Parkurs for fosterforeldre - Førde
Tid:
Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde
Kven passar kurset for?
Kurset passar for alle som er fosterheim, beredskapsheim eller spesialiserte fosterheimar og er i eit parforhold. Kurset er for dei som bur i Rogaland og Vestland. Det er gratis å delta, og vi dekkjer hotellovernatting med middag for alle par.
Om kurset
Det å vere fosterfamilie er ei meiningsfull og givande oppgåve. Samstundes erfarer vi at fosterforeldre ofte møter utfordringar i parforholdet etter at barnet flyttar inn. Fleire fortel om korleis det å stå i krevjande omsorgssituasjonar kan påverke og tære på parforholdet.
Det kan oppstå situasjonar og konfliktar i familien som utfordrar fosterforeldra og paret på nye måtar, samstundes som ein har mindre tid og overskot til å handtere dette på ein god måte.
Nokre av temaa på kurset
- Korleis kan ein styrkje samhaldet og kvardagskjærleiken i ein krevjande kvardag?
- Korleis kan ein lettare meistre irritasjonar, ulikskapar og negative kjensler?
- Kva skaper gode og varige parforhold?
- Korleis kan ein ta vare på lyst og seksualitet i varige forhold?
Målet er å gi dykk nokre nye verktøy for å ta vare på parforholdet og for å handtere ulikskapar og konfliktar på ein meir føremålstenleg måte. Kurset er ein skreddarsydd versjon av familievernkontora sitt samlivskurs «Bufferkurs». Les meir om Bufferkurset
På dette kurset møter du andre fosterheimar som er i lignande situasjon som deg.
Kursdagar
- fredag 9. april kl. 17:00–20:00
- laurdag 10. april kl. 10:00–16:00
- søndag 11. april kl. 10:00–15:00
Storehagen 1B, 6800 Førde.
Kursansvarlege
Heidi Kjærstad og Laila Gjørven, rådgjevarar i fosterheimstenesta. Har du spørsmål om kurset, kan du kontakte heidi.kjarstad@bufetat.no eller laila.gjorven@bufetat.no.
Ønskjer du å melde deg på?
Send e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no med namn og telefonnummer til deltakarane. Skriv «Påmelding Parkurs 9.april » i emnefeltet. De vil bli kontakta av ein rådgjevar etter påmeldinga for stadfesting av plass.
Påmeldingsfristen er 26. mars.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss