Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Kva så? Frå handling til samhandling

Eit tverrfagleg perspektiv på korleis ein kan gi naudsynt og koordinert hjelp etter avdekking av vald og overgrep.

Det er identifisert behov for meir kunnskap, god koordinering og systematikk i saker der born og unge er utsett for vald og overgrep.

Det er i dette prosjektet fokus på korleis gje naudsynt, verksam og koordinert hjelp i valdssaker etter avdekking av vald og overgrep i eit tverrfagleg perspektiv. Det tverrfaglege perspektivet er svært viktig.

Prosjektet er ein oppfølging av utviklingsarbeidet «e d greitt? - Frå kunnskap til handling».

Prosjektet vil jobbe med å auke forståinga, ha eit felles språk, gode rutinar og samhandlingsmodellar for kven som gjer kva, til kva tid.

Det pågår no utvikling av ein fysisk og digital tverrfagleg samhandlingsmodell som viser kven som gjer kva til kva tid, etter at det er avdekka vald og overgrepssaker mot barn og unge.

Modellen er under utvikling, difor er ingenting testa eller implementert.

Det er heller ikkje utført evalueringar og forsking so langt i utviklinga.

Ettersom modellen er under utvikling, er ingenting delt med andre kommunar.