Sogn og Fjordane ungdomssenter, Meltunet
Sogn og Fjordane ungdomssenter tek imot barn og unge etter barnevernslova §§ 3-2 og 5-1. Institusjonen gjev omsorgstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år og femnar om avdelingane Bregnetunet i Førde og Meltunet i Nordfjordeid. Avdeling Meltunet har fire plassar og til held til på eit småbruk i Nordfjordeid sentrum. Den optimale opphaldstida er 6 til 12 månader, men ho kan utvidast etter individuelle planar og behov.
Kort om Sogn og Fjordane ungdomssenter, Meltunet
- Statlig
- Plasseringstype: Omsorg §§ 3-2 og 5-1
- Kapasitet: 4 plassar
- Sted: Nordfjordeid
Besøksadresse
Sophus Lie-vegen 9, 6770 Nordfjordeid
Postadresse
Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 46618832
E-post: miriam.hoddevik@bufetat.no
Slik er det å bu hjå oss
Meltunet er tilknytta eit småbruk kor vi har hest og høner hos oss. Arbeidsoppgåver på småbruket er ein del av kvardagen hjå oss. Vi bur i eit eldre, koseleg hus, har stor hage med blant anna trampoline. Hjå oss har du eit stort, eige rom, og delar bad med dei andre bebuarane. Vi har også eit ekstra hus tilknytta avdelinga vår, som kan bli nytta ved høve. Hjå oss har vi ein stor låve kor vi blant anna har “Storstova” med biljardbord, tennisbord, treningsutstyr og eit eige musikkrom.
Stad kommune har omlag 9500 innbyggjarar. Geografisk ligg Stad kommune plassert midt i Nordfjord-regionen. Frå kommunesenteret Nordfjordeid er det kort avstand til dei andre kommunesentra i Nordfjord og søre Sunnmøre, Måløy, Stryn, Sandane og Ørsta/Volda.
På 45–50 minuttar kan ein nå heilt ut til storhavet i vest eller til høgfjellet og breen i aust.
Nordfjordeid er eit knutepunkt der riksveg 15 frå Måløy til Otta kryssar stamvegen E39 som går langs heile kysten frå Stavanger til Trondheim. Kvar dag er det ekspressbussar til Bergen, Trondheim og Oslo. Det er og nært samband til flyplassane på Sandane og Ørsta, med daglege flyruter til Oslo og Bergen. I tillegg til å vere eit viktig handelssenter i Nordfjord er her plassert viktige offentlege tenester for heile regionen.
Meltunet ligg i sentrum av Nordfjordeid med Eid vidaregåande skule, Opera Nordfjord, BUP Nordfjord, Nordfjord Psykiatrisenter, Nordfjord sjukehus, Eid idrettshus og Eid ungdomskule som nærmaste naboar. I tillegg er her også ein kulturskule med mange tilbod innan kunst, musikk, song og dans.
Trygghet:
Vi ønsker å møte deg med omsorg, openheit og grenser. Målet vårt er alltid å ivareta ditt daglege behov for tryggleik og trivsel.
Vi har en fast døgnrytme fordi vi meiner dette skapar tryggleik.
Rutinar i kvardagen
Vi er opptatt av å ha faste rammer rundt kvardagene til ungdommane våre. Den enkelte ungdom har rutine i kvardagen som handlar om vekking, skule/jobb måltider, lekser, fritidsaktivitetar og innetid. Vi samarbeider tett med skulane, og vi vil legge til rette for gode rutinar for leksearbeid der vi kan hjelpe deg om du treng det.
For å hjelpa deg å ha oversikt lagar vi kvar veke ein vekeplan spesielt for deg. Planen viser korleis veka di vil bli med tanke på skule eller jobb, aktivitetar, heimreiser, avtaler, stå opp-tider og liknande.
Reglar
Vi har reglar fordi det hjelper oss til å ta omsyn til kvarandre (leve saman) og fordi vi meiner det kan gjere kvardagen din trygg og god.
Dei viktigaste reglane hjå oss er:
- Vi behandlar kvarandre med respekt
- Det er sjølvsagt lov å bli sint og frustrert, men vi lar ikkje det gå ut over kvarandre
- Trugsmål og vald er heilt uakseptabelt
- Det er ikkje lov å bruke eller oppbevare rusmidlar
Det kan være greitt å vite at det er lov å røyke ute på visse stader. Snuse kan du berre gjere ute eller på rommet ditt. Du får lov til å bruke mobiltelefonen din så lenge du viser at du er ansvarleg og respekterer fellesskapet. Bruker du telefonen til å kontakte personar som vi meiner har ein dårleg påverknad på deg, kan vi oppmode deg til å levere inn mobiltelefonen, for eksempel deler av døgnet. Dette gjelder også dersom du opplever å motta ubehagelege samtalar.
Skule og jobb
Alle som bur på avdeling Meltunet får eit meningsfylt dagtilbod, enten i skule, yrkespraksis eller arbeidstrening. Vi arbeider for at du så raskt som mogleg etter innflytting skal starte på skule eller arbeidspraksis. Det opprettast kontakt med skule eller oppfølgingstenesta, og hovedkontakt har vekentleg samtaler/møter med skulen.
Vi samarbeider også med NAV om praksisplass i bedrift for ungdom som ikkje ynskjer å gå på vidaregåande skule.
Vi som jobbar her er med på foreldremøter på skulen.
Fritid og aktivitetar
Du skal leve mest mogleg normalt når du bur her. Vi hjelper deg med å finne fritidsaktivitetar som du har lyst til å drive med. Om du ikkje har lyst til å gå på noko fast, gjer vi gjerne ting saman med deg - anten aleine eller saman med nokre av dei andre som bur her. Vi blir med på det meste, for eksempel fotballkamper, slalåm, kino, bowling, bading, riding og andre aktiviteter i nærområdet. I tillegg legg vi opp til forskjellige turar i helger og feriar.
Kontakt med familie og nettverk
Vi på Meltunet er opptekne av at ungdommane skal ha jamleg kontakt med foreldre/føresette, og vi legg til rette for eit tett samarbeid med familie og nettverk. Foreldre/føresette kan ta kontakt med oss ved behov og Meltunet ønskjer at føresette, familie og venner kan komme på besøk. Til dømes vert det lagt til rette for at familien kan delta i bursdagsfeiringar og liknande.
Vi ønsker også å ha kontakt med ungdommens venner og foreldre til venner. Vi synest det er viktig at vennenettverket snakkar saman og kan diskutere felles grenser og reglar for ungdommen.
Reise på besøk, overnatting og ferie
Vi er opptekne av at alle bebuarane skal ha god kontakt med positive personar som dei har hatt kontakt med før dei flytta inn på huset. Du kan reise heim til foreldre eller andre i nettverket ditt mens du bur her. Vi lagar i samarbeid med barnevernstenesta ein plan for kor ofte du skal reise heim. Dersom du vil reise til andre enn dine føresette, kan vi gjere ein eigen avtale om dette. I løpet av tida du er her, prøver vi å få til ein ferietur, anten ein fellestur for alle som bur på Meltunet, eller ein tur med deg og nokre vaksne.
4 plassar
På avdelinga har vi fire plassar. Hjå oss kan det bu både jenter og gutter.
Hovudkontakter
Du vil få to hovudkontakter som har ansvar for ei rekke praktiske og formelle oppgåver. Dette inneberer at du har to vaksne som du skal forhalde deg til når ulike spørsmål og problemstillingar dukkar opp. Det er også desse du samarbeider og utformer måla for opphaldet saman med.
Før du kjem hit
Når det er bestemt at ein ungdom skal flytte inn hjå oss, kontaktar hovudkontaktane både ungdomen, familien og/eller nettverket. Hovudkontaktane er opptatt av å finne ut kva familien forventar av opphaldet og involvere familien i ungdommens kvardag og utvikling.
Det er vanlig med besøk før ungdomen flytter til oss. Det avtalast på førehand med den kommunale barnevernstenesta om tidspunkt og kven som skal følgje ungdomen på dette besøket. Ved slike besøk får ungdomen helse på personalet og vil få omvising på institusjonen og ein kort presentasjon om korleis kvardagen hjå oss vil vere.
Når du kjem hit
Vi er opptatt av at du skal trivast best mogleg. I starten vil vi derfor bruke mykje tid på å bli kjent med deg og finne ut korleis du kan få det bra hos oss. Dei første dagane bruker vi på å vise deg Meltunet, nærområdet og skulen eller arbeidsplassen din. Rommet ditt er møblert med det du treng av møbler, men ta gjerne med noko som gjer til at du trivast på rommet ditt, til dømes bilete eller pynt. Du kan ta med deg kle og personlege eigendelar og du vil få det du treng av vanlege toalettsaker.
