Akuttarbeid i barnevernet – fra retningslinje til praksis
Vi håper podkastserien kan vere nyttig for barneverntenester, både som eit verkemiddel for å setje i gang fagleg refleksjon om eiga praksis i akuttarbeidet, som inspirasjon og for å rette søkjelyset mot sentrale tema i arbeidet med å implementere den nasjonale rettleiaren for akuttarbeid i eiga teneste.
Prosjektet går ut på å invitere fagfolk med lang erfaring frå akuttarbeid til å reflektere saman med utgangspunkt i den nye nasjonale rettleiaren, som blei publisert hausten 2023. Samtalane er spelte inn som podkastar og videopodkastar. Tanken er at materialet kan nyttast på fagdagar eller i barnevernsmøte som innleiing til faglege refleksjonar om eigen praksis.
Tema for podkastane er:
- Frå retningslinje til praksis
- Akuttarbeid i praksis
- Ivaretaking av barn i akuttsituasjonar
- Ivaretaking av foreldre og nettverk
- Ivaretaking av tilsette
- Rutinar og dokumentasjon i akuttarbeid
- Samarbeid med andre instansar
Nei, vi har ikkje evaluert eller forska på det vi har utvikla. Alle samarbeidskommunane og fleire andre kommunar har fått tilgang til podkastserien. Han ligg ope tilgjengeleg for alle på Spotify.