Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Dei bygde huset med plass til fleire

Publisert

Hilde hadde hatt ein plan sidan ho var lita. Då ho og Alf bygde hus, vart planen teikna inn i rom, stover og ekstra sengeplassar.
To personer ved et hus. Portrettfoto

Middagen står i omnen.
Klokka 17 skal han på bordet, så intervjuet må helst vere ferdig før det.
I huset til Hilde og Alf er faste tidspunkt ikkje berre praktisk. Dei er noko ungdomane kan rekne med. Kvar dag skal nokon vite kva som skjer: kven skal på skule, kven skal på jobb, kven kjem heim når, og kva skjer etter middag.


– Rutinar har alt å seie, seier Hilde.

Ho set fram kaffi og gulrotkake før samtalen kjem i gang. Utanfor ligg fjorden. Uteplassen er, ifølgje dei sjølve, stadig under oppussing og endring. Inne ligg fleire stover ved sida av kvarandre. Ein kan setje seg litt for seg sjølv, utan å forsvinne frå dei andre.

Slik var huset tenkt frå starten.


Då Hilde og Alf skulle byggje, teikna dei inn fleire soverom enn kjernefamilien trong. Dei hadde eigne barn, arbeid og ein vanleg familiekvardag. Men dei hadde også ein plan.


– Vi bygde huset med tanke på å bli fosterheim, seier Hilde.


På snart 20 år har 8 ungdomar budd hos Hilde og Alf. I tillegg har fleire vore innom som avlasting eller på besøk.

Spesialisert fosterheim er for barn og ungdom som treng tettare oppfølging enn ein ordinær fosterheim vanlegvis kan gi. I mange tilfelle kan det vere eit alternativ til institusjon.

  • Ein av dei vaksne har oppdraget på fulltid i eigen heim, gjennom avtale med Bufetat. Avtalen varer normalt i tre år om gongen og kan vidareførast.
  • Heimen må vere godkjend som fosterheim. Fosterforeldra må gjennomføre grunnopplæring og får opplæring, fagleg oppfølging og rettleiing frå Bufetat, både individuelt og i gruppe. Dei blir også del av eit nettverk med andre spesialiserte fosterheimar.
  • Heimen har tilgang til døgnopen vakttelefon og får organiserte friperiodar og avlasting.
  • Arbeidsgodtgjersla blir vurdert ut frå utdanning, erfaring og ansiennitet. I Bufetat, region vest, er ho per oktober 2026 oppgitt til 587 161–751 020 kroner i året. I tillegg kjem utgiftsdekning til løpande utgifter for barnet eller ungdommen, oppgitt til 11 441 kroner i månaden. Satsane blir justerte årleg.
  • Oppdragstakaren har rett til ferie i oppdraget, sjukeløn etter avtalen og pensjonsopptening gjennom Statens pensjonskasse.
  • I Bufetat, region vest, er relevant utdanning og/eller erfaring frå fosterheim eller arbeid med barn og unge ein føresetnad. Familien og heimen blir vurderte for om dei er eigna for oppdraget.

Vil du vite meir?
Les meir om spesialisert fosterheim hos Bufdir.


– Du må velje kampane du skal ta

Spesialiserte fosterheimar er for barn og ungdom som treng meir oppfølging enn eit ordinært fosterheim vanlegvis kan gi. I mange tilfelle kan ein spesialisert fosterheim vere eit alternativ til institusjon. Ein av dei vaksne har oppdraget på fulltid gjennom avtale med Bufetat.

Hos Hilde og Alf blir fulltidsoppdraget synleg i det som skjer før og etter dei store samtalane: frukost, køyring, mat i kjøleskapet, klede som blir vaska, avtalar som blir haldne, og vaksne som ikkje mistar roen når dagen ikkje går etter planen.
Hilde forklarer forskjellen på ordinært og spesialisert fosterheim med eigne ord:

– Som spesialisert fosterheim må vi jobbe meir med barnet sine behov. Vi må sjå bak problemet, ikkje berre på problemet.

Alf seier mykje handlar om å forstå kva som ligg bak det ungdomane viser utetter.

– Mykje kan handle om usikkerheit, seier han.

Han brukar ikkje store ord om oppdraget. Når han skal forklare kva dei har lært, seier han det kort:

– Du må velje kampane du skal ta.

«Det gode liv» er ikkje eit roleg liv

For Hilde hadde tanken om fosterheim lege der lenge.

– Eg trur eg alltid har tenkt at eg skulle bli fosterheim. Eg har alltid hatt auge for dei som treng litt ekstra, seier ho.

For Alf kom avgjerda meir gradvis. Han er meir privat, og kurset dei gjekk før dei blei fosterheim, kom tett på. Hilde meiner det må vere slik.

– Ein må finne ut kva folk toler. Som fosterheim må du tole litt, seier ho.

Etter kvart tok Hilde steget ut av jobben ho hadde. Ho hadde ansvar, reiste mykje og var mykje borte frå familien. Det gav mindre tid heime enn ho ønskte.

– Vi ville ha det gode liv, seier ho.

Ho meiner ikkje eit enkelt liv, men eit liv med meir tid heime. Meir tid til familien, meir plass til dei som treng det. Meir høve til å vere der når ungdomane kjem heim frå skule eller jobb, eller når ein samtale må takast på nytt, fordi den første ikkje gjekk.

Kven kjem heim når?

Ein vanleg dag startar tidleg. Det er frukost, skule, jobb og avtalar. Nokon skal køyrast. Nokon skal minnast på noko. Nokon kjem heim til ulike tider.


Om morgonen går dei gjennom dagen. Kva skal skje? Kven kjem heim når? Kva må ordnast?