Helsesjekk
Når du flyttar hit ønskjer vi at du tar ein helsesjekk hos lege, gjerne også hos tannlege.
Ansvarsgruppe
Den tida du bur på Meltunet, vert det etablert ei ansvarsgruppe rundt deg under opphaldet. Gruppa består til dømes av ungdommen, foreldre, representantar frå barnevernstenesta og hovudkontaktar. Ansvarsgruppa jobbar saman for å nå dei måla som handlar om deg og framtida di.
Tryggleik
Vi ønsker å møte deg med omsorg, openheit og grenser. Målet vårt er alltid å ivareta det daglege behovet for tryggleik og trivsel.
Rettigheiter når du bur på institusjon
Tilsette
På avdeling Meltunet jobbar det 18 personar fast i turnus. I løpet av eit døgn er det tre vakt skift. Vi har ca. tre vaksne som jobber på dagen, fire på kveld og to våkne nattevakter på natt. Dei tilsette er variert i alder, med ulike erfaringar og interesser. Dei fleste har utdanning som barnevernspedagogar og sosionomar. Vi liker ulike aktivitetar og ønskjer gjerne å finne på aktivtetar med ungdommane alt frå speling, musikk, tegning, tur, fiske, riding med mer.
For kommunar og barnevern
Informasjon til kommunar, barnevern og andre om kven vi tar inn, korleis vi jobbar og korleis ein søker om plass.
Sogn og Fjordane ungdomssenter tek imot barn og unge etter barnevernlova §§ 3-2 og 5-1. Institusjonen gjev omsorgstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år. Den optimale opphaldstida er 6 til 12 månader, men ho kan utvidast etter individuelle planar og behov.
Vi baserer vår faglege forståing på multisystemisk teori, forsking og kunnskapsbasert praksis. Vi arbeider i hovudsak med basis i åtferdspsykologisk tenking, sosial læringsteori og kognitiv teori.
Meltunet forstår miljøterapi med grunnlag i Larsen og Selnes (2004) sin definisjon: “Miljøterapi er en systematisk og gjennomtenkt tilrettelegging av miljøets psykologiske, sosiale, og materielle/ fysiske betingelser i forhold til individets og gruppens situasjon og behov”. Hensikta er å fremme ungdomen sine muligheiter til læring, meistring og personleg ansvar. På Meltunet jobbar vi med å bygje relasjonar gjennom tryggleik, åpenheit og fellesskap. Vi har høgt fokus på å bruke oss sjølve og våre eigne interessar i å skape areaner for meistring hjå ungdomane.
Meltunet er eit småbruk, der vi har hest, høner i periodevis andre smådyr. Samhandling med dyr, og muligheit til fysisk arbeid på gard kan gi god mesitringskjensle, og muligheita til at ungdom får utfolde seg og sine behov. Meltunet nyttar også særlig hesten i terapeutiske samanheng, med ungdomane. I tillegg til gardsdrift, nyttar vi også musikk som ein arena der ungdomane kan oppleve meistring.
Meltunet har lang erfaring med å ivareta barn og unge med store omsorgsbehov og alvorlege samansette utfordringar. Vi arbeider òg systematisk med psykisk helse i samarbeid med spesialisthelsetenesta og har utarbeidd samarbeidsavtale med lokal BUP.
Meltunet tilpassar miljøterapien utifrå ungdomens modning og utviklingsmessige behov. Ein vektlegg det positive og brukar styrker i systemet for å skape endring. Mål og verkemiddel er utforma med intensjon om å jobbe saman for å auke muligheitene for positiv utvikling hjå ungdom, og dermed dempe risiko for negativ utvikling.
Barn og unge på institusjon kan ha utfordringar på fleire livsområder. Traumebevisst omsorg er ein grunnleggande tilnærming som einiga nyttarseg av i all samhandling med ungdomane. For oss handlar dette om å møte ungdomen “der dei er”, med dei opplevingane dei har med seg inn i møte med oss. Vi jobbar med ungdomane, med ulike ferdigheiter og strategiar, der vi saman finn gode verktøy for å handtere utfordringar ein kan møte i kvardagen.
Meltunet arbeider systematisk med mål og evaluering saman med ungdommane for å sikre involvering og forplikting. Handlingsplan og vekesplan er arbeidsdokument som bind saman arbeidsprosessen mellom miljøterapeut og ungdom. Gjennom opphaldet hjå oss skriv vi kartleggingsrapport etter dei 3 først mnd, deretter evalueringsrapport kvar tredje mnd som synleggjer endring- og utviklingsarbeid. Utover dette sendes anna nødvendig informasjon til barneverntenesta skriftleg som beskriv særskilte hendingar eller inngripen, og korleis Meltunet jobbar for å støtte og beskytte ungdom i alvorlege hendingar.
I endringsarbeidet hos oss på Meltunet har vi fokus på:
- Dialektisk åtferdsterapi (DBT). Vårt arbeid byggjer på DBT. DBT fokuserer på korleis vi kan endre uhensiktsmessig åtferd som ungdom tidlegare har brukt som strategiar for å løyse problem. Kjenslene våre styrer ofte handlingane våre. Gjennom å identifisere og gjenkjenne kjensler og korleis dei påverkar oss, kan vi endre måtane vi handterer vanskelege situasjonar på i framtida. Mindfulness (medviten merksemd) er derfor ein sentral del av DBT. Å vere medviten til stades handlar om å kunne oppleve moglegheitene i kvart augeblikk slik dei er.
- Åtferdskjedeanalyse: I samtalane våre med ungdom er vi medvitne om å sjå og forstå korleis åtferda vår blir påverka av tankane våre, kjenslene våre og omgivnadene våre. Gjennom analyse av ei aktuell hending kan ungdommen og terapeuten saman identifisere sårbarheiter, kva som triggar, og forstå kvifor vi handlar som vi gjer. Vidare blir ulike løysingar og alternative handlemåtar drøfta, både dei som kunne vore brukt, og dei som skal brukast i framtida.
- Validering. Hos oss har vi eit validerande miljø for både ungdommar og terapeutar. Når vi validerer andre eller oss sjølve, forsøker vi å forstå åtferda vår ut frå situasjonen vi er i og sårbarheiter knytte til tidlegare erfaringar. Ein treng ikkje vere samd med den ein validerer, men likevel forstå at nokon handlar slik dei gjer, gitt situasjonen dei er i og dei sårbarheitene dei ber med seg frå før.
- Fokus på ferdigheiter. Meltunet gjennomfører vekelege ferdigheitsgrupper der ungdommane lærer ulike ferdigheiter innan emosjonsregulering, toleranse for ubehag, mindfulness (medviten merksemd), validering og mellommenneskelege ferdigheiter. Yttrabekken ungdomssenter oppmodar ungdommane til aktivt å bruke ferdigheiter i kvardagen, og forsterkar bruken av desse.
Kartleggingar
Meltunet nyttar ulike typar kartlegging som blir kombinerte:
- Ikkje-strukturert kartlegging omfattar mellom anna opne samtalar og observasjonar i miljøet og/eller situasjonar som bidreg til viktig informasjonsinnhenting.
- Strukturert kartlegging inneheld planlagde observasjonar for å dokumentere førehandsdefinerte kategoriar og planlagde samtalar med bruk av den kognitive diamanten og til dømes åtferdsanalyse.
- ASEBA. Dette er standardiserte spørjeskjema og kliniske intervju som blir brukte for å identifisere tilstandar og symptom hos ungdom basert på opplevd problembelastning i kvardagen, slik ho blir beskriven av føresette, lærarar og ungdommen sjølv. ASEBA er blant dei mest brukte standardiserte og normerte instrumenta for å innhente informasjon om sosiale ferdigheiter, emosjonelle vanskar og åtferdsvanskar hos barn og unge.
- Genogram og Livslinje. Genogram er eit «familietre» som blir laga saman med ungdommen/familien. Føremålet er å kartleggje medlemmar av den biologiske familien og/eller fosterfamilien. Det gir eit bilete av kva ressursar som er tilgjengelege i ungdommens nære nettverk, og kva utfordringar som kan hindre godt samspel i familien. Livslinje bidreg til å skape samanheng i ungdommens livshistorie.
Meltunet arbeider systematisk med mål og evaluering saman med ungdommane for å sikre involvering og forplikting.
