Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Omsorgspakken

Verktøy for å gje barn, foreldre og fosterforeldre sturkturert oppfølging det første året i fosterheimen, gjennom tre samtaleløp som styrkjer ivaretaking, samarbeid og relasjonsbygging.

Tenestene ønskjer å kunne tilby ein meir lik, systematisk og heilskapleg oppfølging av barn som bur i fosterheimar. Omsorgspakken vart etablert for å utvikle nyttige verktøy som kan nyttast i oppfølginga når eit barn blir flytta ut av heimen.

Omsorgspakken har som mål å sikre varetaking, samarbeid, stabilitet og god relasjonsbygging. Den er tenkt som eit verktøy som kan nyttast av barnevernstilsette for å bidra til å systematisere og kvalitetssikre oppfølginga.

Omsorgspakken består av tre parallelle samtaleløp: eit for barnet, eit for foreldra og eit for fosterfamilien, med tema som det er viktig å snakke om.

I prosjektet har det vorte laga ein rettleiar, bordkalendrar, og eit hefte for å jobbe med barnets historie. Disse verktøya bidrar til å strukturere arbeidet og kan være visuell støtte i samtalene.

Prosjektet tilbyr fire dagars fysisk opplæring og digitalt støttemateriell til kommunar som ønskjer å ta materiellet i bruk så langt det er kapasitet.

Det har og vorte laga strukturar for å gi støtte i implementeringsarbeidet. Dette arbeidet består av møte med leiinga i dei aktuelle barnevernstenestene, jamlege opplæring, erfaringsdeling (samlingar og webinar) og tilbod om oppfølging og rettleiing til kvart enkelt kontor.

Det er også utvikla Omsorgspakken barnehage og skule, og Omsorgspakken ved heimflytting.

Prosjektet er godt i gang med å implementere Omsorgspakken i alle kommunane som har bidrege i utviklinga av Omsorgspakken både i Rogaland, Trøndelag og Vestland.

Omsorgspakken er evaluert i alle utviklarkommunane og revidert materiellet to gonger etter pilotversjonen. Vi har også hatt to masterprosjekt knytt opp mot Omsorgspakken. Dei har undersøkt erfaringane til saksbehandlarane med bruk av materiellet som er utvikla.

Prosjektet har gjennomført opplæringar og delt materiellet dei har laga med alle barnevernstenestene i Møre og Romsdal, Læringsnettverket i Aust-Finnmark, og ei rekkje barneverntenester i Telemark, Agder og Vestland. Så langt utgjer dette ca. 60 barnevernstenester og over 100 kommunar.