Fortsatt foreldre - for godt nok foreldresamarbeid
Tid:
Sted: Familievernkontoret i Nordfjord
Adresse: Lotevegen 23, Nordfjordeid
Kva kan vere eit godt nok foreldresamarbeid?
Fortsatt Foreldre er eit kurs for deg som vil skape eit godt nok foreldresamarbeid med ekspartneren etter samlivsbrudd - til beste for borna.
Kurset fokuserer på at borna skal få oppleve at foreldra klarer å samarbeide og kommunisere etter bruddet, slik at borna sin kvardag blir mest mogleg forutsigbar og trygg.
Kven kan delta?
Fortsatt Foreldre kan både være aktuelt for deg som strevar med kommunikasjon og samarbeid med eks-partner og for deg som ønsker å førebygge slike vanskar.
Ekspartnarar deltek ikkje på samme kurs som deg, men er velkomne til å melde seg på ved eit seinare tidspunkt.
Det er plass til maksimalt åtte deltakarar.
Tema
- vaksne si oppleving av bruddet
- borna sin nye livssituasjon ved brudd
- krangel og konflikt – korleis handtere det?
- kva er godt nok foreldresamarbeid for barnet ditt og deg?
- vegen videre
Mål
- auka forståelse for eigne og borna sine behov i ny kvardag
- auka forståing for eigne reaksjonar i bruddet og tida etter
- auka kunnskap, tid og rom til å tenkje over kva som er eit godt nok foreldresamarbeid i ny kvardag for deg og dine born
- å inspirere til korleis du kan påverke din eigen situasjon og relasjon i møte med ekspartnar og eigne barn
- eit fellesskap med andre i same situasjon
Praktisk informasjon
- kurset foregår i gruppe
- ekspartnarar går ikkje på same kurs
- deltaking er gratis
- erfaringsdeling er frivilleg
- kursleiarane har teieplikt
- kursdeltakarane forpliktar seg fortrulegheit, noko som betyr at all informasjon som vert delt i gruppa skal bli i gruppa
Kursdagar
- 28. oktober
- 04. november
- 11. november
- 18. november
- 25. november
Vi møtest fra kl 17.00 - 19.00.
Kursleiarar
Per-Arild Alsaker og Per Ståle Husevåg.
Treng du meir informasjon?
Påmelding til Familievernkontoret i Nordfjord på e-post familiekontoret.nordfjord@bufetat.no eller telefon 57864990.
Ring oss gjerne om du har spørsmål knytt til kurset!
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss

