Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Tilsyn under samvær

Ein digital fagdag som skal bidra til trygge, gjennomtenkte og fagleg forankra vurderingar som set barnet sitt beste i sentrum knytt til samvær og tilsyn.

Fosterbarnsomsorga Rogaland er eit samarbeidsprosjekt mellom 17 barnevernstenester i Rogaland og Vestland. Målet med prosjektet er å styrkje kompetansen og kvaliteten i arbeidet med samvær, tilsyn og faglege vurderingar i fosterheimsomsorga.

Prosjektet, Tilsyn under samvær er et delprosjekt i Fosterbarnsomsorga i Rogland med mål om å styrke implementeringa av Omsorgspakken og Landsbymodellen.

Fagdagen, Tilsyn under samvær er utvikla i tett samarbeid med tilsette, styringsgruppe og prosjektleiing. Dagen er eit interaktivt undervisningsopplegg som inkluderer viktige perspektiv frå barn, unge, foreldre og fosterforeldre. Foredraga belyser mellom anna rolla til tilsynspersonen, korleis samvær blir påverka av at tilsynspersonen er der, og korleis reaksjonane til barn må forståast i lys av tilknyting og traume.

Målet er å sikre trygge og utviklingsfremjande samvær og gje barnevernstenestene betre føresetnader for å vurdere barnet sitt beste og spørsmål om gjenforeining. Vi ønskjer at desse foredraga skal bidra til ei større heilskapleg forståing av samvær i fosterbarnsomsorga, med særleg vekt på roller, mandat, observasjon og vurdering av barnet sitt beste.

Else Emmerhoff, familierettleiar i Barnevernstenesta i Stavanger, sitt foredrag tydeleggjer rolla og mandatet til tilsynspersonen, og korleis av at tilsynspersonen er der under samvær kan bidra til tryggleik, samarbeid og redusert risiko for urimeleg belastning for barnet. Relasjon, tydelegheit og truskap mot mandatet blir løfta fram som sentrale faktorar.

Arnt Ove Engelien, psykologspesialist med barne- og ungdomspsykologi som spesialitet, rettar i sitt bidrag søkjelyset mot korleis samvær må forståast i kontekst, særleg i lys av traume, tilknyting og reaksjonar hos barn før, under og etter samvær. Det blir gitt kunnskap om desorganisert tilknyting, dissosiasjon, traumetriggarar og vurdering av kvaliteten på samvær. Målet er å styrkje kompetansen i barnevernstenesta til å skilje mellom utviklingsfremjande, nøytrale og skadelege samvær, og sikre trygge og fagleg forsvarlege vurderingar til barnet sitt beste.

Ein digital opplæringsdag med til saman ti korte foredrag, ein sofasamtale og gruppeoppgåver. Alt er filma med god kvalitet og kan gjennomførast som eit sjølvstendig opplæringsopplegg på éin dag eller fordelast over to dagar. Alt materiellet og ei skildring av korleis opplegget kan gjennomførast, ligg tilgjengeleg på nettsidene til Haugesund kommune.

Les meir om prosjektet hos Haugesund kommune:

Nei, vi har ikkje hatt systematiske evalueringar, men tilbakemeldingane frå deltakarane som har deltatt på opplæringa er svært gode.