Sogn og Fjordane ungdomssenter
Sogn og Fjordane ungdomssenter består av to avdelingar: Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Meltunet tek imot barn og unge etter barnevernslova §§ 3-2 og 5-1. Institusjonen gjev omsorgstilbod til ungdom mellom 13 og 18 år. Bregnetunet tek i mot barn og unge etter barnevernslova §§ 6-1 og 6-2, og gjev eit behandlingsilbod til unge mellom 13 og 18 år. Den optimale opphaldstida er 6 til 12 månader, men ho kan utvidast etter individuelle planar og behov.
Kort om Sogn og Fjordane ungdomssenter
- Statlig
- Plasseringstyper: Atferd §§ 6-1 og 6-2, Omsorg §§ 3-2 og 5-1
- Kapasitet: 7 plassar
- Sted: Førde og Nordfjordeid
Besøksadresse
Bregnetunet 15, 6812 Førde
Postadresse
Postboks 2233, 3103 Tønsberg
Telefon: 46 61 88 00
E-post: ragnhild.espeseth@bufetat.no
For kommunar og barnevern
Informasjon til kommunar, barnevern og andre om kven vi tar inn, korleis vi jobber og korleis ein søker om plass.
Statsforvaltaren i Vestland fører tilsyn for å sikre at alle som bur på institusjon, får god omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal også følgje med på at gjeldande lovar og reglar vert følgde. Statsforvaltaren besøker institusjonen minst to gonger i året og snakkar blant anna med bebuarane om korleis dei har det på institusjonen.
Om bebuarane opplever at rettane deira ikke vert ivaretekne, kan dei klage til Statsforvaltaren. Dei som jobbar på institusjonen, hjelper bebuarane med klagen dersom det er ønskeleg.
Kommunen avgjer om eit barn eller ein ungdom skal plasserast i fosterheim eller på institusjon. Tilvising om institusjon, fosterheim, familieråd eller statleg hjelpetiltak skal kommunen sende til postmottak i Bufetat. Postmottak videresender dette til regional inntakseining eller den regionale fosterheimstenesta i den regionen kommunen tilhører.
Ved spørsmål, ta kontakt med Enhet for inntak i Bufetat, region vest.












