Veiledning til ansatte – på tvers av kommunegrenser
Prosjektkommunane ønskjer å gi tilsette i barneverntenesta god og jamleg rettleiing slik at dei kan stå i jobben over tid, skaffe seg erfaring og bli robuste tilsette.
Målet er å førebyggje gjennomstrøyming, utbrentheit og redusere emosjonelle og relasjonelle belastningar hos tilsette.
Prosjektet skal etablere ein modell for rettleiing på tvers av kommunegrensene. Rettleiinga vil gå føre seg i grupper. Målgruppa er nytilsette, tilsette med lang erfaring og fagleiarar/ teamleiarar. Formålet er å skape ein robust rigg for rettleiing som ikkje er personavhengig.
Utviklarkommunane har utvikla ein modell for rettleiing av nytilsette i samarbeid mellom tre barneverntenester. Dei er også i gang med å utvikle ein modell for rettleiing av meir erfarne medarbeidarar.
Modellen er under utprøving i kommunane som har delteke i utviklingsarbeidet.
For å evaluere undervegs bruker utviklarkommunane Microsoft Forms-skjema (spørjeundersøkingar) i samband med rettleiingane.