Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Råda for personar med funksjonsnedsetting - rettleiar

Råda for personar med funksjonsnedsetting - rettleiar

Rettleiaren er utarbeidd av Bufdir i samarbeid med Kommunal- og distriktsdepartementet. Denne rettleiaren skal vere til hjelp med arbeidet i rådet. Her finst både rettleiing til formelle føresegner og nyttige råd og tilrådingar for å lykkes best mogleg i rådsarbeidet.

Innhald

  1. Kva er rådet for personar med funksjonsnedsetting
    • Kva for saker kan rådet jobbe med?
    • CRPD og rådsarbeid
  2. Spesielt for medlemmene av rådet
  3. Spesielt for rådssekretærer og administrasjon
  4. Korleis opprette rådet

Oppdatert versjon 08.09.2023

Det føljer av kommunelova § 5-12 at kommunestyret og fylkestinget skal velja eit råd for personar med funksjonsnedsetting. Rådet utgjer saman med eldrerådet og ungdomsrådet dei lovpålagte organa for medverking i kommunar og fylkeskommunar.

Personar med funksjonsnedsetting er ofte underrepresenterte i folkevalde organ, og deira stemme er ofte ikkje gjort synleg. Dette var ei grunngiving for å lovfeste rådsordninga i 2007. Gjennom FN-konvensjonen om rettar for personar med funksjonsnedsetting skal myndigheitene sikre at personar med funksjonsnedsetting får delta i det politiske liv på lik linje med andre, enten direkte eller gjennom fritt valde representantar. Rådet for personar med funksjonsnedsetting er viktig for å sikre denne retten.

Forskrift om medverkingsordningar gjeld for rådet. Der er det reglar om blant anna rådets oppgåver, samansetnad og organisering.

Dei reglane i kommunelova som gjeld for folkevalde organ, gjeld også for råda. Det inneber blant anna at råda må følgje saksbehandlingsreglane i kommunelova kapittel 11. Medlemmene av råda blir rekna som folkevalde og har same rettar og pliktar som medlemmene av folkevalde organ (kommunelova kapittel 8).

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha eit reglement for medverkingsråda. Reglementet skal fastsette organets verkeområde og eventuelle vedtaksmynde, tidsperioden organet er oppretta for og eventuelle andre sentrale føresegner om organets verksemd (kommunelova § 5-13).

Rådet for personar med funksjonsnedsetting skal sikre ei brei, open og tilgjengeleg medverking frå personar med funksjonsnedsetting. Rådet er rådgjevande organ for kommunen eller fylkeskommunen og har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder personar med funksjonsnedsetting. Dette inneber både saker som omhandlar tenester til personar med funksjonsnedsetting, men også andre saker som påverkar personar med funksjonsnedsetting.

Slike saker skal kommunestyret, fylkestinget eller andre folkevalde organ legge fram for råda. Samtidig har råda rett til å ta opp saker innafor dei kommunale og fylkeskommunale ansvarsområda på eige initiativ.

Rådet har rett til å komme med synet sitt på ei sak, det er ikkje ei plikt. Det er opp til rådet å vurdere om det skal gi ei fråsegn. Rådet kan dermed avgjere kva saker dei vel å komme med innspel til.

Det skal opprettast separate råd for eldre og råd for personar med funksjonsnedsetting i alle kommunar og fylkeskommunar. Det følgjer av forskrifta om medverkingsordningar § 4 at kommunen eller fylkeskommunen kan opprette eitt felles råd for eldre og personar med funksjonsnedsetting dersom det ut frå lokale forhold er nødvendig.

Moglegheita for felles råd er ein unntaksregel for dei tilfella der det er nødvendig med felles råd, fordi det er vanskeleg å etablere separate råd ut frå lokale forhold. For eksempel kan det vere vanskeleg å finne mange nok kvalifiserte kandidatar medlemmer til å opprette to råd i mindre kommunar.

Terskelen for å opprette felles råd er høg, og økonomiske forhold alene er ikkje ein god grunn til å opprette felles råd. Eldre og personar med funksjonsnedsetting har ikkje alltid samanfallande interesser. Saksfeltet for eit felles råd kan bli for stort. Den absolutte hovudregelen er derfor separate råd. Organisasjonar for eldre, organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting og etablerte råd for eldre og for personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylket skal høyrast før kommunestyret eller fylkestinget avgjer om det skal opprettast eitt felles råd.

Vi vil samtidig understreke at samarbeid med både eldreråd og ungdomsråd er viktig.

Rådet har rett til å uttale seg i alle saker som skal behandlast i kommunen eller fylkeskommunen, slik at synspunkta og behova til personar med funksjonsnedsetting blir synleggjorde og er del av saka før det blir teke ei avgjerd.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi råda myndigheit til å fordele løyvingar. Rådet skal ikkje behandle saker som gjeld avgjerder overfor enkelpersonar. Rådet skal kvart år leggje frem ei årsmelding om sitt arbeid for kommunestyret. Det fylkeskommunale rådet legger frem si melding for fylkestinget (forskrift om medverkingsordningar § 2).

Døme på løyvingar er at råda kan ha ansvar for å tildele tilskot til ulike tilstellingar som har tema som er relevant for personar med funksjonsnedsetting. Rådet kan rette merksemd på og fremme god tilgjengelegheit ved å dele ut lokal tilgjengelegheitspris.

Dersom saka i realiteten er avgjort på det tidspunktet rådet mottek ho, vil ikkje rådet kunne utføre si lovpålagte oppgåve som rådgjevande organ for kommunen.

Kommunestyret og fylkestinget må etablere rutinar som sikrar at råda mottar saker så tidleg som mogleg, slik at dei kan påverke utfallet av saka. Rådet kan også fremme saker for kommunestyret og fylkestinget på eige initiativ (forskrift om medverkingsordningar § 2).

Tilrådingane frå rådet for personar med funksjonsnedsetting skal følgje saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg. Tilrådingane vil dermed vere ein del av grunnlaget i saka.

Rådet er et kommunalt organ og skal derfor behandle saker og treffe sine vedtak i møte, med innkalling, saksliste og møtebok (kommunelova § 11-2 første ledd).

Det er opp til kommunen og fylkeskommunen å fatte endeleg vedtak i dei einskilde sakene. For å sikre god medverking bør det være rutinar som sikrar at rådet får melding om avgjerda i saka. Det kan også være viktig at rådet får vite korleis saka blei behandla.

Det er opp til kommunestyret og fylkestinget sjølv å avgjere om rådet skal ha møte- og talerett i folkevalde organ i kommunen. Fleire kommunar har god erfaring med å gje rådet slik rett.

Råd for personar med funksjonsnedsetting veljast av kommunestyret og fylkestinget.

Valperioden for rådet for personar med funksjonsnedsetting er på inntil fire år og fylgjer valperioden for kommunestyre og fylkesting Det er inga grense i kommunelova for kor mange gonger eit medlem kan veljast.

For at råda skal ha tid til å konstituere seg og få den nødvendige opplæringa i tide for å påverke saker som skal opp for kommunestyret, er det viktig at dei veljast så snart som mogleg etter valet av nytt kommunestyre og fylkesting. Det er anbefalt at rådet blir valt på det konstituerande møtet i kommunestyret og fylkestinget etter valet eller så snart som mulig etter det. Rådet må oppnemnast seinast innan årsskiftet.

Les meir i rettleiar om konstituerande møte i kommunestyre og fylkesting og val til folkevalde organ

Kommunestyret og fylkestinget vedtar samansetjinga av rådet og kor mange medlemmer og varamedlemmer rådet skal bestå av. Det er ingen øvre eller nedre grense for kor mange rådet kan bestå av. Rådet vel sjølv leiar og nestleiar.

Organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetting, har rett til å fremme forslag om medlemmer til rådet for kommunestyret og fylkestinget. Organisasjonane bør få informasjon om retten til å foreslå medlemmer i god tid før medlemmene skal veljast. Det er vanleg at rådet består av personar frå organisasjonane og politikarar, men også andre kan veljast til å sitte i rådet.

Det er viktig at råda settast saman av personar som representerer ei bredde med omsyn til funksjonsnedsetting. Organisasjonane på fylkes- og regionsnivå kan ofte være behjelpelege med å foreslå kandidatar dersom det ikkje er lokallag i kommunen.

Rådet skal bidra til ei brei, open og tilgjengeleg medverking i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting. Det er viktig at medlemmene i rådet ikkje berre representerer seg sjølve eller sin organisasjon, men at det leggjast til rette for at dei kan representere alle med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen.

Brei medverking inneber blant anna at

  • rådet skal kunne uttale seg om eit breitt spekter av saker i kommunen eller fylkeskommunen
  • dei som blir valde som medlemmer til rådet, bør ha ulik alder og erfaringsbakgrunn
  • rådet kan uttale seg om alle saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting

Open og tilgjengeleg medverking tyder at

  • kommunen eller fylkeskommunen må sikre at rådet får alle relevante saker der rådet kan gi fråsegn
  • rådet sine fråsegner skal vere offentlege
  • rådet kan ta opp saker også på eige initiativ
  • fråsegna frå rådet skal følge saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka
  • møtedokument, protokoll frå rådets møter og rådet sine fråsegner er offentlege og bør gjerast tilgjengeleg for befolkninga i sin alminnelegheit for eksempel på kommunane/fylkeskommunane sine nettsider
  • rådets møter er opne for alle med mindre det er grunnar som tilseier at møtet blir lukka i samsvar med kommunelova § 11-5.

Noreg har forplikta seg til å følgje FN-konvensjonen om rettane til menneske med funksjonsnedsetting. Hovudformålet til konvensjonen er å

  • fremje, verne om og sikre at menneske med funksjonsnedsetting har full og likeverdig rett til å nyte alle menneskerettar og grunnleggande fridommar
  • fremje respekten for den ibuande verdigheita deira

Dei grunnleggande menneskerettane og fridommane CRPD beskriv, er dei same rettane som alle andre har.

Dei grunnleggande rettane følger av ei rekke konvensjonar som Den europeiske menneskerettskonvensjonen, Den internasjonale konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og Den internasjonale konvensjon om sivile og politiske rettar, som allereie gjeld som norsk lov. CRPD beskriv korleis rettane kan realiserast for personar med funksjonsnedsetting og kva myndighetane på statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå må gjere for å forhindre diskriminering.

Konvensjonen beskriv også at desse rettane er «udelelege, avhengige av kvarandre og innbyrdes forbundet». Med dette tydar at rettane må realiserast på alle områder. Det vil ikkje vere tilstrekkeleg at kommunen er merksam på nokre få av rettane eller arbeider innanfor berre eitt tenesteområde.

Det er forbode etter norsk lov å diskriminere personar med funksjonsnedsetting. Likestillings- og diskrimineringslova beskriv forbodet mot direkte og indirekte forskjellsbehandling. Lova beskriv også når det er lov med forskjellsbehandling.

Likestillings- og diskrimineringslova beskriv også forbodet mot diskriminering på kombinasjonar av grunnlag. I konvensjonen skildrast det ei bekymring for den særleg vanskelege situasjonen til personar som både har ei funksjonsnedsetting og ein annan grunn for diskriminering slik som hudfarge, kjønn, språk, religion, politisk eller annan oppfatning, nasjonal, etnisk, urfolks- eller sosial opphav, formue, fødsel, alder eller status

Konvensjonen legg til grunn ei menneskerettsleg forståing av funksjonshemming. Det tyder at det ikkje er tilhøve ved personen aleine som gjer at personen får ei funksjonshemming, men at rettane til personen ikkje blir tatt vare på.

Moglege døme på brot på slike rettar kan vere at personen ikkje kan delta fullt ut saman med andre elevar fordi skolen ikkje er universelt utforma, at personen ikkje kan delta i val fordi det ikkje er mogleg å koma seg til vallokalet, eller at personen ikkje blir innkalla til intervju til ein jobb fordi personen sitt i ein rullestol.

Det finst fleire måtar å definere kva funksjonsnedsetting er. Definisjonen som brukast i konvensjonen er at personar med funksjonsnedsetting blant anna er menneske med langvarig fysisk, mental, intellektuell eller sensorisk funksjonsnedsetting, som i møte med ulike barrierar kan hindre dei i å delta fullt ut og på en effektiv måte i samfunnet på lik linje med andre.

Døme på dette kan vere personar som sitter i rullestol, som er blinde, som har ein utviklingshemming, alvorleg psykisk liding eller langvarig somatisk sjukdom, som møter barrierar mot å delta i samfunnet på lik linje med andre.

Slike barrierar kan vere fysiske hindringar, som fortauskantar og trappar i inngangsparti; juridiske og organisatoriske forhold, som helsepersonells arbeidstider eller opningstider; haldningar i samfunnet, som lave forventningar til kva for slags arbeid personar med utviklingshemming kan ha, kommunikasjonsformer, som manglande tilrettelegging av informasjon og mykje meir.

Realisering av rettane i CRPD blir i stor grad bestemt av kommunar og fylkeskommunar. Som rådgjevande organ for kommunen bør råda seie frå dersom rettane i konvensjonen ikkje blir oppfylte og gi råd til kommunen om korleis rettane i konvensjonen kan oppfyllast.

Ved oppstart av ny rådsperiode bør råda gjere seg kjend med artiklane i konvensjonen. Realisering av rettane i CRPD blir i stor grad bestemt av kommunar og fylkeskommunar. Som rådgjevande organ for kommunen bør råda seie frå dersom rettane i konvensjonen ikkje blir oppfylte og gi råd til kommunen om korleis rettane i konvensjonen kan oppfyllast.

Når råda får ei sak dei skal uttale seg om, bør dei sjå korleis forslaget verker inn på rettane til personar med funksjonsnedsetting.

Ein annan måte konvensjonen kan brukast på, er at den kan danne utgangspunkt for å undersøke situasjonen for personar med funksjonsnedsetting i eigen kommune. På denne bakgrunnen kan rådet på eige initiativ fremme saker for kommunestyret. Døme på korleis dette kan gjerast finnes i rettleiaren frå KUN og FFO.

Likestillingssenteret KUN og FFO Trøndelag har utarbeida ei rettleiar for kommunale råd om konvensjonen. Målet med rettleiaren er å bidra til at kommunale råd varetek rettane til menneske med funksjonsnedsetting i kommunale tenester. I rettleiaren er det samla gode tips og råd til korleis råda kan arbeide meir aktivt med CRPD.

Bufdir har utarbeida ei rettleiar om CRPD som er retta inn mot dei som jobbar på tenestenivå i kommunen, i kommunens administrasjon og i leiing, som det også vil være nyttig for råda å kjenne til. Rettleiaren inneheld filmar om FN-konvensjonen og case som brukast som en del av opplæringsmateriellet om CRPD i kommunane. Den inneheld også ein presentasjon som gjev ein innføring i konvensjonen.

Som rådgivande organ vil rådet hovudsakleg jobbe med saker på eit overordna nivå, for eksempel budsjett og kommune- og regionale planar.

Det vil vere mange saksområde i ein kommune eller fylkeskommune som angår personar med funksjonsnedsetting. Innafor alle saksområde er hovudmålet å arbeide for like moglegheiter for alle og arbeide for å fjerne funksjonshemmande barrierar. Dette vil bidra til å skape eit likestilt samfunn i kommunar og fylkeskommunar. Rådet kan behandle saker innan ulike område, som for eksempel

  • budsjett, årsplanar og årsmeldingar
  • kommunal planlegging
  • tilgjengelegheit i utvikling av byar og nærmiljø
  • oppvekst, barnehage og skule/utdanning
  • helse- og omsorgstenester
  • transport
  • kultur og fritid
  • arbeid
  • tilrettelagte arbeids-, aktivitets- og dagtilbod
  • aktivitets- og rapporteringsplikta

Kommunane har ansvar for grunnskoleopplæring, og fylkeskommunane har ansvar for opplæring i vidaregåande skole. Artikkel 24 i FN-konvensjon om rettighetane til menneske med funksjonsnedsetting, pålegg statane å sørge for at menneske med funksjonsnedsetting får utdanning på lik linje med andre.

Les meir om innhaldet i artikkel 24 i Bufdirs rettleiar til «FN konvensjonen om rettigheiter til menneske med funksjonsnedsetting».

Nordlandsforsknings kartlegging (2022) viser at kommunale råd arbeider forholdsvis lite med saker innan opplæring, skole, barnehage og oppvekst.

Råda bør skaffe seg kunnskap om situasjonen for elever med funksjonsnedsetting i eigen kommune. Rådet kan for eksempel sjå på om

  • det er mogleg for alle å gå på nærskolen sin,
  • skolen er universelt utforma
  • elevane får ei god og tilpassa opplæring, med nødvendige hjelpemiddel, og spesialpedagogisk oppfølging der det er nødvendig. Elevar som er lite med i ordinær klasseromsundervisning kan ha vanskar med å komme med i det sosiale miljøet på skolen.

Midler til skole i budsjett og plan

Rådet bør ha ei oppfatning av om midlane som er avsett til grunnskole og vidaregåande opplæring i årsbudsjettet og økonomiplanen er tilstrekkelege for å sikre likeverdig opplæring for personar med funksjonsnedsetting.

For å kunne gi gode råd til kommunen er rådet avhengig av fyldig og oppdatert informasjon om tilstanden innan skole/utdanning for elever med funksjonsnedsetting.

Rådet bør be kommunen legge fram mest mogleg utførleg informasjon og etterlyse slik informasjon viss den manglar. Rådet bør på dette grunnlaget ta opp eventuelle manglar eller forbetringspunkt i ein dialog med kommunen. Ved å ta opp skolespørsmål kan rådet bidra til oppfylling av retten til utdanning.

Sjå ein video om rådane sitt arbeid med ei inkluderande skule (YouTube)

Kommunen har plikt til å sørge for at personar som oppheld seg i kommunen, får tilbod om nødvendige helse og- omsorgstenester. I lov om kommunale helse- og omsorgstenester er det spesifikt nemnt at kommunen sitt ansvar omfattar personar med funksjonsnedsetting.

  • At fastlegekontor er universelt utforma
  • Tekniske hjelpemidlar og velferdsteknologi
  • At bustader for barn og vaksne personar med utviklingshemming og personar med psykiske lidingar ikkje er for store og institusjonsliknande
  • At kommunane arbeider for å avgrense tvangsbruk innan tenestene

Det er også andre område av livet som har betydning for helsa til personar med funksjonsnedsetting, og som råda bør vere merksame på. Døme på dette er

  • at det finst gode transportløysingar som gjer at dei kan komme seg rundt i samfunnet, besøke venner og familie
  • at dei har tilgang til både ordinære og tilrettelagte tilbod som gjer at dei kan holde seg orienterte og være aktive, delta i fritidsaktivitetar, kultur- og musikkaktiviteter, trus- og livssynssamfunn, politikk og samfunnsliv, aktivitetstilbod
  • at dei kan ha arbeid

Her kan du sjå ein film om rådas arbeid med tilgang til kommunale tenester (YouTube)

Råda bør kjenne til artiklane i CRPD som er relevante for helse- og omsorgstenesten. Artikkel 25 om helse og artikkel 26 om habilitering og rehabilitering er døme på artiklar som er særleg viktige.

Råda bør ha eit særskilt blikk på korleis kommunane sikrar likeverdige tenester til personar med funksjonsnedsetting. Dette kan rådet arbeide med gjennom å ha kontakt med ulike brukarar av tenestene og ha ein nær dialog med kommunen.

Innan helse- og omsorgstenestene skal kommunane ha eit system for leiing og kvalitetsforbetring, jf. forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene. Her skal kommunane beskrive korleis dei planlegg, gjennomfører, evaluerer og korrigerer tenestene. I arbeidet med dette skal kommunane sørge for at erfaringane frå pasientar, brukare og pårørande gjerast nytte av, og her kan råda spele ein viktig rolle.

Ved oppstart av ny rådsperiode kan rådet invitere helse- og omsorgstenestene i kommunen til å gjere greie for aktuelle føresegner i lov og forskrift, menneskerettar og korleis tenestene arbeider for å overhalde desse krava. Det vil gjere rådet betre rusta til å følge med på korleis kommunen følger opp ansvaret sitt innanfor lova.

Ei av råda sine viktigaste oppgåver er å medverke i dei regionale og kommunale planprosessane og bidra til at bygg og uteområde har god tilgang for alle.

Artikkel 9 i CRPD handlar om tilgang. God tilgang er naudsynt for at menneske med funksjonsnedsetting på lik linje med andre skal kunna leva sjølvstendige liv og delta fullt ut på alle livets område. Det må derfor settast i verk tiltak som identifiserer og fjernar tilgangsbarrierar til bygningar, transport, skolar og bustader med meir. Det er viktig med standardar som varetek universell utforming.

Regjeringa legg kvart fjerde år fram nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Berekraftsmåla skal vere ein del av grunnlaget for planlegginga. Berekraftsmåla skal bidra til å kjempe mot ulikheit. Eit av prinsippa er at ingen skal bli utelatne, og dette inkluderer menneske med funksjonsnedsetting.

Råda bør kjenne til FNs berekraftsmål og følge med på korleis desse blir brukt i planlegginga, for eksempel berekraftsmål 11, som har som mål å gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige innan 2030.

  • Eit av delmåla (11.7) er å sørge for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med funksjonsnedsetting, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom.
  • Delmål 11.1 seier at ein skal sørge for at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggande tenester til ein overkommeleg pris.
  • I delmål 11.3 er målsettinga å styrke inkluderande og berekraftig urbanisering og moglegheita for ei deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvaltning.

God planlegging er eit viktig verkemiddel for å skape kommunar med like moglegheiter for alle. Bygningar og uteområde med gode universelle løysingar legg grunnlag for sjølvstendige liv.

Les meir om retten til eit sjølvstendig liv i rettleiar til artikkel 19 i FN-konvensjonen om rettane til personar med funksjonsnedsetting (Bufdir).

Arbeid med plansaker

Planprogrammet skal gjere greie for formålet med planarbeidet, planprosessen med fristar og deltakarar, opplegget for medverking, spesielt når det gjeld grupper det er pårekna kan bli særleg ramma. Planprogrammet skal sendast på høyring. Rådet bør ta kontakt med kommunen for å avtale når i planprosessen rådet skal trekkast inn og gje høyringsfråsegn.

Planstrategien skal ta stilling til kva for planoppgåver som skal prioriterast i valperioden. Den skal ta stilling til strategiske val for samfunnsutviklinga og korleis universell utforming skal varetakast i kommunale planar.

Råda bør gi innspel til

  • statusbeskriving av universell utforming
  • utfordringar med deltaking som personar med funksjonsnedsetting har på ulike område i samfunnet
  • kva for planar som bør vidareførast eller reviderast
  • om det er behov for delplanar om for eksempel universell utforming
  • om det er behov for delplanar om gjennomføring av FN-konvensjonen om rettane til personar med funksjonsnedsetting

Kommuneplanen er kommunens overordna styringsdokument. Kommuneplanen består av to deler

  1. samfunnsdel med handlingsdel: Kommuneplanens samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilheit og kommunen som organisasjon.
  2. arealdel (Plan og bygningsloven §11-1): Kommunen kan vedta føresegner om universell utforming i arealdelen av kommuneplanen.

Rådet bør gje innspel til kommunen slik at kommunens arbeid for å oppfylle FNs berekraftsmål, målsetjingar for kommunens arbeid med universell utforming og gjennomføring av FN-konvensjonen om rettane til personar med funksjonsnedsetting er tema som blir belyst i samfunnsdelen.

Ein reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som angir bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader. Reguleringsplanen kan innehalde føresegner om funksjons- og kvalitetskrav til bygningar, anlegg og uteareal, irekna krav for å sikre omsynet til helse, miljø, sikkerheit, universell utforming og barns særskilde behov for leke- og utandørs opphaldsareal (Plan- og bygningsloven § 12-7). Det betyr at råda må setja seg inn i reguleringsplanar som blir utarbeidde i kommunen og vurdere om rådet bør gi uttale til planen.

Rettleiar om universell utforming i planlegging (Kommunal- og Moderniseringsdepartementet)

I dei fleste kommunar er det svært få bustader som er tilgjengelege for personar med rørslehemming. Statleg politikk legg opp til at kvar enkelt i åra framover må ta større ansvar for å legge til rette eigen bustad for å kunna bu heime lengst mogleg.

Byggeprosessen blir styrt av den som eig bygget, og det er inga lovbestemt medverkingsrett. Det er opp til dei prosjektansvarlege om råda skal trekkast inn.

Spesielt når det gjeld kommunale og fylkeskommunale bygg, kan det vera naturleg at råda trekkast inn i ein tidleg fase før rammene for prosjektet blir fastlagde. Slik kan dei gje innspel som i størst mogleg grad varetek alle brukargrupper.

Råden har også ei viktig rolle i å gi innspel til om kommunale/fylkeskommunale bygg bør oppgraderast. Rådet kan peike på kva det er ved eksisterande bygg som gjer det vanskeleg å bruke dei på ein likestilt måte. Rådet kan foreslå at kommunen utarbeider en plan for oppgradering av eksisterande kommunale bygnader.

Rådas arbeid med universell utforming (YouTube)

For å oppnå berekraftige lokalsamfunn er det ein føresetnad at flest mogleg kan nytte kollektivtransport. Transport er viktig for å oppfylle artikkel 19 i CRPD om retten til eit sjølvstendig liv og vere ein del av samfunnet.

Eit universelt utforma transportsystem er ein føresetnad for oppfyllinga av ei rekke andre rettar som retten til utdanning, arbeidsliv og deltaking i kulturliv, fritidsaktivitetar, fornøyelsar og idrett. Særskilt tilrettelagt transport er viktig for mange med funksjonsnedsetting, men kan oftast ikkje fullt ut erstatte god tilgang til universelt utforma, ordinær kollektivtransport.

Kommunar og fylkeskommunar må arbeide for at menneske med funksjonsnedsetting kan få tilgang til transport på lik linje med andre. Både kommunale og fylkeskommunale råd for personar med funksjonsnedsetting bør vera aktive og gjev innspel til kommunal og fylkeskommunal administrasjon for å medverke til at personar med funksjonsnedsetting sikrast likeverdig tilgang til transport.

Som rådsmedlem blir du rekna som folkevald på lik linje med andre som sit i folkevalde organ. Etter kommunelova gjeld derfor dei same reglane for rådet som for andre folkevalde organ, og medlemmene av rådet har dei same rettane og pliktene.

Det er viktig at representantane i rådet for personar med funksjonsnedsetting forstår rolla si og får hjelp til å forstå saksgangen i kommunen eller fylkeskommunen.

Dette gjeld spesielt om du er nyoppnemnd og ikkje har erfaring med å sitte i råd eller ikkje har politisk bakgrunn. KS Folkevalgtprogram gir grunnleggande informasjon om rollen som folkevalt. Om du ikkje har fått tilbod om å delta, kan du ta opp moglegheita for å delta på kurs i dette programmet med rådet ditt og kommunen eller fylkeskommunen din. Om det ikkje er mogleg å delta på folkeopplæringa, skal du få tilbod om annan opplæring.

Medlemmene i rådet for personar med funksjonsnedsetting skal til saman representere og vareta behova til alle innbyggjarane med funksjonsnedsetting i kommunen når dei gjev råd til kommunen. Dette gjeld òg, så langt det er mogleg, dersom du blei foreslått som medlem av rådet av ein bestemt organisasjon som representerer personar med funksjonsnedsetting.

Det er viktig å skaffe deg kunnskap om situasjonen og behova til personar med ulike former for funksjonsnedsetting ettersom deira utfordringar kan vere særs forskjellige.

Dersom du for eksempel deltek på ein konferanse på vegner av rådet, bør du vere bevisst på det slik at du uttaler deg i samsvar med synspunkta til rådet og ikkje på vegne av deg sjølv, ein organisasjon, eit politisk parti eller anna.

Politikarar kan inngå som medlemmer av rådet. Da er det ekstra viktig å vere bevisst rolla som representant for rådet, og at du ikkje representerer partiet ditt i denne situasjonen.

Her får du ein oversikt over korleis arbeidet i rådet for personar med funksjonsnedsetting kan gå føre seg. Råda har ei viktig oppgåve i å bidra til å skape ein likeverdig tilgang til tenester og tilbod for personar med funksjonsnedsetting i kommunen. Kommunane har ansvar for ei rekke tilbod og tenester som er viktige for livssituasjonen for personar med funksjonsnedsetting.

Råda bør arbeide breitt og arbeide for likestilling på fleire område og med ulike verkemedel som til dømes

  • budsjett, årsplanar og årsmeldingar
  • kommunal planlegging
  • tilgjengelegheit i utvikling av byar og nærmiljø
  • oppvekst, barnehage og skole/utdanning
  • helse- og omsorgstenester
  • transport
  • kultur og fritid
  • arbeid
  • tilrettelagte arbeids-, aktivitets- og dagtilbod
  • aktivitets- og rapporteringsplikta

Noreg har forplikta seg til å følge FN-konvensjonen om rettane til menneske med funksjonsnedsetting (CRPD). FN-konvensjonen bør vere ei overbygning og eit rammeverk for arbeidet i råda. Du kan lese meir om korleis rådet kan bruke konvensjonen i sitt arbeid under «Kva er rådet for personar med funksjonsnedsetting».

Rådet behandlar saker og treffer vedtak i møte. Det inneber at all behandling og drøfting av saker skal skje i formelle møte i samsvar med reglane for saksbehandling i kommunelova (om blant anna innkalling, saksliste og møtebok). Det gjeld både når rådet tek avgjerder, til dømes fråsegn til kommunestyret, og når rådet berre drøftar ei sak.

Som rådsmedlem kan du ta opp saker som er relevante for situasjonen til personar med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen. Ta kontakt med leiaren av rådet, og diskuter om saka kan takast opp på eit kommande møte i rådet.
Innkalling til møtet skal sendast til medlemmene med rimeleg varsel. Innkallinga skal innehalde ei liste over dei sakene som skal behandlast, og dokumenta i sakene. Dette fylgjer av kommunelova § 11-3.

Kravet om at innkallinga må vere send med rimeleg varsel betyr at innkallinga skal sendast så tidleg at medlemmene kan innrette seg etter dette tidspunktet eller sørge for at varamedlemmene blir varsla tidsnok til å møte. Medlemmene må bli varsla om møtetidspunktet så tidleg at dei får tid til å sette seg inn i sakene før møtet.

Gi fråsegn i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting
Rådet har rett til å uttale seg i saker som gjeld personar med funksjonsnedsetting i kommunen, (kommunelova § 5-12)

Slike saker kan omfatte både ulike kommunale og fylkeskommunale tenester, som helse- og omsorgstenester og skule, og alle sider av samfunnsutviklinga som kan påverke personar med funksjonsnedsetting. Rådet skal ha anledning til å uttale seg om forholda til personar med funksjonsnedsetting i alle saker som kommunestyret og fylkestinget behandlar. Slike saker skal kommunestyret, fylkestinget eller andre folkevalde organ legge fram for råda. Fråsegna skal følge saksdokumenta til det kommunale eller fylkeskommunale organet som avgjer saka endeleg. På denne måten kan rådet påverke dei avgjerdene som tas i kommunen.

All behandling og drøfting av saker skal skje i rådets møte. Det er opp til rådet sjølv å bestemme kor ofte det skal ha møte, blant anna vurdert ut frå mengda saker rådet har på arbeidsplanen i den perioden rådet er valt.
Rådet skal ha møte dersom minst eitt av vilkåra under er oppfylt (kommunelova § 11-2):

  • Rådet sjølv, kommunestyret eller fylkestinget vedtek det
  • Leiaren av rådet meiner det er nødvendig
  • Minst 1/3 av medlemmene krev det

Opne møter betyr at alle som ønsker det, kan vere til stades. Personar som ønsker å vere til stades, har likevel ikkje rett til å ta ordet eller avbryte eller forstyrre møtet.
Det er vanleg at møta blir haldne i lokala til kommunen.

Rådets møter skal kunngjerast på ein hensiktsmessig måte, slik at innbyggarane kan sjå når og kor møtet skal haldast, og kva for saker rådet skal behandle. Sakslista til møtet og andre møtedokument som ikkje er unnatekne frå offentlegheit, skal og vere tilgjengelege for allmenta (kommunelova § 11-3).

Rådet kan, som alle andre folkevalde organ, vedta å lukke eit møte dersom vilkåra for det er oppfylte. Rådet skal vedta å lukke møtet ved behandling av saker som inneheld opplysningar som er omfatta av lovbestemt teieplikt (kommunelova § 11-5).
Møteboka (protokoll over møtet) skal vere tilgjengeleg for allmenta (kommunelova § 11-4).

Leiaren av rådet har det formelle ansvaret for å sette opp ei saksliste for kvart enkelt møte. Innkalling til møtet skal sendast til organets medlemmer med rimeleg varsel. Innkallinga skal innehalde ei liste over dei sakene som skal behandlast, og dokumenta i sakene (kommunelova § 11-3).

Leiaren bør diskutere saker som skal opp på rådsmøta, med sekretæren for rådet. Dei kan og samarbeide om å utforme saksdokumenta. Sekretæren sender innkalling og saksdokumenta til medlemmene av rådet i god tid før møtet finn stad.
Møtet blir leia av rådets leiar eller nestleiar. Dersom begge har forfall, vel medlemmene ved fleirtal ei særskilt møteleiar (kommunelova § 11-2).

Rådet går gjennom sakene på møta og prøver i størst mogleg grad å bli einig om ei felles fråsegn som dei vedtek i møtet. For at rådet skal kunne treffe vedtak, må minst halvparten av medlemmene vere til stades og gi si stemme i den aktuelle saka. Eit vedtak treffast med fleirtalet av dei gjevne stemmene. Dersom talet på stemmer for og imot eit forslag er likt, er møteleiarens stemme avgjerande, med mindre saka gjeld val av leiar, nestleiar eller medlemmer til eit arbeidsutval (kommunelova § 11-9).

Representantar for kommuneadministrasjonen kan inviterast for å orientere om saker.

Dersom rådet ønsker å utsette behandlinga av ei sak som er oppført på den utsendte sakslista, kan det gjerast med alminneleg fleirtal (kommunelova § 11-3). Det inneber at leiaren eller sekretæren ikkje åleine kan avgjere å trekke ei sak som er oppført på sakslista.
Dersom ikkje møteleiaren eller 1/3 av dei møtande medlemmene motset seg det, kan rådet fatte vedtak i ei sak sjølv om ho ikkje er oppført på sakslista, eller sjølv om saksdokumenta ikkje er sendt ut saman med innkallinga (kommunelova § 11-3).

Det skal førast møtebok for møta i rådet (kommunelova § 11-4). Møteboka skal innehalde opplysningar om

  • tid og stad for møtet
  • kven som møtte, og kven som var fråverande
  • kva for saker som blei behandla
  • kva for vedtak som blei treft
  • avstemmingsresultat

Dersom det blir vedteke at møtet skal lukkast, skal heimelen for vedtaket tas inn i møteboka. Det same gjeld for vedtak om at eit medlem av rådet er inhabilt eller får fritak av personlege grunnar.

Råda skal kvart år utarbeide ei årsmelding som skal leggast fram for kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medverkingsordningar § 2). Årsmeldinga kan f.eks. innehalde oversikt over medlemmer, mandat og kva saker rådet har behandla i løpet av året som har gått, i tillegg til ei oppsummering av fråsegna frå rådet.

Årsmeldinga kan brukast til å synleggjere sakene rådet har fått gjennomslag for. Samtidig kan meldinga rette søkelyset på saker som framleis står uløyst og som kommunen eller fylkeskommunen bør jobbe vidare med.

Mange råd skriv korte årsmeldingar som ofte gir avgrensa informasjon, men det vil ofte vere fordelaktig å legge litt meir arbeid i årsmeldinga. Det kan auke rådets moglegheit til å påverke, og meldinga kan peike på den overordna situasjonen for personar med funksjonsnedsetting i kommunane eller i fylket.

Rådet bør etablere ei ordning med faste møte med ordføraren, for eksempel to gonger i året.

Nær kontakt med politisk leiing aukar også moglegheita for gjennomslag for synspunkta til rådet. Dersom eitt eller fleire av medlemmene av rådet er politikar, vil det styrke moglegheita til kontakt både med ordførar, kommunestyre/fylkesting og andre kommunale utval.

Rådet bør invitere personar frå administrasjonen i kommunen eller fylkeskommunen til rådsmøte for å utveksle informasjon i viktige saker og å gi innspel direkte. Dette er ein god arbeidsmetode for å vere med på å påverke før sakene er ferdig utgreidde og klare for vedtak i kommunestyret eller fylkestinget. Møta mellom rådet og administrasjonen bør følgast opp med skriftlege innspel etterpå. Slik blir synspunkta til rådet klarare.

Kommunestyret eller fylkestinget har moglegheit til å gi rådsmedlemmer møte- og talerett i kommunestyre- og fylkestingsmøte og møte i andre folkevalde organ, jf. forskrift om medverkingsordningar § 2. Rådet kan ikkje gis forslagsrett, sjå (kommunelova § 8-1).

Det finst ulike variantar av møte- og talerett i kommunane – for eksempel

  • at rådet får moglegheit i byrjinga av kommunestyremøte for å gjere greie for saker det ynskjer å seie noko om
  • at rådet får møte- og talerett i kommunestyret i dei sakene rådet har behandla
  • at rådet kan få møte- og talerett i folkevalde organ, som kommunestyre, formannskap og i kommunale utval i saker som angår rådet

Bufdir vurderer at varianten i første kulepunkt innskrenkar rådets funksjon unødvendig, og at det er meir fordelaktig å kunne be om ordet i aktuelle saker. Dette kan synleggjere rådet i organa til kommunen og fylkeskommunen og sannsynlegvis gi auka moglegheit for merksemd i saker som er viktige for livssituasjonen til personar med funksjonsnedsetting.

I nokre kommunar kan mykje av saksbehandlinga skje i utval. For medlemmane av rådet kan det derfor være hensiktsmessig å be om å få møte- og talerett i desse organa i tillegg til sjølve kommunestyret. Det er kommunestyret eller fylkestinget som avgjer slike saker, og kva for slags møte- og talerett rådet har, bør gå fram av reglementet for rådet.

Ein rådsmedlem som har vore med på å førebu eller gjere vedtak i ei sak som tilsett i kommunen eller fylkeskommunen, er inhabil til seinare å behandle den same saka i rådet. Dette gjeld ikkje ved behandling av årsbudsjett, økonomiplan, kommuneplan, regional planstrategi og regional plan i rådet. Føresegnene i forvaltingslova kapittel II om inhabilitet gjeld også for rådet, med dei særreglane som står i kommunelova (kommunelova § 11-10).

Mange fylkeskommunar arrangerer årlege samlingar for dei kommunale råda i fylket. Det er viktig at rådet er representert her for å få informasjon om aktuelle tema. Samlingane gir også moglegheiter til å knyte kontaktar, utveksle erfaringar og eventuelt etablere varig samarbeid med råd i andre kommunar.

Dei fleste saker innan ansvarsområdet til kommunen vedkjem ungdom med funksjonsnedsetting, til dømes utdanning/skule, tilgang til helse-/sosialtenester, kultur-/fritid. Bufdir tilrår at rådet for personar med funksjonsnedsetting etablerer kontakt med ungdomsrådet i kommunen for å diskutera og finna ei felles forståing av kva utfordringar ungdom med funksjonsnedsetting møter i kommunen og korleis dei best kan løysast.

Det kan til dømes arrangerast faste årlege møte mellom råda. Ungdomsråda kan vera viktige pådrivarar for kompetansen og forståinga til kommunane for FN-konvensjonen om rettane til menneske med funksjonsnedsetjing (CRPD). Det er derfor viktig at både råd for personar med funksjonsnedsetting og ungdomsrådet i kommunen gjer seg kjend med konvensjonen og får moglegheit til å delta på kurs og konferansar om CRPD.

Rådet bør innhente synspunkt frå og diskutere saker rådet bør arbeide med organisasjonane for personar med funksjonsnedsetting. Dialog og samhandling er viktig for å kunne ta felles initiativ der det er naturleg, for eksempel overfor media. Rådet er likevel ikkje eit direkte talerøyr for organisasjonane.

Det er viktig at rådsmedlemmene skaffar seg kunnskap om situasjonen for innbyggarar som har ei funksjonsnedsetting i kommunen eller fylkeskommunen, for eksempel:

  • Er personar med funksjonsnedsetting fornøgde med dei helse- og sosialtenestene kommunen yter?
  • Korleis er situasjonen for elevar med funksjonsnedsetting?

Mange kommunar har ulike råd og ordningar for medverking på systemnivå, som kan gje verdifull informasjon. Rådet bør kjenne til om det finst slike i kommunen og ta kontakt med dei. Eit døme på eit slik gruppe er «Rådgivningsgruppen – RGB», som gir råd til politikarar og administrasjonen om ulike forhold for personar med utviklingshemming i Bærum kommune.

Rettane til personar med funksjonsnedsetting er beskytta i fleire lovar. Ei viktig lov er likestillings- og diskrimineringslova. Råda bør ha kjennskap til dei viktigaste paragrafane i loven. Lovens formål er å fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn og funksjonsnedsetting.

Diskriminering ut frå desse grunnlaga eller kombinasjonar av desse grunnlaga er ikkje tillate. Med likestilling er meint likeverd, like moglegheiter og like rettar. Likestilling byggjer på tilgang og tilrettelegging. Manglande tilgang kan være diskriminering av personar med funksjonsnedsetting.

Offentlege og private verksemder retta mot publikum har plikt til universell utforming av verksemdas alminnelege funksjoner, og dei skal arbeide aktivt og målretta for å fremme universell utforming innan verksemda.

Dersom rådsmedlemmene har utgifter eller tapar inntekter på grunn av vervet, har dei krav på erstatning opp til eit visst beløp per dag. Kommunestyret eller fylkestinget fastset dekninga av slike utgifter (kommunelova § 8-3). Kommunelova nemner utgifter til transport, kost, og overnatting, men medlemmene kan også få dekka andre nødvendige utgifter dei har som følge av vervet.

For at personar med funksjonsnedsetting skal fungere på lik linje med andre i rådet, kan det vere behov for at kommunen dekker utgifter til for eksempel tolk og føljeperson. Andre utgifter slik som telefongodtgjering og utgifter til barnepass kan og vere å anse som nødvendige utgifter. Korleis kommunen dekker nødvendige utgifter som følge av kommunale tillitsverv skal gå frem av ei lokal forskrift.

Medlemmene i rådet har krav på skyss-, kost- og overnattingsgodtgjering for reiser i samband med vervet. Kommunestyret eller fylkestinget fastset godtgjeringa (kommunelova § 8-3).

Eit medlem av rådet kan søke om å bli friteke frå å delta i behandlinga av ei sak dersom personlege grunnar tilseier det. Det blir kravt vektige personlege grunnar for fritak i den enkelte saka. Eksempel på grunn for fritak kan vere at ein medlem er i ein situasjon som ligg nært opp til at personen er inhabil. Rådet avgjer om personen får fritak (kommunelova § 11-11)

Rådet har rett til å få tilstrekkeleg sekretariatshjelp (forskrift om medverkingsordningar § 3). For å oppfylle dette kravet kan kommunen eller fylkeskommunen for eksempel tilsette ein eller fleire sekretærar som hjelper rådet med ulike oppgåver. Ein sekretær vil ofte kunne gi rådet opplæring i kva det vil seie å vere medlem av rådet.
Kommunane kan ha ulike opplegg for opplæring av nye folkevalde.

Ta kontakt med kommunen for å få informasjon om kva opplæring din kommune har planlagt. KS tilbyr opplæring for folkevalde i kommunane og fylkeskommunane i tida etter kommunestyre- og fylkestingsvalet. Det er også relevant med opplæring i FN-konvensjonen om rettane til menneske med funksjonsnedsetting (CRPD).

Rådet bør få informasjon og opplæring, slik at medlemmene blir i stand til å vareta oppgåva som rådsmedlem. Kommunelova og forskrifta om medverkingsordningsordningar inneheld ingen føresegn som gir rådet rett til opplæring. Kva opplæring rådet skal få, blir dermed avgjort i den enkelte kommune.

Dersom det er vanskeleg for ein rådsmedlem å delta i rådet, er det mogleg å søke om fritak, enten mellombels eller for resten av valperioden.

Medlemmer av rådet kan til dømes søke om fritak på grunn av sjukdom eller dersom personen har flytta og fått lang reiseveg til rådsmøta. For å få fritak frå vervet som rådsmedlem er det krav om at personen ikkje kan ivareta vervet sitt utan at det fører til vesentleg ulempe (kommunelova § 7-9). Medlemmene sender søknaden om fritak til kommunestyret. I vurderinga av søknaden skal kommunestyret legge vekt på om grunnlaget for søknaden var kjent på det tidspunktet medlemmen sa ja til å bli valt. Personar som er under 18 år, har krav på å få fritak dersom dei søker om det.

Rådsmedlemmene har krav på godtgjering for arbeidet i rådet (kommunelova § 8-4). Det er kommunestyret eller fylkestinget som fastset godtgjeringa, blant anna kor mykje godtgjering ein har krav på.

Medlemmene i rådet har både rett og plikt til å delta i møta i rådet, med mindre dei har gyldig grunn til ikkje å delta (kommunelova § 8-1). Gyldig fråvær er for eksempel sjukdom eller ei nødvendig reise.

Dersom ein medlem ikkje kan komme på eit møte, må medlemmen gi beskjed om dette til enten koordinatoren/sekretæren for rådet eller til administrasjonen i kommunen så raskt som mogleg.

Medlemmene i rådet har møte-, tale- og forslagsrett i rådets møter. Rådet kan gi personar som inviterast til rådsmøtet, anledning til å uttale seg, men det er berre rådsmedlemmene som har fast møte- og talerett. Det er berre medlemmene som har rett til å kome med forslag til vedtak.

Kommunestyret og fylkestinget kan gi medlemmer av rådet for personar med funksjonsnedsetting lov til å delta (møte- og talerett) i andre folkevalde organ, for eksempel i kommunestyret eller fylkestinget (forskrift om medverkingsordningar § 2). Dersom rådet ikkje har fått ein allmenn talerett, og det er ei konkret sak som rådet gjerne vil ta opp i eit møte med kommunestyret, kan dei be om å få taletid, men det er opp til kommunestyret å avgjere om dei skal få denne moglegheita. Kva for slags møte- og talerett rådet har i andre folkevalde organ bør gå frem av reglementet for rådet (kommunelova § 5-13). Rådets medlemmer kan ikkje gis forslagsrett i andre folkevalde organ.

Rådsmedlemmer som er i jobb, har rett til fri frå arbeidet når det er nødvendig på grunn av møte i rådet (kommunelova § 8-2).

Elevar i vidaregåande skulen kan krevje at inntil ti skoledagar dokumentert fråvær per skoleår ikkje skal førast på vitnemålet, er det bestemt i forskrifta til opplæringslova. Verv, hjelpearbeid eller arrangement på nasjonalt eller internasjonalt nivå kan telje som dokumenterte fråvær. Gyldig dokumentasjon er ei erklæring eller stadfesting frå ein organisasjon, for eksempel politiske organisasjonar, hjelpeorganisasjonar eller idrettsorganisasjonar.

Elevar i ungdomsskulen har møteplikt til alle timar. Dette tyder at foreldre må søke om permisjon dersom eleven skal vere borte frå skolen av andre grunnar enn sjukdom. Reglane om fråvær i grunnskular står i forskrift til opplæringslova, men kommunen og skolen kan ha reglar for korleis permisjonssøknader skal behandlast.

I følge forskrifta kan eleven (foreldre) krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Dette gjeld berre når eleven har lagt fram dokumentasjon på årsaka til fråværet.

Kommunelova og forskrifta om medverkingsordningsordningar inneheld ikkje reglar som gir rådet rett til opplæring. Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at dei kan vareta oppgåvene til rådet, for eksempel tilbod om å delta på KS Folkevalgtprogram, for å kunne utføre rådsfunksjonen.

Dersom rådet ikkje får eller har fått opplæring, vil det vere naturleg at avdelinga i kommunen som rådssekretæren er tilsett i, tek initiativ til at rådet får eit opplæringstilbod. Når rådet får tilbod om opplæring, bør både medlemmer foreslått av organisasjonane og dei politiske representantane få opplæringa saman. Dette vil kunne styrkje rådets samarbeid gjennom valperioden.

Her er eksempel på aktuelle område for opplæring:

Rådsmedlemmene treng opplæring om kommunens/fylkeskommunens administrative oppbygging. Det er også viktig at kommunen/fylkeskommunen informerer dei om kva for saksområde som er relevante for rådet å involvere seg i, og kva forventingar dei har til rådet.

Sidan råda er kommunale og fylkeskommunale organ, er det naturleg at kommunen og fylkeskommunen tilbyr råda opplæring på lik linje med andre folkevalde, for eksempel å delta på KS Folkevalgtprogram.

Forskrifta om medverkingsordningar legg til grunn at kommunestyret eller fylkestinget løyver nødvendige middel til drifta av rådet (forskrift for medverkingsordningar § 3). Kommunen eller fylkeskommunen kan velje å vedta eit eige budsjett for rådet, slik at rådet kan planlegge arbeidet sitt for det kommande året.

Råda har rett til å uttale seg før kommunestyret eller fylkestinget vedtek budsjett for dei. Sekretæren bør undersøke om leiaren for rådet er kjend med denne moglegheita, slik at rådsleiaren kan vurdere om rådet skal uttale seg om budsjettet.

Her får du informasjon om ansvaret som ligger i sekretærrolla overfor rådet for personar med funksjonsnedsetting. Kommunen eller fylkeskommunen har ansvaret for dei administrative funksjonane for rådet, for eksempel å ivareta sekretærfunksjonen.

Rådet for personar med nedsett funksjonsevne skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Omfanget og innhaldet av sekretariatshjelpa må vere tilstrekkeleg til at rådet kan utøve oppgåvene sine på ein god måte. Omfanget av hjelpa vil kunne variere, blant anna på grunn av talet på saker rådet behandlar. I den første tida etter at rådet er valt, vil rådet i mange tilfelle kunne ha behov for meir hjelp enn etter noko tid, når rådet har blitt meir kjent med oppgåvene sine.

Kommunane vel korleis sekretariatshjelpa skal organiserast. Plassering av sekretariatet i kommunedirektørens stab vil kunne vere gunstig for å kunne sikre god oversikt over saker som er aktuelle for rådet, men det er det opp til den enkelte kommune å avgjere. Oppgåvene til sekretæren er ikkje detaljregulerte i kommunelova eller forskrifta. Kvar enkelte kommune og fylkeskommune må konkret avklare kva som skal vera rolla og oppgåvene til sekretæren.

Under fylgjer ei oversikt over eksempel på oppgåver som det kan vere formålstenleg at sekretæren for rådet får ansvar for, sidan det vil kunne sikre at rådet får tilstrekkeleg sekretariatshjelp:

  • praktisk tilrettelegging og førebuing av møta
  • sørge for, i kontakt med kommuneadministrasjonen, at rådet får dei relevante sakene til behandling
  • praktisk gjennomføring av møta
  • førebu saksliste og saksdokument og sende ut innkalling
  • føre referat frå rådsmøta (i protokoll/møtebok)
  • skrive høyringsinnspel basert på drøftingar i rådet
  • sørge for at rådet får nødvendig opplæring
  • sørge for at rådet får nødvendig oppfølging undervegs
  • vere bindeledd mellom rådet for personar med funksjonsnedsetting og administrasjon/politikarar
  • vere støttespelar og rettleiar for medlemmene i rådet

Di rolle er å sørge for at den einskilde rådsmedlemmen kan yte i rådsarbeidet.
Som sekretær for rådet har du ei viktig rolle i å sørge for at rammevilkåra til rådet blir best mogleg. Det tyder for eksempel at du bør hjelpe til at rådet blir gjort kjend med moglegheitene og retten til å uttale seg. Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget set ned sekretariatet, fastset saksbehandlingsreglane og vedtek budsjettet for rådet (forskrift om medverkingsordningar § 3).

Sekretæren kan hjelpe rådet med spørsmål og bidra til at rådet blir gjort kjend med rettane og pliktene sine. Det er særleg dei nye medlemmene av rådet som treng hjelp til å finne ut av ting. Det kan for eksempel vere spørsmål om møtegodtgjering og dekning av utgifter til reise til rådsmøtet, eller det kan vere behov for hjelp med tilrettelegging i samanheng med møta i rådet.

Som sekretær kan du også ta opp behovet for at rådsmedlemmene får nødvendig opplæring til å kunne utføre rådsfunksjonen.

Ein av rådssekretærens viktigaste oppgåver/rolle er å informere og finne fram aktuelle politiske saker. Dette vil gjere det lettare for medlemmene av rådet å vite kva som er på gang. I den samanheng vil det vere nyttig å halde seg oppdatert om levekårsstatus for personar med funksjonsnedsetting i kommunen/fylkeskommunen og følgje med på nasjonalt og lokalt arbeid og politikk for å betre situasjonen for personar med funksjonsnedsetting.

