Rekruttere fosterheimar lokalt
Vi skal rekruttere fosterheimar lokalt ved å vende oss direkte til innbyggjarane i kommunane våre.
Det vart utarbeidd ein lokal film for å gi informasjon om behovet for fleire lokale fosterheimar: Fosterhjem - Arendal kommune.
Vi laga også ein plan for å reise rundt i kommunane våre og vise filmen på ulike arenaer. Filmen har vorte vist for tilsette i skular og barnehagar, for politikarar, på foreldremøte i skulen, ved besøk i større verksemder, trussamfunn, idrettslag og frivillige organisasjonar. Det er sett av 10–15 minutt ved kvart besøk til å vise filmen og gje kort informasjon om kva det inneber å vere fosterheim.
- Vi har fått laga rollups og brosjyrar med bilete frå filmen.
- Det er laga korte filmsnuttar som eignar seg for sosiale medium.
Hausten 2024 vart det gjennomført kampanjar på sosiale medium, Facebook og Instagram.
Det er ikkje gjennomført forsking eller evaluering sett i system. Dette er eit arbeid som stadig går føre seg.