statsråden her

Les kriteria her