Som sekretær for rådet har du ansvar for å førebu og fylgje opp møta til rådet, blant anna å skrive referat/føre protokoll frå rådsmøta. Det er rådet som legg føringar for kva som skal protokollførast, til dømes kan rådet ønske at innspel i diskusjonar tas med i protollen frå møtet.

Kommunen eller fylkeskommunen bør sørge for at du som sekretær får nødvendig opplæring og ressursar til å kunne fylle funksjonen din. Det vil vera naturleg å ta kontakt med sekretærane for eldrerådet og ungdomsrådet i kommunen for å søke samarbeid i aktuelle saker.

Her får du informasjon om kva for arbeidsoppgåver som kan høyre til jobben som sekretær i rådet for personar med funksjonsnedsetting. Rolla som sekretær for rådet er mangfaldig. Først og fremst handlar det om å legge til rette for at rådet kan gjere jobben sin på ein god måte. Det handlar både om den praktiske tilrettelegginga og om oppfølging av rådet og medlemmene i rådet.

Kommunestyret og fylkestinget skal etablere rutinar som sikrar at råda mottek sakene på eit så tidleg tidspunkt at fråsegnene frå råda har moglegheit til å påverke utfallet i saka (forskrift til medverkingsordningar § 2). Dersom kommunen eller fylkeskommunen ikkje har etablert slike rutinar, kan rådssekretæren ta initiativ til at det blir etablert.

Det tilrådast at rådet får høve til å sjå sakspapira som skal leggast fram for ulike politiske utval/komitear før dei sendast til utvala. Det er da viktig at rådet får tilstrekkeleg tid til å gå gjennom sakspapira og eventuelt kome med innspel.

Rådet skal involverast i alle saker som er relevante for personar med funksjonsnedsetting. I tillegg til meir konkrete saksområde er det viktig at kommunane har gode prosesser på å involvere rådet i planprosessane tilstrekkeleg tidleg til å påverke planane. Her er det viktig at rådet tidleg får informasjon om planarbeidet som er sett i gang, samt tidsplan for involvering og avgjerd. Eksempel på saker rådet bør involverast i:

  • budsjett, årsplanar og årsmeldingar
  • kommunal planlegging
  • tilgjengelegheit i utvikling av byar og nærmiljø
  • oppvekst, barnehage og skole/utdanning
  • helse- og omsorgstenester
  • transport
  • kultur og fritid
  • arbeid
  • tilrettelagte arbeids-, aktivitets- og dagtilbod
  • aktivitets- og rapporteringsplikta
  • tilgang ved val

Som sekretær bør du ha oversikt over sakene i kommunen som det kan vere aktuelle at rådet involverer seg i. Du må orientere rådsleiaren om slike aktuelle saker.

Rådssekretæren bør ha kontakt med den avdelinga i kommunen eller fylkeskommunen som saka gjeld. Framstillinga av ei sak for rådet bør innehalde

  • ei utgreiing for kva som er dei vesentlegaste momenta i saka
  • ei kort grunngiving for kvifor saka blir lagd fram for rådet
  • ei utgreiing for korleis saka kan tenkast å påverke situasjonen for personar med funksjonsnedsetting

Det er viktig å bruke eit klart og tydeleg språk i saksframstillinga. Som sekretær bør du vurdere om den aktuelle avdelinga bør inviterast til rådsmøtet for å orientere nærmare om saka. Det vil kunne opne for dialog mellom råd og kommune/fylkeskommune.

Rådsleiaren har det formelle ansvaret for å sette opp sakslister til rådsmøta. Leiaren og rådssekretæren bør samarbeide om å utforme saksdokumenta. Som sekretær er det du som

  • sender saksdokumenta til medlemmene i rådet i god tid før møtet finn stad
  • skriv møtebok (fører protokoll) etter møtet og sørger for oppfølging av vedtaka til rådet

Som sekretær for rådet har du eit viktig ansvar for at møta til rådet er tilrettelagde slik at alle kan delta på like vilkår. Møta må vere i lokale som er tilgjengeleg for alle. Teiknspråktolkar bør bestillast dersom ein eller fleire deltakarar har meldt inn dette behovet.

Les meir om korleis ein arrangerer eit universelt utforma møte eller konferanse (Bufdir.no).

Det er viktig å ha med rådsvedtaka i den vidare saksbehandlinga. Rådssekretæren kan ha i oppgåve å sikre at fråsegna til rådet følger saksdokumenta til det organet som avgjer saka endeleg.

Kommunestyret, fylkestinget eller eit kommunalt organ bør gi ei tilbakemelding til rådet om resultatet av saksbehandlinga. Det vil bidra til å styrke dialogen og kontakten mellom rådet og kommunen eller fylkeskommunen og er særleg viktig i større og prinsipielt viktige saker. Dette er likevel ikkje eit krav i kommunelova.

Rådssekretæren skriv møtebok (protokoll) frå rådsmøta.

Kommunestyret eller fylkestinget vedtar samansetninga av rådet og kor mange medlemmer og varamedlemmer det skal ha (forskrift om medverkingsordningar § 3). Forskrifta bestemmer ikkje ei detaljert samansetting av råda, men kommunar og fylkeskommunar må sørge for at råda er breitt samansette og representative for innbyggarar med funksjonsnedsetting.

Det er kommunestyret eller fylkestinget som vel medlemmer til rådet, (kommunelova § 5-12). Oppnemninga følgjer valperioden på fire år.

Organisasjonar for personar med funksjonsnedsetting har rett til å fremje forslag til kandidatar til rådet.

For at råda skal ha tid til å konstituera seg og få den nødvendige opplæringa i tide for å påverke saker som skal opp for kommunestyret er det viktig at dei veljast så snart som mogleg etter valet av nytt kommunestyre og fylkesting. Rådet må oppnemnast seinast innan årsskiftet. Det eksisterande rådet frå den siste perioden vil ikkje gjelde lenger enn til nyttår. Dersom kommunestyret ikkje vel medlemer til nytt råd på hausten vil rådet altså automatisk ikkje lenger vere i funksjon frå januar.

Kommunestyret kan opprette utval med ansvar for ein geografisk del av kommunen – kommunedelsutval (døme på dette er bydelsutvala i Oslo kommune). Viss kommunen har overført oppgåvene som gjelder personar med funksjonsnedsetting til et slikt utval, kan det etablerast råd for personar med funksjonsnedsetting i alle kommunedelane. Kommunedelsutvalet varetek da kommunestyret sine rettar og plikter overfor rådet. Sjølv om oppgåvene er overført til eit kommunedelsutval, bør det også veljast eit sentralt råd for personar med funksjonsnedsetting.

Kommunen må ta kontakt med organisasjonane som representerer personar med funksjonsnedsetting for at dei skal foreslå kandidatar til rådet. Dette bør skje i god tid før valet, slik at organisasjonane får tid til å foreslå aktuelle kandidatar.
I informasjonen til organisasjonane kan kommune og fylkeskommune oppmode organisasjonane til å foreslå personar med ulik bakgrunn, for å sikre bredda i rådet.
Kommunen kan også kunngjere at innbyggarane kan foreslå kandidatar.

Kommunestyret og fylkestinget tek utgangspunkt i dei personane som er foreslått, men kan også velje andre personar til rådet. Det er dermed kommunestyret og fylkestinget som har ansvaret for å sikre breidda i representasjonen. Sjølv om det er mogleg å utvide perioden til det gjeldande rådet fram til årsskiftet, er det ein fordel at det nye rådet blir valt så tidleg på hausten som mogleg. Bufdir tilrår at rådet blir oppnemnd så tidleg at det får moglegheit til delta på KS Folkevalgtprogram. Felles opplæring fremmer kjennskap til rådet hos andre folkevalde og kan etablere ein kontakt på tvers av styre og råd.

Organisasjonar for menneske med funksjonsnedsetting har rett til å fremje forslag til kandidatar som representerer interessene deira. På landbasis er det meir enn hundre organisasjonar. Det er tre paraplyorganisasjonar:

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
  • Unge funksjonshemmede

Kommunen bør kontakte organisasjonane som er representert for å minne dei på den retten dei har til å fremme forslag til kandidatar. Organisasjonsforholda lokalt bør avgjere om det er paraplyorganisasjonane eller enkeltorganisasjonar som speler inn forslag til kandidatar. Dersom organisasjonane har få eller ikkje noko lokale lag, bør kommunen ta kontakt med organisasjonar på fylkesnivå for å få forslag til personar som kan veljast til rådet. Det normale bør likevel vere at rådsmedlemmane er bufaste i kommunen dei er vald inn i rådet for. Kontakt med paraplyorganisasjonane kan gje et godt grunnlag for å bidra til breidde og representasjon i samansetninga av rådet.

Rådet for personar med funksjonsnedsetting bør vere breitt samansett. Det bør bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn, for eksempel personar i forskjellige aldrar, med ulik etnisk bakgrunn, som representerer ulike formar for funksjonsnedsetting eller frå ulike delar av kommunen eller fylket.

Medlemmer av rådet bør, i så stor grad som mogleg, vere representative for innbyggjarar med funksjonsnedsetting. Somme grupper personar med funksjonsnedsetting, for eksempel unge med funksjonsnedsetting eller personar med utviklingshemming, er særleg underrepresentert i politikken. Personar med funksjonsnedsetting er ei svært heterogen gruppe, og råda må streve etter å representere dette mangfaldet på ein god måte.