Hilde snakkar om dette som heilt vanlege ting: mat i kjøleskapet, reine klede, rom som må ryddast, middag på bordet.

Men for henne er det ikkje småting.

Det er slik ein heim blir føreseieleg.

Ho er også oppteken av det ungdomane skal lære før dei ein dag skal klare seg meir sjølve. Matpakke, døgnrytme, jobb, økonomi. Omsyn til andre i huset.

Ho har ofte sett seg ned med ungdommane og leika med leikepengar for å forklare økonomi.

– Dei må vite korleis ein kvardag fungerer, seier Hilde.

Ho nemner frukost, skulemat, jobbmat, bursdagar og høgtider. Ting mange tek for gitt.

– Det er mange små ting ein ikkje tenkjer over. Men dei må lærast.

Hilde og Alf legg vekt på å ta vare på relasjonen mellom ungdomane og dei biologiske foreldra, der det er mogleg.

– Dei er jo foreldra deira, seier Hilde.

Dei kan invitere til enkle møte og aktivitetar, og prøver å hjelpe ungdomane til å sjå fleire sider av foreldra sine.

– Vi prøver å møte dei med respekt, seier ho.

Først roe ned, så snakke

Hilde og Alf prøver ikkje å få oppdraget til å høyrest enkelt ut.
Dei seier at ting tek tid. At ein kan jobbe med noko i fleire år før ein ser resultat. At ein ikkje kan endre alt på ein gong.

Nokre gonger må små irritasjonar få liggje. Andre ting må dei jobbe med over tid: tillit, skule, jobb, økonomi og korleis ein møter andre menneske.

Når situasjonar blir vanskelege, meiner Hilde det er avgjerande at dei vaksne ikkje aukar temperaturen.

– Du kan ikkje gå inn i ein situasjon med ein ungdom og eskalere han. Det fungerer ikkje, seier ho.

Alf seier dei av og til må stoppe opp, roe ned og ta samtalen seinare.
Det krev tolmod. Og humor, meiner Hilde.

– Vi kan ikkje la oss trigge.

Det kan også vere krevjande å alltid ha folk i huset. Hilde og Alf trivst med det, men dei legg ikkje skjul på at det krev noko å vere tilgjengeleg så mykje av tida.
Samtidig vil dei ikkje framstille kvardagen som noko dei berre held ut.

– Vi trivst jo med ungdomane og med å ha folk i huset. Det er ikkje slik at vi går og tel ned til avlasting, seier Hilde.

Éin har oppdraget. Alle bur i det

Sjølv om det å vere spesialisert fosterheim er eit fulltidsoppdrag for ein av dei vaksne, er Hilde tydeleg på at det ikkje berre er hennar oppdrag. Dei har også biologiske barn.

– Det er absolutt ikkje ei einmannsjobb. Det er heile familien, seier ho.
Ho meiner barna også har hatt utbyte av å vekse opp i ein heim med fleire rundt seg.

Dei har fått «søsken» og eit større fellesskap enn dei elles ville hatt.

Dei har avlasting. Hilde påpeiker at det ikkje betyr at dei mistrivst i kvardagen.

– Men det er godt med ei helg innimellom, seier ho.

For Hilde og Alf handlar mykje av oppdraget om å vere to vaksne som kan spele på lag. Ein kan vere heime medan den andre gjer noko anna. Ein kan støtte kvarandre når ein situasjon må roe seg. Og ein må vere samde om kva slags heim ein vil ha.

Nokre svar kjem fleire år seinare

Nokre resultat ser ein ikkje med ein gong.

Alf hugsar særleg eit bryllaup dei var i, til ei som tidlegare hadde budd hos dei. Der såg han henne som vaksen. Han såg korleis dei andre såg på henne, kor glade dei var på hennar vegne og kor stolte dei var av ho.

– Då såg vi at det hadde gått bra, seier Alf.

Det er eit lite glimt av det lange perspektivet i oppdraget. For Hilde og Alf handlar ikkje arbeidet berre om å kome gjennom ein vanskeleg dag. Det handlar også om alle dagane før: middagane, grensene, påminningane, samtalane som måtte vente til alle hadde roa seg.

Over tid kan det bli til noko større.

– Berre det å lykkast litt kan bety mykje, seier Alf.

Alf og Hilde Froan huset sitt, portrett
– Du må ha eit godt forhold til partnaren din. Heimen må vere trygg og harmonisk, seier Hilde om å vere spesialisert fosterheim.


– Dersom du lett fyrer deg opp, skal du ikkje gjere dette

Hilde og Alf trur ikkje at alle bør bli spesialisert fosterheim.

Ein må tole folk i huset. Ein må vere fleksibel. Ein må klare endra planar. Ein må kunne halde seg roleg når andre ikkje gjer det.

– Dersom du lett fyrer deg opp, skal du ikkje gjere dette, seier Alf.

Hilde seier at forholdet mellom dei vaksne i heimen også betyr mykje.

– Du må ha eit godt forhold til partnaren din. Heimen må vere trygg og harmonisk, seier ho.

Og så må ein like menneske.

– Du må like å få folk inn. Du må like å vere med menneske.

Huset er sjeldan tomt.

Etter snart 20 år som spesialisert fosterheim har Hilde og Alf framleis kontakt med fleire av dei som har budd hos dei.

– Mange har vi framleis mykje kontakt med. Nokre mindre, men dei fleste høyrer vi frå, seier Hilde.

Det blir ei lang liste med julegåver.

Så er intervjuet over.

Middagen skal ut av omnen og opp på bordet. Snart er huset fullt igjen.
Det er ikkje eit prosjekt, men ein kvardag. Den kvardagen Hilde og Alf bygde huset for.