Kurs i belastningshandtering for fosterheimar, Førde
Tid:
Sted: Førde - nærare informasjon om kursstad kjem seinare
Om kurset
Å vere fosterforelder kan by på både glede og meistringskjensle, men òg utfordringar der ein verkelig kjenner seg sett på prøve. Difor tilbyr vi kurs der du kan lære meir om korleis du kan handtere belastningar.
I løpet av kurset får du betre innsikt i eigne meistringsstrategiar, samtidig som du får nye verktøy for å handtere pågåande belastningar. Du vil få kunnskap om kva stress og belastningar gjer med deg, og ei innføring i kva type kvile som er nyttig, samt metodar for å sikre eiga avlastning. Kurset består av undervisning, øvingar og metodar. Kurset byggjer på kognitiv teori, som tyder at vi nyttar språk, innsikt, problemløysing og tenking. Målet vårt er at refleksjon skal skape ny læring.
Aktuelle tema
- få kunnskap om meistring, stress og belastning
- meistringsstrategiar og verktøy
- korleis identifisere og førebyggje overbelastning
Kven passar kurset for?
Dette kurset passar for deg som er fosterheim, beredskapsheim eller spesialisert fosterheim. Det er gratis å delta på kurset.
Kursdagar
- fredag 27. november kl. 12:00-18:00
- laurdag 28. november kl. 10:00-16:00
Førde - nærare informasjon om kursstad kjem seinare.
Kursleiarar
Lita Havnevik Erstad og Anette Rakli Børnes, rådgjevarar i fosterheimstenesta. Har du spørsmål om kurset, kan du kontakte litahavnevik.erstad@bufetat.no eller anette.rakli.bornes@bufetat.no.
Påmelding
Kurset er no fullteikna. Dersom du ønskjer å stå på venteliste, kan du sende e-post til ft.vest.sogn-fjordane@bufetat.no for påmelding med namn og telefonnummer på deltakarane. Skriv i emnefeltet "Påmelding kurs i belastningshåndtering for fosterheim Førde". Ein rådgivar vil ta kontakt med dykk dersom det blir ei ledig plass.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss
