Trygg og kompetent i møte med vald
Forsking og erfaring viser at mange barneverntenester i Noreg har utfordringar med å handtere valdssaker, særleg når det gjeld å skilje mellom ulike former for og alvorsgrader av vald.
Dagens tilnærming fører til unødvendig belastning for barn og familiar, og det er behov for å kunne differensiere i større grad. Dette skal skje ved at det blir utvikla og implementert differensierte framgangsmåtar i saker der det er bekymring om vald.
Det er eit krav at desse framgangsmåtane skal bidra til ei redusert belastning på barna, og auka samarbeid med familiane. Gjennom å utvikle desse verktøya håpar ein å sikre ein meir heilskapleg og tilpassa tilnærming til førebygging og handtering av vald i nære relasjonar.
Prosjektet utviklar verktøy som har som formål å støtte både kompetanseutvikling og vurderingar i barnevernssaker som omhandler vold i nære relasjoner.
For å bruke verktøya er det behov for meir valdsspesifikk kompetanse, spesielt ulike dynamikkar som ligg til grunn for valdsutøving. Dette beskriver prosjektet i en egen veileder.
Vidare skal det lagast samarbeidskart /flytskjema, som beskriv samarbeid mellom ulike tenester og instansar; når er det aktuelt med samarbeid med aktuell instans, og kva samarbeidet bør bestå av.
Det er ikkje gjort evalueringar eller forskning knytte til prosjektet.
Prosjektet er i ein utviklings- og idéfase. Målet med denne fasa er å finne tiltak som set i verk dei ulike utfordringsområda som er identifiserte i første fase av prosjektet. Det er planlagt at tiltaka skal vere ferdig utvikla innan april 2026. Deretter følgjer ein periode med uttesting i barneverntenester i Bergen kommune, og Voss Herad.