Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Likestilling av personar med funksjonsnedsetjing

Bufdir har eit sektorovergripande ansvar for å arbeide med å fremme likestilling og hindre diskriminering av personar med funksjonsnedsetjing, og har ei koordinerande rolle på feltet.

Likestillings- og diskrimineringslova og FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) ligg til grunn for arbeidet vår.

Omgrep og definisjonar

Personar med funksjonsnedsetjing er ei stor og samansat gruppe. Alle menneske kan få ei funksjonsnedsetjing, og funksjonsnedsetjingar er eit naturleg uttrykk for menneskeleg mangfald. Nokon er fødde med ei funksjonsnedsetjing, medan andre opplever å få ei funksjonsnedsetjing på grunn av sjukdom eller skade seinare i livet. Personar med funksjonsnedsetjing er ulike, og ei funksjonsnedsetjing er på same måten som kjønn, etnisitet og seksuell orientering berre éin av mange eigenskapar ved ein person.

Bufdir bruker omgrepa «funksjonsnedsetjing» og «personar med funksjonsnedsetjing», for å tydeleggjere at funksjonsnedsetjinga er noko ein har, ikkje noko ein er. Desse omgrepa blir brukt i likestillings- og diskrimineringslova og i forarbeida til lova.

I forarbeida til likestillings- og diskrimineringslova er funksjonsnedsetjing beskrive som tap eller skade på ein kroppsdel eller i ein av kroppens funksjonar. Ein kan dele funksjonsnedsetjing inn i følgande hovudgrupper:

  • Fysiske funksjonsnedsetjingar
  • Sensoriske funksjonsnedsetjingar
  • Kognitive eller intellektuelle funksjonsnedsetjingar
  • Psykiske funksjonsnedsetjingar

Ei funksjonsnedsetjing kan for eksempel dreie seg om nedsett rørsle-, syns- eller høyrselsfunksjon, og nedsett kognitiv eller intellektuell funksjon, som utviklingshemming og autismespekterforstyrring. Funksjonsnedsetjing omfattar også psykiske lidingar som depresjon eller bipolar liding, og ulike funksjonsnedsetjingar på grunn av allergi, hjarte- eller lungesjukdomar.

I forarbeida blir det ikkje stilt krav til kor lenge funksjonsnedsetjinga har vara, eller kor alvorleg ho er, men omgrepet omfattar ikkje forbigåande eller bagatellmessige forhold som ikkje påverkar funksjonsevna i nemneverdig grad.

Kva som er årsaka til funksjonsnedsetjinga har ikkje betydning. Rusavhengigheit, overvekt og utsjåandemessige forhold er omfatta av diskrimineringsgrunnlaget funksjonsnedsetjing viss tilstanden har ført til at funksjonsevna har blitt nedsett, eller er forårsaka av ei underliggande funksjonsnedsetjing.

Menneskerettane er grunnlaget for politikken for personar med funksjonsnedsetjing. FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) slår fast at personar med funksjonsnedsetjing har dei same menneskerettane som alle andre, og forklarer korleis desse skal bli realisert.

Dei generelle prinsippa i CRPD er ibuande verdigheit og sjølvråderett, ikkje-diskriminering, deltaking og inkludering, respekt for forskjellar, like moglegheiter, god tilkomst, likestilling mellom kvinner og menn og respekt for utviklingsmoglegheitene og identiteten til barn. Dei ulike rettane i konvensjonen skal tolkast i tråd med desse prinsippa.

Du kan lese meir om CRPD i Bufdirs rettleiar.

Likestilling handlar om å ha like rettar, lik verdi og like moglegheiter. Tilgjengelegheit og tilrettelegging er føresetnader for likestilling. Eit meir likestilt og inkluderande samfunn gjev personar med funksjonsnedsetjing fleire moglegheiter til å utvikle ferdigheitene sine og bidra med ressursane sine i samfunnsutviklinga.

Alle offentlege myndigheiter har ei plikt til å jobbe aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering. Dette sektoransvarsprinsippet er juridisk forankra i aktivitets- og utgreiingspliktene til offentlege myndigheiter i likestillings- og diskrimineringslova § 24. Du kan lese meir om aktivitets- og utgreiingspliktene i Bufdirs rettleiar for offentlege myndigheiter, og i rettleiar for arbeidsgjevarar.

Likestillings- og diskrimineringslova har eigne føresegner om plikta til tilrettelegging og plikta til universell utforming (likestillings- og diskrimineringslova kap. 3). Dette er føresegner som betyr særleg mykje i arbeidet for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing.

Retten i lova til eigna individuell tilrettelegging gjeld så framt tilrettelegginga ikkje inneber ei uforholdsmessig byrde for den som har plikt til å leggje til rette (stat, kommune eller private verksemder). I vurderinga av om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg leggjast vekt på tilretteleggingas effekt for å fjerne barrierar for personar med funksjonsnedsetjing, dei nødvendige kostnadene ved tilrettelegginga og verksemdas ressursar. (Likestillings- og diskrimineringslova (2017), §§ 20 tredje leddet, 21 andre leddet og 22 andre leddet.) Avgrensinga av kva som er å rekne som uforholdsmessig, er ein tryggingsventil og skal ikkje tolkast vidt (Prop. 81 L (2016–2017), kapittel 30, side 326.).

Å vere likestilt med andre samfunnsborgarar inneber òg fråvære av diskriminering. Diskriminering er når nokon blir behandla dårlegare enn andre utan sakleg grunngiving. Forskjellsbehandling er ikkje ulovleg i seg sjølv, men den må ha ei sakleg, nødvendig og forholdsmessig grunngjeving.

Likestillings- og diskrimineringslova listar opp ei rekke forhold som det er ulovleg å diskriminere nokon på grunn av. For at noko skal være diskriminering etter lova, må det ha samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag: funksjonsnedsetjing, kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, og kombinasjonar av desse diskrimineringsgrunnlaga. Forbodet mot diskriminering inneber at ein òg har ei plikt til å ta omsyn til forskjellar slik at alle reelt sett får like moglegheiter.

Handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing

Bufdir koordinerer ei tverrsektoriell arbeidsgruppe, som består av direktorat som har tiltak i regjeringas handlingsplan for likestilling av personar med funksjonsnedsetjing 2020-2025. Formålet med arbeidsgruppa er mellom anna å leggje til rette for tverrsektorielt samarbeid og rapportere om status for gjennomføringa av tiltaka i handlingsplanen. Bufdir har også møter med eit forum for interesseorganisasjonar med deltaking frå Funksjonshemmas fellesorganisasjon (FFO), Samarbeidsforumet av funksjonshemmas organisasjonar (SAFO) og Unge funksjonshemma.

Les rapporten med oversikt over status for tiltaka i handlingsplanen

Nyhetsbrev om likestilling

Nyhetsbrev om universell utforming