Gå til hovedinnhold Gå til hovedmeny

Tilskot til foreldrestøttande tiltak

Familie sitter på bakken i en innkjøresel
Illustrasjonsfoto: Pia Sønstrød

Søkje om tilskot

Søknadsfrist for 2024: 1. mars 2024

Beløp: Det er løyvd kr 51,24 mill. til ordninga for 2024. Frå denne løyvinga skal vi dele ut om lag kr 33 mill. til tiltak som har fått vedtak om tilskot for 2024 tidlegare år. Det er dermed kr 18,2 mill. til fordeling til nye søknader i 2024.

Regelverk for tilskotsordninga

  • Alle kommunar, og dessutan bydelane i Oslo kommune, kan søkje om tilskot fór inntil tre år.
  • Kommunen kan velje om tiltaket skal gjennomførast i samarbeid med familievernkontor, statlege instansar, frivillige organisasjonar som er registrerte i Frivilligregisteret og/eller andre kommunar, men éin kommune må stå som ansvarleg søkjar.
  • Kommunar og bydelar som allereie får eller tidlegare har fått tilskot gjennom denne ordninga, er ikkje utelukka frå å søkje på nytt, men nye kommunar vil som hovudregel ha prioritet.

Tilskotsmidlane skal stimulere til heilskapleg førebyggjande arbeid og tidleg innsats i kommunane når det gjeld foreldrestøtte, og stimulere til auka samarbeid mellom velferdstenestene og med frivillig sektor. Ordninga skal vere inkluderande når det gjeld ulike samfunnsgrupper, inkludert foreldre med levekårsutfordringar.

Kommunane og bydelane i Oslo kan søkje om støtte til:

  1. Gjennomføring av kunnskapsbaserte og fagleg etablerte foreldrestøttande tiltak. Gjennomføringa må følgje fagleg utvikla standardversjon av metoden/kurset som inngår i tiltaket. Val av metode/kurs avgjer om tiltaket kan tilbydast i grupper eller individuelt.
  2. Gjennomføring av samlivskurset «Godt samliv - parkurs for førstegongsforeldre» med minst fire deltakande par.
  3. Gjennomføring av supplerande foreldrestøttande tiltak (opne møteplassar, avlastingstiltak og andre lågterskeltilbod som styrkjer deltaking, nettverk og oppleving av støtte og meistring). Samarbeid med det frivillige er spesielt aktuelt for denne typen tiltak. Det supplerande tiltaket skal vere eit utfyllande tilbod til foreldre i kommunen, og skal kunne fungere som ein mogleg arena for rekruttering til strukturerte foreldrerettleiingstilbod. For å kunne søkje støtte til slike tiltak, er det derfor ein føresetnad at kommunen i tillegg søkjer om eller allereie tilbyr kunnskapsbaserte og fagleg etablerte tiltak som er beskrivne i punkt a).
  4. Kompetanseheving av personar tilsett i kommunale tenester eller tilknytt frivillige organisasjonar, som er nødvendig for å gjennomføre tiltak beskrivne i punkt a) og b).

Frivillige organisasjonar som samarbeider med søkjarkommunen/-bydelen om gjennomføringa av det aktuelle tiltaket, kan få dekt utgiftene sine knytt til gjennomføringa gjennom tilskotsmidlane.

Tilskotsmidlane kan ikkje brukast til direkte økonomisk støtte i form av utbetalingar til enkeltpersonar eller enkeltfamiliar.

I saksbehandlinga kan direktoratet vektleggje tiltak som inneber å gi foreldre eit likeverdig tilbod med tanke på geografisk spreiing, sosiokulturell bakgrunn, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering m.v. korleis operasjonalisere dette i søknadsskjemaet?

Andre prioriteringar er:

  • tiltak som i størst grad bidreg til å nå målet med tilskotsordninga
  • tiltak som blir gjennomførte i samarbeid mellom ulike kommunale tenester
  • tiltak som bidreg til å byggje opp ei breidd i det foreldrestøttande tilbodet i kommunen, som treffer alle foreldres ulike behov i rolla som foreldre
  • tiltak som blir i tillegg sette i verk til, eller bidreg til å styrkje eller vidareutvikle allereie igangsette tiltak for foreldre og barn
  • tiltak som har kommunal forankring i politiske eller administrative vedtak og/eller i kommuneplanar
  • tiltak som vender seg spesielt til foreldre med levekårsutfordringar eller ein utfordrande livssituasjon
  • tiltak som kan bidra til at ulike samfunnsgrupper blir nådde
    kommunar som ikkje har fått tilskot gjennom ordninga tidlegare

For tilskotsåret 2024 blir prioritert søknader om støtte til tiltak der det frivillige er involvert.

Målet med tilskotsordninga er å styrkje foreldre i foreldrerolla, og dermed bidra til at foreldra blir gode omsorgspersonar for barna sine, og førebyggje at barn blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Målgruppa for tiltaka er foreldre med barn i alderen 0-18 år.

Les godt gjennom heile søknadsskjemaet før de startar utfyllinga av søknaden. Ta kontakt med oss dersom det er noko de ikkje forstår.

Svar på det vi spør om, og vêr så konkret som mogleg. Ofte er det betre å gi kortfatta og presise svar beskrivingar enn lange, utbroderande beskrivingar.

Beskriv rammene og innhalda av tiltaket så godt som mogleg

  • Kven skal leie og styre tiltaket
  • Kva rolle skal eventuelle samarbeidspartnarar ha i gjennomføringa
  • Fremdriftsplan
  • Målgruppe
  • Om tiltaket er innretta på universelt, selektivt eller indikert nivå
  • Plan for rekruttering av deltakarane

Budsjett

Set opp eit realistisk budsjett for tiltaket. Skaff dykk først god oversikt over kor mykje det faktisk vil koste å gjennomføre tiltaket, deretter kor mykje av kostnadene de dekkjer med eigne økonomiske midlar eller andre inntekter. Finansieringsbehovet som står igjen etter dette vil dermed utgjere søknadssummen til Bufdir.

Egenfinansiering

Det er positivt dersom de bidreg med eigenfinansiering. I denne samanhengen betyr eigenfinansiering økonomiske midlar som de bidreg med tiltaket, eller at de dekkjer kostnader til administrasjon, husleige, lønn til tilsette som jobbar med tiltaket e.l.. Deltakaravgift, sponsormidlar, øyremerkte prosjekttilskot frå andre og liknande blir ikkje rekna som eigenfinansiering.

Vi startar saksbehandlinga når søknadsfristen har gått ut. Dersom vi oppdagar manglar eller feil i ein søknad, kan vi ta kontakt med dykk med ein frist for rettingar og eittersendingar. Det er ikkje alltid vi gjer det.

Vi tek sikte på at vi er i mål med saksbehandlinga rundt to månader etter at søknadsfristen har gått ut. Vi vil då sende ut melding om tilskot eller avslag.

Dersom de får tilskot, vil dette bli utbetalt inntil tre veker etter at saksbehandlinga er ferdigstilt. Dette vil likevel kunne variere noko.

Klage

Frå 2023 er det ikkje klagemoglegheit i denne tilskotsordninga.

Rapportering

Alle kommunar som har fått tilskot, skal sende inn rapport på tiltaka sine, også ved fleirårige tiltak.

Rapporteringsfrist for 2023: Den ordinære fristen for fremdrifts- og sluttrapportering er 1. mars 2024. Viss de har søkt om og fått godkjent utsetjing av fristen, skal de ta omsyn til datoen vi har godkjent.

De skal rapportere på korleis de har brukt tilskotet, og på kva måte og i kva grad måla de oppgav i søknaden har blitt oppfylte.

Dersom det gjeld fleirårige tiltak, sender de inn framdriftsrapport undervegs og ein meir omfattande sluttrapport når tiltaket er ferdig. Ved eittårig tiltak sender de berre inn sluttrapport.

Saman med rapporten skal de sende inn rekneskap. Dette gjeld òg ved framdriftsrapportering.

Rekneskapen blir revidert av kommunerevisjonen. Ved tilskot gitt over fleire år er det berre nødvendig med revisorattestert rekneskap når de skal sende inn sluttrapport. Revisor må då revidere rekneskapen for heile prosjektperioden.

Viss det er ein frivillig organisasjon som driftar tiltaket, er det likevel kommunen som skal sende inn rapport.

De skal ta omsyn til det regelverket som gjaldt det året søknaden deira blei innvilga:

Endringar i prosjektet

Viss de må endre tiltaket undervegs, er det viktig at de tek kontakt med oss så snart som mogleg. Vi vil normalt berre godkjenne endringar som held seg rimeleg innanfor rammene av den opphavlege søknaden. Det kan vere at de òg må leggje ved eit nytt budsjett.

Tilskot skal normalt sett nyttast innan utgangen av tilskotsperioden, som er 31. desember i det siste året de er innvilga tilskot for. Viss de ønskjer å forlengje tilskotsperioden, må de sende inn ein eigen søknad om utsetjing innan 1. desember i det siste tilskotsåret.

Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må de så snart som mogleg gi beskjed til oss om det. De må då betale tilbake tilskotet til oss.

Viss de ikkje får gjennomført tiltaket de har fått tilskot til, må tilskotet betalast tilbake til oss. Viss de ikkje har brukt opp midlane de har fått, er det sannsynleg at de må betale tilbake det som er unytta til oss.

Det er òg mogleg at vi vil krevje tilbakebetaling av tilskotet dersom tiltaket ikkje er gjennomført i tråd med den opphavlege søknaden og/eller dersom rekneskapen viser vesentlege avvik frå budsjettet i søknaden.

Dersom de må endre på tiltaket, ikkje får gjennomført tiltaket eller må betale tilbake midlar vil det ikkje påverke moglegheita til å søkje om tilskot i framtida. Unntaket er viss de har gjort noko som gjer at de blir utestengde frå ordninga i eitt eller fleire år.

Søkjarar som ikkje har sendt inn rapport og rekneskap for tidlegare tilskot, vil normalt ikkje få nye tilskot før rapport og rekneskap er sendt inn og godkjende, eller tilskotet er betalt tilbake. Dette kan i enkelte tilfelle òg gjelde søkjarar som har fått forlengt rapporteringsfrist. Tilskotsmottakarar som har fått vedtak om å betale tilbake tilskot, og ikkje har gjort det, vil ikkje få nye tilskot.

Kontakt

Saksbehandlar

Ellen Gjeruldsen
E-post: ellen.gjeruldsen@bufdir.no
Telefon: 466 17 922

Tilskotsavdeling

E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580