Tilskot til bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsett for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Søkje om tilskot
Søknadsfrist for 2026: Søknadsfristen for 2026 var 18. mars 2026.
Kven kan søkje?
Det er berre kommunar som kan søkje om tilskot på denne ordninga.
Kva kan kommunar søkje om tilskot til?
I Prop. 1 S (2025-2026) blir det løyvd totalt 30 791 000 kroner til det nasjonale bu- og støttetilbodet.
Løyvinga over statsbudsjettet kapittel 671 post 62 gjeld både det ordinære tilbodet og pilotprosjektet for personar over 18 år som har vore utsette for ufrivillig opphald i utlandet (sjå eiga kunngjering).
Bevilginga skal sikre ei vidareføring av tilskotet frå fjorårets tilskot til det ordinære bu- og støttetilbodet, omrekna for pris- og lønnsvekst, forutsett at tilbodet vert vidareført med det same talet på plassar som tidlegare.
Ramma for vekst i det statlege tilskotet frå 2025 til 2026 vert difor sett til 3,7 prosent.
Formål
Formålet med tilbodet er å gi brukarane hjelp innanfor trygge rammer til reetablering og til å kunne leve eit så normalt liv som mogleg. Tilbodet skal vere eit tillegg til det lovpålagde hjelpetilbodet i kommunane og tenester.
Bufdir har eit overordna ansvar for bu- og støttetilbodet til unge utsett for tvangsekteskap og æresrelatert vald.
Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald koordinerer og administrerer tilbodet.
Kommunane har det operative ansvaret for innhald og drift av det enkelte tilbodet.
Regelverk
Kontakt
E-post: tilskudd@bufdir.no
Telefon: 466 15 580
Knut Aase
E-post: knut.aase@bufdir.no
Telefon: 466 15 149
Kristine Valle
E-post: Kristine.valle@bufdir.no
Telefon: 466 16 847