Kurs for barn og unge mellom 7 år og 18 år som har fostersøsken - Førde
Tid:
Sted: Storehagen 1B, 6800 Førde (Kursstad kan bli endra ut frå påmelding)
Om kurset
Fosterforeldra sine eigne barn er viktige personar i ein fosterheim. Barne-, ungdoms – og familiedirektoratet (Bufdir) har difor tatt initiativ til å ta i bruk ein modell for oppfølging og rettleiing av fosterforeldra sine eigne barn etter at dei er blitt fostersøsken.
Det vi veit er at barn og unge i fosterfamilien også har behov for å få snakke om sine opplevingar knytt til det å ha fostersøsken, å få rettleiing i å handtere utfordringar som kan oppstå. Det å ha sitt eige fora der ein får moglegheit til å dele erfaringar med andre som også har fostersøsken er også viktig.
Bufdir ynskjer at dette tilbodet skal bidra til å gjere barn og ungdom betre rusta til å handtere de endringane som oppstår når familien blir fosterheim. At fosterforeldra sine eigne barn får god nok oppfølging er viktig for å styrkje heile fosterfamilien.
Aktuelle tema
- korleis er min familie sett saman?
- kva informasjon skal eg ha, og kva kan eg fortelje vidare?
- kva ble annleis då mitt fostersøsken flyttet inn?
- korleis har eg det i dag med omsyn til dette?
Praktisk informasjon
Kurset består av to samlingar med 4 tema. Kvar samling inneheld to tema. På den siste samlinga, tema 4 vil vere saman med foreldre og kontaktperson i barneverntenesta.
Alle deltakarar vil få tilbod om besøk av kursleiarane før kursstart. Dette for å bli litt kjend og få informasjon om kurset. Det vil også bli sendt ut ein eigen invitasjon til barnet/ungdomen når det nærmar seg oppstart.
Samlingane er gratis og inkluderar mat og drikke.
Kursdagar
- laurdag 22. august kl. 11:00-18:30
- søndag 23. august kl. 11:00-17:30
Storehagen 1B, 6800 Førde (Kursstad kan bli endra ut frå påmelding)
Kursansvarlege
Gry Ingjerd Øksendal og Laila Gjørven, rådgjevarar i fosterheimstenesta. Dersom du lurar på noko ta kontakt med gryingjerd.oksendal@bufetat.no eller laila.gjorven@bufetat.no
Påmelding
Send ein e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no for påmelding med namn og telefonnummer på deltakar og føresette. Skriv i emnefeltet "Påmelding kurset for fostersøsken 22. august". De vil bli kontakta av ein rådgjevar i etterkant av påmeldinga for stadfesting av plass.
Påmeldingsfrist er 9. august.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss