Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fosterheim på Bokn

Det finst barn og unge på Bokn som ikkje kan bu heime. Dei treng trygge vaksne som kan gje dei stabilitet, omsorg og kjærleik. Kan du gjera ein forskjell for eit av desse barna?

Barn på Bokn som treng fosterheim er som alle andre barn – med ulike interesser, behov og draumer. Felles for dei er at dei ikkje kan bu hjå foreldra sine, og difor treng ein trygg, ny heim.

Når eit barn må flytta, er det som regel best for barnet å flytta til nokon i nærmiljøet. Då kan dei behalda vennar, fortsetja på same skule og delta i sine fritidsaktivitetar. Det skapar tryggleik og kontinuitet i ein elles sårbar situasjon.

Eit felles ansvar

«Me bryr oss om ungane våre» er grunntanken i arbeidet med fosterheim på Bokn. Kommunen ønskjer at det skal vere eit felles ansvar at alle barn får ein trygg og god oppvekst, og at barn som skal flytta i fosterheim får bli i sin kommune, når det er til barnets beste.

Å vere fosterheim er meiningsfullt, men det er òg eit viktig ansvar. Som fosterheim på Bokn skal du vere trygg på at kommunen gjer deg støtten, opplæringa og oppfølginga du har behov for.

Bufetat har ansvar for rekruttering og opplæring av fosterheimar, medan barneverntenesta i Bokn kommune har ansvar for barnet, foreldra og deg som fosterheim.

Kan du opna heimen og hjartet ditt?

Du treng ikkje bestemme deg no. Meld deg på nettmøte om å vere fosterheim, eller ta kontakt for ein uforpliktande samtale.

Fosterheim på Bokn | Bufdir