Individuelle samtaler
Ungdom og terapeut møtast minimum ein time veka til ein strukturert samtale med fokus på å generalisere ferdigheiter og auke ungdommen si evne til å handtere vanskelege situasjonar meir effektivt. I individuelle samtalar går ungdommen og terapeuten gjennom veka som har gått, og set planar for dei kommande dagane slik at ungdommen skal kome nærmare sine mål. For å huske detaljer om korleis uka har vært blir det brukt dagbokkort.
I individuelle samtalar gjennomførast også "åtferdskjedeanalyse" saman med ungdommen på konkrete hendingar som blir sett på som problematiske. Det bidrar til ei felles forståing for korleis vår åtferd blir påverka av våre tankar, kjensler og omgivnader. Gjennom analyse av ei aktuell hending kan ungdomen og terapeuten saman identifisere sårbarheiter, kva som triggar og forstå kvifor vi handlar som vi gjer.
Vidare ser ungdommen og terapeuten på ulike løysingar og alternative handlemåtar som kunne vært brukt og skal brukas i framtida. De øver saman på ferdigheitene ungdommen har behov for.
Institusjonsmiljøet
Ungdom og familiar må øve på nye måtar å gjere ting på i ulike situasjonar (heime, på skulen i arbeid, med venner).
Det er krevjande for alle menneske å endre korleis dei reagerer i ulike situasjonar. Likt som med alt anna treng vi å øve dersom vi skal bli gode til noko. For å lykkas med endringar må vi ofte finne motivasjon i både oss sjølve og i omgivnadane rundt oss. Institusjonen legg til rette for å være ein trygg stad å lære og å øve for ungdommane.
På institusjonen vil terapeutane gjere det de kan for å hjelpe kvar enkelt ungdom til å bli dyktig i å bruke ferdigheitane på en effektiv måte slik dei oppnå eigne mål. Ungdommane vil derfor få oppmuntring og rettleiing i korleis ferdigheitene skal brukast i eit positivt og ikkje dømmande miljø. Vi er derfor opptatt av å sjå og forsterke sjølv dei minste stega ungdommen gjer mot eigne mål. På institusjon vil ungdommen bli heiet på og få tydelege tilbakemeldingar av vaksne. Det blir gjort i samspel med ungdommen og det blir brukt eit systematisk forsterknings- og tegnøkonomisystem til å motivere ungdommar.
Familie og nettverk
Sidan busetjing i institusjon er eit tidsavgrensa tiltak blir familie og nettverksarbeid sett på som viktig. Vi på Meltunet legg til rette for gjensidig samarbeid mellom ungdom, foreldre og føresette, barnevernstenesta og eventuelt andre personar som har betyding for ungdommen.
Vi annerkjenner disse personane som viktige ressursar også for institusjonen og vil spele ei stor rolle for å oppnå felles mål. Etter avtale med barnevernstenesa arbeider institusjonen aktivt med foreldre og nettverk for å inkludere dei i arbeidet. Dette skjer blant anna gjennom at terapeuten og ungdommen involverer familie og nettverk i ungdommens endringsarbeid ein gong i veka. Familie og nettverk får også innføring i konkrete ferdigheiter, samt strategiar for å støtte ungdommen både i kvardagen og ved samvær.
Familieråd
Vi skal alltid vurdere om det kan gjennomførast eit familieråd så raskt som mogleg. Dette blir organisert av barnevernet. På Bufdir.no kan du lese meir om familieråd.
Statsforvaltaren i Vestland fører tilsyn for å sikre at alle som bur på institusjon, får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal også følgje med på at gjeldande lovar og reglar vert følgde. Statsforvaltaren besøkjer institusjonen minst to gonger i året og snakkar blant anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.
Om bebuarane opplever at rettane deira ikke vert ivaretekne, kan dei klage til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen, hjelper bebuarane med klagen dersom det er ønskeleg.
Kommunen avgjer om eit barn eller ein ungdom skal plasserast i fosterheim eller på institusjon. Tilvising om institusjon, fosterheim, familieråd eller statleg hjelpetiltak skal kommunen sende til postmottak i Bufetat. Postmottak vidaresender dette til regional inntakeseining eller den regionale fosterheimstenesta i den regionen kommunen tilhøyrer.
Ved spørsmål, ta kontakt med Enhet for inntak i Bufetat, region vest.






















