Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Kvam herad er Årets ungdomskommune

Barne- og familieminister Kjersti Toppe og ungdommar på scenen

Juryen beskriv ein kommune med ein tydeleg dedikasjon for sine unge.

Publisert

Under opninga av den nasjonale ungdomskonferansen i Mosjøen kunngjorde barne- og familieminister Kjersti Toppe at Kvam herad er Årets ungdomskommune. Kvam herad får ein pris på 250 000 kroner.

— Kvam herad gjer ein strålande jobb med å ta vare på og inkludere ungdommane sine. Gratulerer så mykje til kommunen og ungdomsrådet med kåringa som Årets ungdomskommune, seier Toppe.

«Årets ungdomskommune» blir delt ut annakvart år til ein kommune som utmerkar seg i arbeidet for retten unge har til deltaking og medverknad i lokalsamfunnet. Vinnaren blir kåra under den nasjonale ungdomskonferansen, som i år blir halden i Mosjøen 27.-29. august.

Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane.

Konferansen blir arrangert av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), som i år samarbeider med vinnaren i 2021, Vefsn kommune, og ungdomsrådet i Vefsn.

«Eit sterkt og velfungerande ungdomsråd»

I grunngivinga si skriv juryen at Kvam herad har ein tydeleg dedikasjon for sine unge.

«Gjennom ei systematisk satsing på fritidsfeltet, og aktivt medverknadsarbeid, legg kommunen til rette for at barn og unge skal få oppleve at dei høyrer til i ein fellesskap», skriv juryen.

Vidare beskriv juryen ein kommune med eit sterkt og velfungerande ungdomsråd, som illustrerer at kommunen har strukturar der barn og unge har reelt høve til å bli høyrde.

Kvam herad utmerker seg gjennom det målretta arbeidet sitt på fritidsfeltet, skriv juryen. Mellom anna gjennomførte kommunen «Alle med»-dugnad i 2021, for å identifisere hindringar for deltaking blant barn og unge. Vestlandskommunen valde å føre vidare ordninga med lokalt fritidskort etter at det nasjonale pilotprosjektet vart avslutta i 2022.

Les heile grunngivinga til juryen her

Juryen består av Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid, Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Oslomet og KS.