Oppstartsveiledning av nye fosterhjem basert på Trygg base
Barnevernsreforma gav frå 01.01.22 kommunane eit auka fagleg ansvar, mellom anna gjennom eit heilskapleg ansvar for rettleiing og oppfølging av fosterheimar. På bakgrunn av dette hadde prosjektkommunane behov for å utvikle rutinar og verktøy for å ivareta desse oppgåvene.
Formålet med prosjektet var å:
- Sikre heilskapleg rettleiing og oppfølging av fosterheimar.
- Styrkje rettleiingstilbodet til nye fosterheimar.
- Styrkje kompetansen i prosjektkommunane slik at dei kan ivareta rettleiingsoppgåvene på ein god måte.
Alle nye fosterheimar får individuell oppstartsrettleiing basert på modellen Trygg base. Rettleiinga skal starte kort tid etter innflytting og omfattar 11 rettleiingsmøte på 1,5 time kvar. Rettleiinga tek også omsyn til barna som allereie bur i fosterheimen, og tema som sjølvivaretaking og eigenomsorg står sentralt.
- PowerPoint-presentasjonar til kvar av dei 11 rettleiingssamlingane.
- Rettleiarnotat til kvar samling.
- Direkte lenkjer til relevante oppgåver, refleksjonsverktøy og filmar.
Alle fosterforeldre fyller ut eit evalueringsskjema etter gjennomført oppstartsrettleiing. Prosjektet blir òg evaluert gjennom årlege gjennomgangar med rettleiarane og styringsgruppa, som består av barnevernsleiarane i dei fire deltakande tenestene.