Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fekk livsviktig hjelp

Illustrasjonsbilde av noen som holder en røyk i fingrene
Illustrasjonsbilde: Pexels
Daniel (18) er sikker på at vedtaket om institusjonsplass og behandlinga han fekk redda livet hans.

Om intervjuene

Dette er en intervjuserie hvor vi har snakket med personer som har bodd på barnevernsinstitusjon, hovedsakelig på grunn av rusproblemer. Her blir du kjent med dem og hvordan de har fått hjelp til å håndtere rusen. Av hensyn til dem vi har snakket med er de fleste anonymisert.

Han hadde vore tung rusmisbrukar i fleire år då han som 17-åring kom på akuttmottak på Kvammen og deretter langvarig opphald på Fossumkollektivet i Hamar. Der budde han i 15-16 månader.

– I starten var det heilt forferdeleg. Det var veldig tøft. Du skulle lære å vaske klede, vaske rommet ditt, du skulle gjere så mykje. Det kjendest som ein militærleir. Du skulle lære deg å være eit funksjonelt menneske. Det er jo ganske forferdeleg når du er vant med å ruse deg og ikkje gjere ein drit, seier han med eit lite smil.

Urinprøver og samtalar med politi

Daniel er open om fortida si. Han har rusa seg sidan han var veldig ung. Då han var 16 år og begynte på elektrofag på vidaregåande flytta han inn i eiga leilegheit, for å kome nærmare skulen. Han var då åleine og kunne han gjere kva han ville, men han hadde ikkje kontroll og ingen passa på han.

Han huskar lite frå det første halvåret. Elektro var ikkje noko for han. Han opplevde ikkje meistring og hadde eigentleg hatt ønske om å gå på eit anna programfag. Det forsterka problema han alt hadde. Fråværet på skulen kom opp i 50 %. Han fortel at han heller ikkje hadde venner i klassen.

Men det var ikkje berre eige rusmisbruk. Han vart teken for smugling av narkotika, og kom under eit kontrollregime med kriminalomsorg. Urinprøvene han leverte var ikkje reine, han hadde eit sjukehusopphald og politiet såg trafikk til husværet hans.

Samtalar med politi og urinprøver var ikkje nok for å få bukt med misbruket, og Daniel vart sendt på institusjon. På Kvammen akuttinstitusjon var han i omlag to månader. Det var skummelt i starten, men han blei tatt godt imot og opplevde opphaldet som godt tilrettelagt.

– Eg var lat og trassig

– Dei hadde god kommunikasjon med meg. Eg fekk til dømes bli med på tonnevis av aktivitetar. Så for min del var det ganske fint, og noko anna enn rus. Eg likte meg der og dei tilsette var gode støtter, fortel Daniel.

Han ville likevel ikkje vere på institusjon i eit heilt år. Det vart rettssak om dette, men han fekk ikkje medhald, og vart sendt til Fossumkollektivet og avdelinga Sørligard.

Daniel forklarer at opphaldet var ei blanding mellom helse- og barnevernplassering. Han fekk ein fadder som var ganske streng. Daniel syntest det var eit tungt program og likte seg verkeleg ikkje i starten.

– Men det var hovudsakleg fordi eg var lat og trassig, reflekterer han.

Etter to månader var han på permisjon. Då sprakk han og rusa seg. Han fortsette med det i skjul når han var tilbake, til han blei tatt av dei tilsette. Det vart litt meir tilrettelagt og han fekk tilbod om å gjere noko han verkeleg likte, som var å gå på skule.

I ettertid såg han at mykje av det han hadde lært på institusjonen, var viktige ferdigheiter når ein skal bo for seg sjølv. Hensikta var å gjere ungdommane til funksjonelle menneske i sitt liv, fortel Daniel.

– Alt det eg lærte på Fossumkollektivet, som det å lage middag og vaske klede, er nydeleg å kunne når du bor i leilegheit åleine.

Dei andre ungdommane vart «brørne» hans

I år går Daniel nest siste året på vidaregåande. Han mista eitt skuleår på grunn av rusproblema. Då han kom tilbake var motivasjonen mykje sterkare, både for å gå på skule og for å fullføre rusbehandlinga.

Han bestemte seg for å bli rusfri, og han sette seg også mål om å fullføre første året med eit karaktersnitt høgare enn fem. Det vart det. Daniel fortel at han fekk eit snitt på seks førre skuleår.

På Sørligard fann han også «foreldrepersonar» som hjelpte han med å øve på skuleoppgåver. Dei var der når han trengte å snakke om det som var vanskeleg, fordi han sjølv hadde opna opp for det. Institusjonen var blitt ein heim for Daniel.

– Det vart verkeleg ein heim og eg vart veldig lei meg når det var over. Det var som ein familie for meg, med dei tilsette og dei eg budde saman med på Sørligard, minnast han.

Daniel opplevde at dei tilsette viste interesse for kven han var og korleis det gjekk med han. Dei forstod han på ein annan måte enn foreldra hadde gjort. Og ungdomane han var der saman med, vart «brørne» hans. Han opplevde også dei som jobba i administrasjonen som koselege og ikkje autoritære.

– Var det ei ny oppleving for deg å bli møtt slik?

– Ja, fullstendig. Det var uvant, men veldig fint.

– Det som redda livet mitt, var institusjonsvedtaket og innlegginga

Illustrasjonsbilde: Elina Fairytaile/Pexels.

– Kva betydning har behandlinga som du fekk hatt for livet ditt vidare?

– Eg har helde meg rusfri sidan, og det er berre takka vere Fossumkollektivet. Ferdigheitene eg lærte der er det som held meg rusfri, seier han.

Han har helde presentasjon på skulen sin om rusavhengigheit, og blitt intervjua i lokalavisa, der han har snakka om historia si. Han har fått positive reaksjonar og opplever at folk skjønar kva rusavhengigheit inneber.

Framtida ser bra ut. Daniel har ambisjonar. Han vil studere og ser fram til det som skal kome etter at han er ferdig på vidaregåande. Han skal rett på universitet.

Daniel reagerer på negativ medieomtale av barneverns- og rusinstitusjonar.

– Det som redda livet mitt, var institusjonsvedtaket og innlegginga. For meg vart det ei veldig god oppleving, seier Daniel.

Han meiner at det å lukkast med behandling handlar mykje om kva ein sjølv gir, som å møte opp og delta, om å fortelje og ta imot tilbakemelding.

På fritida har han engasjert seg på fleire arenaer og er i dag andre nestleiar i Natur og Ungdom, og sekretær i lokallaget i AUF. Han var nyleg representant på landsmøtet. Hjartesaka hans er, ikkje overraskande, ruspolitikk og helsepolitikk.

– Akkurat no er eg ganske frustrert over rusreformen, så eg jobbar litt med det.

– Så kanskje er det ein framtidig politikar eg snakkar med no?

– Det kan vere, smiler Daniel.

Les flere historier