Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Samlivskurs for par - Bufferkurs

Tid:

Sted: Ullensvang Helsestasjon avd. Odda

Adresse: Smelteverket 61

Eit samlivskurs hjå familievernet, til par som har vore saman lenge nok til å ha opplevd at dei same konfliktane gjentek seg, og som ønsker å fortsetje og vere saman.

Dette kan de få hjelp til

  • å styrke samhaldet og kvardagskjærleiken
  • få verktøy som kan gjere det lettare og meistre negative kjensler, irritasjonar, konfliktar og personlegdomsulikskapar.
  • kunnskap om kva som skapar gode parforhold
  • å få innblikk i korleis ein kan ivareta lyst og seksualitet i varige forhold

Om kurset

Kurset er livssynsnøytralt og byggjer i hovudsak på forskingsbasert kunnskap og systematiske tilbakemeldingar frå par og kursleiarar. Ved å studere par som får dette godt til, har forskarane skaffa solid kunnskap om kva som skapar langvarige, gode parforhold.

Bindande påmelding: Før de melder dykk på, er det viktig at de er sikre på at begge partar kan delta på alle kursdagane.

Meir informasjon om Bufferkurs

Kursdagar

Torsdagar

  • 09. april
  • 16. april
  • 23. april
  • 30. april
  • 07. mai

kl 17.00 – 20.00

Kurshaldarar

Kari-Anne Kvestad, Tone Flotve og Eva Marie Hårajuvet.

Påmeldingsfrist: Torsdag 26. mars 2026.

Har du spørsmål? Ta kontakt med oss