Ny retningslinje skal gi betre samvær

Publisert
Den nye retningslinja skal støtte barnevernstenestene i å legge til rette for samvær av god kvalitet og til det beste for barnet.
Eit viktig poeng i retningslinja er at samværa skal bidra til å oppfylle formålet med samværet. Målet med samvær er mellom anna å styrke og utvikle relasjonen mellom barnet og foreldra, men avhengig av situasjonen, kan det også være andre mål, som å hjelpe foreldra til å bli meir trygge i rolla si.
– Alle omsorgsovertakingar skal i utgangspunktet reknast som midlertidige, derfor er det viktig at samværa er så gode som mogleg, slik at relasjonen fortsett å utvikle seg, fortel Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.
Målet om gode samvær gjeld også i dei tilfella kor ein har gått bort frå målet om å gjenforene barn og foreldre:
– Ein best mogeleg relasjon mellom barn og foreldre har ein viktig verdi, og samvær som bidrar til å oppretthalde og styrke relasjonen mellom barnet og foreldra kan vere riktig også i disse tilfella, så lenge det ikkje er til skade for barnet.
Retningslinja framhevar også planlegging og oppfølging av samværet, inkludert å planlegge for å kunne vere fleksibel, om situasjonen endrast eller det er nødvendig av andre grunnar.
Ivaretaking av kulturell bakgrunn
Andre viktige moment i retningslinja er barnets medverknad og ivaretaking av kulturell, språkleg og religiøs bakgrunn.
– Retningslinja har barnets beste i sentrum hele vegen. Vi veit at samvær er viktig for barnets tilknyting og identitetsutvikling, både på kort og lang sikt, forklarar Bruusgaard.
Samtidig er det viktig at barnet sjølve må få mogelegheit til å si meininga si om kor mykje og på kva vis, det ønskjer å ivareta bakgrunnen sin.
– Det er alltid mykje som er avhengig av den enkelte situasjonen og barnets behov, alder og modning. Derfor er det viktig at det blir gjort gode individuelle vurderingar.
I tillegg til at retningslinja både gjer reie for kva som er lovkravet, og gir forslag til korleis det kan følgjes i praksis, er det også stor bruk av refleksjonsspørsmål og moment ein bør stoppe ved. Dette kan til dømes vere at ein om barnet viser motstand mot samværet, spør seg om motstanden kan skuldast måten samværet gjennomførast på, innhaldet, sorg eller sakn, eller noko meir alvorleg.
– Vi vil gje barnevernstenestene verktøy til å gjere gode vurderingar. Vi kan ikkje si kva som er rett å gjere i ein kvar situasjon, men vi kan si noko om kva for spørsmål som kan være viktig å stille, seier Bruusgaard.
Støtte til betre samvær og foreldresamarbeid
Retningslinja er ei oppfølging av dei norske barnevernssakene som blei behandla i den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) i perioden 2016–2022.
Avgjerslene frå EMD, Høyesterett og etterfølgande rettspraksis, viste at samvær etter omsorgsovertaking var et kjernetema i mange av sakene.
Retningslinja er meint å fungere saman med ei anna retningslinje frå Bufdir, som ble publisert i desember 2022, om vurdering av samværsordning ved omsorgsovertaking, og bør brukast saman med dei relevante delane av barnevernsrundskrivet.
Bufdir ønsker å fortsette å utvikle støtta på temaet, og til hausten kjem også meir forsking som skal sjå på ivaretaking av foreldre etter omsorgsovertaking.