Råda må uansett søke å representere behova til alle med funksjonsnedsetting i kommunen eller fylket.

Rapporten «Medvirkning gjennom råd» viser at litt over halvparten av rådsmedlemmane er organisasjonsrepresentantar, medan i underkant av ein tredjedel er politikarar. Råda skal ivareta interessene til personar med funksjonsnedsetting i kommunen, og Bufdir tilrår at eit fleirtal av medlemmene bør kome frå organisasjonar som representerer personar med funksjonsnedsetting og deira pårørande.

I følgje «Medvirkning gjennom råd» er 69 prosent av leiarar av kommunale råd frå organisasjonane. Med same utgangspunkt som ovanfor tilrår Bufdir at leiaren er organisasjonsrepresentant. Rådsleiar har stor påverknad når det gjeld agenda, og ved likt røystetal har leiaren dobbeltstemme.

Rådet må ha tilstrekkeleg tal på medlemmer til at det kan utføre rådsfunksjonen. Kommunestyret og fylkestinget bestemmer kor mange medlemmer rådet skal ha.

Undersøkinga til Nordlandsforskning og Høgskulen i Innlandet frå 2022 viser at råda består av seks personar i snitt. Dei minste kommunane har råd som består av fem personar, mens dei aller største kommunane har opptil ni medlemmer.

Det er ikkje krav om at den som blir vald, må ha stemmerett for å sitte i rådet. Det er heller ikkje krav om at den som blir vald må vere folkeregistrert som busett i kommunen (kommunelova § 7-2). Det kan vere ein fordel om dei som sitt i rådet, bur i kommunen. Det viktigaste er at personane i rådet har god kunnskap om situasjonen for personar med funksjonsnedsetting i kommunen og kan representera deira interesser på ei god måte.

Dersom rådet skal bestå av inntil tre medlemmer, er det krav om at begge kjønn er representert. Dersom rådet skal bestå av fire eller fleire medlemmer, er det krav om at kvart kjønn er representert med minst 40 prosent (kommunelova § 7-6 og § 7-7).
Undersøkinga til Nordlandsforskning og INN frå 2022 viser at dei kommunale råda i gjennomsnitt har 56 prosent kvinner og 44 prosent menn. Når det gjeld rådsleiaren, så er det ei svak overvekt av menn (51 prosent) som har denne rolla.

Det er ikkje krav om at representantane som blir valde til rådet sjølv må ha funksjonsnedsetting. Både personar med funksjonsnedsetting og andre, for eksempel pårørande, kan vere medlemmer av råda.

Fleire stader har ein gode erfaringar med å ha kommunestyrerepresentantar med i rådet. Ein politikarrepresentant vil kunne styrke kontakten mellom rådet og kommunestyret og kommunale utval. Det vil vere ein fordel med politikare som møter fast i kommunestyret, fordi vararepresentantar i mindre grad vil kunne vere eit slikt bindeledd mellom kommunestyrets og rådets arbeid.

Det er også viktig å få inn fleire unge i råda. Ei kartlegging gjort av Nordlandsforskning og INN frå 2022 viste at berre éin prosent av rådsmedlemmene var under 25 år. Dette er det same som i Bufdirs kartlegging frå 2016. Fleire unge i råda kan ha betydning for kva saker rådet prioriterer.

Råd for personar med funksjonsnedsetting er i kommunelova definert som «andre kommunale organ» (kommunelova § 5-2 andre ledd bokstav e). Det gjeld dei same føresegnene for kommunale organ som for folkevalde organ etter kommunelova § 5-1 (kommunelova § 5-2 siste ledd). Eitt viktig prinsipp er at alle saker skal avgjerast i møte (kommunelova § 11-2).

Folkevalde organ skal behandle sakene sine og treffer vedtaka sine i formelle møte. Råda vel sjølv sin leiar og nestleiar blant medlemmene. Dette bør gjerast i det første møtet. Valet skal gjennomførast ved fleirtalsval. Det vil seie at den personen er valt som har fått meir enn halvparten av dei avgjevne stemmene. Valet skal gjerast ved å vise røysteteikn. Det er altså ikkje anledning til skriftleg røysting. Det er fordi valet skal vere opent og synleg (kommunelova § 7-4 og § 7-8).

Som følgje av endringar i kommunelova § 5-12 (sat i kraft 1. juli 2023), er det no opna for at råda kan opprette arbeidsutval med medlemmer som er vald blant medlemmene av rådet. Ved å ha arbeidsutval kan det bli lettare å fordele oppgåver og organisere seg slik at rådet vil kunne involvere seg i fleire saker eller gå djupare inn i ei sak. Det kan også bli enklare å handtere saker med kort frist.

Rådet kan sjølv bestemme kor mange medlemmer eit slikt arbeidsutval skal ha. Det vil også vere opp til rådet å bestemme kva for oppgåver eit arbeidsutval skal få. Arbeidsutvalet kan for eksempel gjennom delegering frå rådet få i oppgåve å gi rådgjevande fråsegn i visse sakstypar på vegne av rådet. Arbeidsutvalet kan også vere reine saksforberedande organ. Arbeidsutvalet kan likevel ikkje få delegert myndigheit til å fordele løyvingar, sjølv om rådet har fått slik myndigheit av kommunestyret etter forskrift om medverkingsordningar § 2.

Arbeidsutvalet vil vere «andre kommunale organer» etter kommunelova § 5-2. Det betyr at arbeidsutval må følge saksbehandlingsreglene i kommunelova kapittel 11. Medlemmene av arbeidsutvalet vil og ha rettar og plikter etter kommunelova kapittel 8, sjå kapittelet om rådsmedlemmene sine plikter og rettar.

Rådet vel medlemmene av arbeidsutvalet blant medlemmene av rådet. Valet skjer gjennom avtaleval (avtalt val) etter kommunelova § 7-7 så lenge det ikkje er minst ein medlem som krev såkalla forhaldsval (kommunelova § 7-4).

Avtaleval inneber at rådet einstemmig vedtek ei innstilling med forslag til medlemmer og varamedlemmer. Det er ikkje noko krav til kven som skriv innstillinga. Det kan til dømes gjerast av eit eller fleire medlemmer av rådet, eller av alle i fellesskap. Dersom rådet ikkje blir samde om medlemmer til utvalet, skal valet skje gjennom forhaldsval etter kommunelova §§ 7-5-og 7-6.

For rettleiing om forhaldsval, sjå Kommunal- og distriktsdepartementets «Rettleiar om konstituerande møte i kommunestyret og fylkesting og val til folkevalde organ».

Råda kan sjølv når som helst omorganisere eller legge ned eit arbeidsutval.

Rådet for personar med nedsettfunksjonsevne skal få tilstrekkeleg sekretariatshjelp. Det tyder at omfanget og innhaldet av sekretariatshjelpa må vere tilstrekkeleg til at rådet kan utøve oppgåvene sine på ein god måte. Omfanget av hjelpa vil kunne variere, blant anna på grunn av talet på saker rådet behandlar. I den første tida etter at rådet er valt, vil rådet i mange tilfelle kunne ha behov for meir hjelp enn etter noko tid, når rådet har blitt meir kjent med oppgåvene sine.

Kommunane vel korleis sekretariatshjelpa kan organiserast. Plassering av stillinga som sekretær for rådet i kommunedirektørens stab vil kunne vere gunstig, men det er det opp til den enkelte kommune å avgjera plasseringa. Oppgåvene til sekretæren er ikkje detaljregulerte i kommunelova eller forskrifta. Den enkelte kommune og fylkeskommune må konkret avklare kva som skal vera rolla og oppgåvene til sekretæren.


Rådet har rett til å uttale seg før kommunestyret og fylkestinget setter ned eit sekretariat.

Rådsmedlemmene bør få informasjon og opplæring som gjer at rådet kan løyse oppgåvene på ein god måte og bli ein aktiv og relevant medverkar for kommunen og fylkeskommunen. Rådsmedlemmene kan for eksempel få tilbod om delta i KS Folkevalgtprogram.

Ei kartlegging av Nordlandsforskning og INN frå 2022 viste at 28 prosent av råda eller rådsmedlemmer har fått tilbod om folkevaldopplæring. Dette er ei svak auking sidan førre undersøking i 2016. Heile 30 prosent av råda fortel at dei ikkje ha mottatt noko opplæring.

Folkevaldopplæringa gir blant anna innblikk i det politiske oppdraget, samansettinga av kommunale og fylkeskommunale organ, forholdet mellom folkevalde og administrasjonen og kommunale og fylkeskommunale styringsinstrument.

Folkevaldopplæringa vil ofte vere ein god start på opplæringa av rådsmedlemmane. Det kan også vere behov for meir opplæring som strekker seg over lengre tid. Andre aktuelle tilbod kan vere internopplæring frå kommunen, opplæringstilbod frå organisasjonane til personar med funksjonsnedsetting med meir.