Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Landsbymodellen

Verktøy for god forvalting og trygge relasjonar, som gjer barnevernstenesta ei systematisk og heilskapleg tilnærming til fosterbarnsomsorg.

Landsbymodellen representerer ei dreiing i norsk barneverns forståing og oppfølging av fosterbarnsomsorga. Den svarer i stor grad ut kritikken frå Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og dessutan den norske rettspraksisen som følgjer av denne.

Målet med prosjektet er å sikre heilskap, samanheng, systematikk og individuell tilrettelegging med behovet til barnet i sentrum.

Støtte i komplekse vurderingar

Fosterbarnsomsorg etter landsbymodellen er ei operasjonalisering av kunnskapsmodellen Barnets behov i sentrum (BBS). Den gir tilsette i barneverntenesta ein tydeleg struktur som bidreg til å styrkje forsvarleg forvaltning, heilskaplege vurderingar, og grundige analyse- og avgjerdsprosessar i primæroppgåvene til barneverntenesta.

Landsbymodellen hjelper oss som fagpersonar å navigere i eit komplekst barnevernsfelt ved å kombinere eit tydeleg verdigrunnlag, brei barnevernfagleg forståing og høg forvaltningskompetanse – gjennom konkrete hjelpemiddel tilpassa dei ulike fasane i saksforløpet.

Verdigrunnlaget i Landsbymodellen er forankra i systemteori og løftar fram verdien av sosialarbeidaren som ein systemisk hjelpar. Modellen har stort fokus på stemninga i relasjonane rundt og med barnet. Landsbymodellen bidreg til heilskap og samanheng mellom dei ulike tiltaka - til dei ulike aktørane rundt eitt barn og reduserer polarisert og fragmentert oppfølging.

Kritisk refleksjon i praksis

Det systemiske perspektivet styrkjer nettopp yrkesutøvinga til sosialarbeidaren gjennom kritisk refleksjon over eigen praksis. Dette inneber å utfordre eiga forforståing, haldningar og kunnskap, samtidig som ein er open for ulike perspektiv. Målet er å oppnå djupare innsikt, lære av erfaringar og kontinuerleg forbetre praksis.

Samtalekort og maler skal bidra til at forståinga når heilt ut i menneskemøte med barn, foreldre, fosterforeldre og andre viktige rundt barnet.

Den barnevernfaglege forståinga og forvaltningsstøtta frå Landsbymodellen kan barneverntenesta ta med seg inn i utøvinga av alle tiltak i oppfølginga av både barn, foreldre, fosterforeldre og andre viktige personar rundt barnet så lenge familien får hjelpe frå barneverntenesta. Landsbymodellen synleggjer at forsvarleg forvaltning ikkje står i motsetning til trygge menneskemøte.

Landsbymodellen hjelper fagpersonar med å navigere i eit komplekst barnevernsfelt ved å kombinere eit tydeleg systemisk verdigrunnlag, brei barnevernfagleg forståing og høg forvaltningskompetanse.

Modellen inneheld malar og samtalekort som skal utfylle kvarandre for å sikre systemisk, strukturert og målretta oppfølging etter omsorgsovertaking, regelmessige evalueringar og vurderingar av spørsmål om samværsomfang og tilbakeføring.

Malene skal også bidra til å sikre grundige analysar og avgjerdsprosessar i vurderinga av om barnevernstenesta skal fremje sak for barneverns- og helsenemnda om tilbakeføring av omsorgsansvar, halde fram prosessarbeidet med mål om gjenforeining, varig opphold i fosterheim eller oppgi gjenforeiningsmålet.

Samtalekorta og malene skal bidra til å bringe det systemiske verdigrunnlaget, brei barnevernfagleg forståing og høg forvaltningskompetanse heilt ut i kvart enkelt menneskemøte.

Utviklarkommunane er godt i gang med å implementere Landsbymodellen. Vertskommunen har jobba etter landsbymodellen for omsorgsavdelingen i 4 år, og jobbar framleis strukturert og målretta med implementering. Utviklingsprosjektet arbeider også med vidareutvikling og utviding av landsbymodellen, slik at den omfattar heile saksforløpet i ei barnevernssak – frå bekymringsmelding til ettervern.

Prosjektet har også laget strukturar for implementeringsstøtte både internt og erfaringsdeling på tvers av tenestene. Dei har gjort seg positive erfaringar med implementering i eigne og nye tenester.

Dei har i tillegg gjennomført opplæring og delt materiellet dei har laga med 32 barneverntenester frå tre ulike fylke.

I samarbeid med Universitetet i Bergen har tre masterprosjekt undersøkt tidlig implementering og foreldreperspektivet, fosterforeldreperspektivet og samværsperspektivet i Landsbymodellen, samt ei hovudoppgåve i psykologi på barneperspektivet.

Det er òg skrive eit masterprosjekt om det systemiske perspektivet i landsbymodellen av ein student ved Universitetet i Stavanger. Hovudutviklarane av landsbymodellen er medforfattarar i arbeidet med ein forskingsartikkel knytt til masterprosjektet, om tidleg implementering og foreldreperspektivet.