Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Gullprosjektet

Ein metode som fremjar deling av gode utviklingsprosjekt, styrkjer kvaliteten i praksisutvikling og bidreg til betre og meir likeverdige barnevernstenester.

Gullprosjektet handlar om å identifisere, foredle og dele dei beste løysingane som er utvikla på tvers av fleire utviklingsprosjekt med overlappande eller liknande tema. Målet er å gjere gode modellar, verktøy og arbeidsmåtar tilgjengelege for fleire barnevernstenester, slik at fleire barn, unge og familiar får likeverdige tenester av høg kvalitet.

Prosjektet legg særleg vekt på å sikre god kvalitet på det som skal delast med mange, både når det gjeld innhald, opplæring og implementeringsstøtte, slik at ny kunnskap faktisk blir teken i bruk og integrert i praksis. I prosjektet har vi merksemd på å gjære "Gullet" som er utvikla i samarbeid mellom nokre kommunar og kompetansemiljø, tilgjengeleg for fleire barneverntenester. Sentralt i arbeidet er kvalitetssikring, foredling, uttesting, evaluering, god opplæring og implementeringsstøtte.

Gullprosjektet har utvikla ein modell for å identifisere og vidareforedle erfaringar frå utviklingsprosjekt i kommunalt barnevern. Prosjektet har knytt til seg eit stort team med høg kompetanse på ei rekkje områder som pedagogikk, implementering, juss, digitalisering, design, evaluering og forsking.

Gullprosjektet er ein måte å spreie godt arbeid som er utvikla av kommunar i samarbeid med kompetansemiljø, utdanningsinstitusjonar og brukarorganisasjonar, basert på dei behova som barneverntenester har identifisert som viktige utviklingsområde i tenestene.

Så langt er det laga tre utviklingspakker:

  • opplæringspakker, digitalt materiell og implementeringsstøtte på fosterhjemsområdet: Omsorgspakken
  • for barnevernfaglege vurderingar av barnets beste i alle fasar av barnevernets arbeid: Landsbymodellen
  • for førebygging av vald og overgrep mot barn og unge: e d greitt?

Opplæring og digitalt støttemateriell i disse tre utviklingspakkene er per i dag tilgjengeleg for alle barneverntenestene i Norge, gitt at opplæringsteama har kapasitet. Les meir om Gullprosjektet sine tilbod.

Gullprosjektet planlegg også å gjere fleire opplæringstilbod tilgjengeleg i løpet av 2027. Mellom anna om barneverntenesta sitt arbeid i møte med vald, kalla Trygg og kompetent, overgrep og om høg konflikt mellom foreldre.

Arbeidet i Gullprosjektet starta med ei systematisk kartlegging og analyse av erfaringane frå fleire utviklingsprosjekt, og kva behov og erfaringar som så langt er gjort hjå dei tenestene som har forsøkt å ta materiellet i bruk i det praktiske arbeidet.

I tillegg er opplæringspakkane og implementeringsmodellen følgde av evalueringar i tre pilotgjennomføringar, og innhaldet og formatet har vorte justert og vidareutvikla på bakgrunn av tilbakemeldingar og erfaringar frå over 70 barneverntenester.

Prosjektet byggjer også på etablert kunnskap om implementering, kvalitetsutvikling og kompetanseutvikling i kommunale tenester, og er utvikla i samarbeid med barnevernleiarar, fagmiljø og forskings- og kompetanseinstitusjonar.

Gullprosjektet samarbeider også med forskarar fordi dei ynskjer å undersøke om denne måten å spreie kunnskap på faktisk fører til at barneverntenestene endrar måten dei jobbar på, og om dei som tek imot tenestene opplever å få nyttig og god hjelp på dei aktuelle områda. Så langt manglar dei tilstrekkeleg finansiering til å gjennomføre forskingsprosjektet.