Stø Kurs Familielos
Stø Kurs Familielos er utvikla for å gje eit langvarig, heimebasert tiltak til familiar med betydelege og vedvarande levekårsutfordringar. Kvar familie får tildelt ein Stø Kurs-koordinator som skal gje støtte til familien i inntil to år, med minimum to treff i veka.
Stø Kurs-koordinatoren skal vere ein rollemodell og ein superkoordinator som sørgjer for at familien får rydda opp i økonomisk kaos, nyttiggjort seg andre tiltak frå barnehage, skule, psykisk helsevern og andre tenester. Arbeidet med familien er delt inn i tre fasar. Først kjem ein innleiande fase med kartlegging og relasjonsbygging. Deretter følgjer ein endrings- og koordineringsfase, med evaluering kvart tredje månad. Når familien treng mindre støtte frå koordinatoren går vi over i avsluttingsfasa. Familien vert då losa vidare til andre tenester, eller tiltaket vert avslutta dersom måla er nådde.
I Stø Kurs er ein særleg oppteken av brukarmedverknad. Det er i stor grad familien sjølv som skal setje eigne mål, slik at dei opplever at tiltaket er relevant og gir hjelp. Tiltaket kan elles bestå av bistand til å etablere rutinar og struktur i kvardagen, handtering av bustad- og økonomiutfordringar, samt koordinering og nettverksbygging mot andre relevante tenester.
Dei tilsette i Stø Kurs er miljøarbeidarar med god oversikt over hjelpeapparatet, gode relasjonelle ferdigheiter, tydelegheit og tolmod i arbeidet. Stø Kurs Familielos er eit tiltak som blir gjeve av barnevernstenesta sitt familie- og miljøterapeutiske team.
Lister barnevern har sia 2025 også testa å gje tilbod om Stø Kurs Familielos som eit lågterskeltiltak, gjeve utan vedtak får barnevernet, men frå den psykiske helsetenesta for barn og unge i kommunen.
Prosjektet har utvikla:
- Ei informasjonsbrosjyre som vert delt ut til potensielle familiar og samarbeidspartnarar.
- Ein manual for Stø Kurs som skildrar tiltaket, strukturen og arbeidsmetodane.
- Modellen «Endringstrappa», eit visuelt verktøy som kan bidra til å illustrere for familiar og samarbeidspartnarar kvar i endringsarbeidet ein er.
Kvar tredje månad fyller både barn og foreldre som mottar tiltaket Stø Kurs Familielos eit evalueringsskjema. Tilbakemeldingane syner at de fleste opplev høg grad av medverking og at de mottar hjelp som i stor grad samsvarer med dei hjelpebehova dei sjølv opplev.
Det er ikkje gjort anna evaluering eller forsking av tiltaket enda, da vi er i ei utprøvingsfase,- og gjer fortløpande forbetringar. Så langt har om lag 20 familiar mottatt hjelp frå Stø Kurs Familielos.
På sikt ønskjer vi at tiltaket skal bli tilgjengeleg på eit lågare terskelnivå, til dømes gjennom kommunane sine nye psykiske helsetenester for barn og unge.