Vestlandsmodellen
Mange opplevde at høgkonflikt er utfordrande saker for barnevernstenesta å arbeide med. I djupdykk av problematikken har prosjektet arbeidd seg fram mot ein undersøkingsmodell som barneverntenesta kan nytte i sakshandsaminga.
Hovudmålet var å utvikle ein modell for undersøkingar i saker med høg konflikt mellom foreldra. Målsettinga var å auke kvaliteten og fagkompetansen i undersøkingsarbeidet for å bidra til meir like tenester og praksis.
Prosjektkommunane ville auka kompetanse i korleis klara å koma i posisjon til å kunna gi ei betre hjelp til foreldre i situasjonar med samarbeidsutfordringar og høg konflikt. Målet er at borna skal få ein betre kvardag. Dei ynskja og eit betre samarbeid med familievernkontora.
Prosjektet har hatt som mål å auke kompetansen hjå tilsette. Både når det gjeld korleis born vert påverka av konflikt og samarbeidsvanskar mellom foreldra, og ein modell for undersøking for å komme i posisjon til å gje nyttig hjelp til born og foreldre, og konkrete tiltak som kan adressere og gje hjelp og støtte i slike saker.
Prosjektet har utvikla:
- Ein strukturert modell ein kan nytta i undersøking der det er samarbeidsvanskar/høgkonflikt mellom foreldra.
- Eit kurs for foreldre med samlivsbrot.
- Eit kurs for foreldre som bur ilag med samarbeidsutfordring.
- Brukermanual til begge kursa til korleis ein kan holda kursa.
Utviklarkommunane er godt i gang med å implementere Vestlandsmodellen i barneverntenestane som har bidratt i utviklingen av modellen. Kursa dei har utvikla blir også brukt på lågterskel i nokre av utviklarkommunane.
I samarbeid med Universitetet i Bergen har 4 masterstudenter undersøkt spørsmål knyttet til prosjektet:
Under kan du lese to artiklar som så langt er tilgjengelige:
- Bergen Open Research Archive: «Vestlandsmodellen» En arbeidsmodell i undersøkelsen av høykonfliktsaker i barneverntjenesten.
- Barneverntjenestens møte med høykonfliktsaker (UiB).
Utviklarkommunane har gjennomført opplæring og delt materialet med ei rekkje kommunar, mellom anna med: Strand, Hjelmeland, Etne, Vindafjord, Sunnfjord, Bremanger, Gulen og Masfjorden, Fjaler, Askøy, Osterøy, Vaksdal og Harstad.
Det har vert stor etterspørsel etter materialet som er utvikla, og det er eit mål å få dette digitalisert i løpet av 2027, slik at det som er utvikla kan bli lettare tilgjengeleg for fleire barneverntenester.