Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Fosterhjem i egen kommune

Verktøy for å få på plass gode, lokale ordningar for barna som ikkje kan bu med foreldra sine.

Det blir rekruttert for få fosterheimar. Følgjeleg blir for mange barn plasserte i løysingar som ikkje er rett for dei, ofte langt unna det som har vore heimstaden deira.

Barna må flytte fleire gonger, vente for lenge i mellombelse løysingar, og kan oppleve lange periodar utan den stabiliteten og tryggleiken dei så sårt treng. Oppfølginga til barneverntenesta av fosterheimane er ofte mangelfull, og den varierer frå kommune til kommune.

Vi må unngå at barn som burde vore i fosterheimar hamnar på institusjon, at barn blir busette langt unna heimkommunen, og at dei opplever gjentekne brot.

Målet med prosjektet er at barna som må flytte frå foreldra sine skal oppleve minst mogleg brot med det dei har som er trygt og godt; familie, venner, skule, og fritid.

Vidare har vi mål om at fosterheimar får god og tilstrekkeleg oppfølging slik at vi kan plassere nye barn i fosterheimen når eit oppdrag er fullført.

Asker kommune, Lillehammer kommune og SOS-barnebyer har gjennom 2024 og 2025 samarbeidd om prosjektet «Fosterheimar i eigen kommune».

Dei to kommunane har jobba systematisk for å få på plass gode, lokale ordningar for barna som ikkje kan bu med foreldra sine. Kommunane har altså ikkje funne opp krutet, men samla dei kloke tankane i eit heile, og utvikle nytt der dei har sett behov for det.

Kommunane har utvikla ein rettleiar for rekruttering av fosterforeldre «ABCD for rekruttering av fosterforeldre», ein rutine for involvering av slekt og nettverk, og ei inspirasjonsside om korleis ein kan mobilisere lokalsamfunnet i rekrutteringsarbeidet.

Ein modell for korleis etablere nettverk mellom fosterfamiliar er utvikla med mål om at fosterforeldre kan gi støtte til kvarandre. Nettverka blir leidde av ein såkalla «Ressursfamilie».

Ei beskriving av kva slags oppfølging fosterforeldre kan vente frå barneverntenesta er utarbeidde, som også inkluderer korleis tenester kan etablere «Fosterheimskafé» som møteplass.

Det er også utvikla ein materiellpakke som kan nyttast for å gi ein god start den første tida i ein ny fosterheim, han inneheld mellom anna hefte som kan fyllast ut saman med fosterforeldre og barn, «skravlekort», mal for husreglar, aktivitetsplan og eit digitalt spel.

Alt materiellet som er utvikla er tilgjengeleg på nettsida Fosterheimsprosjektet (SOS barnebyer).

Det kommunane har utvikla i prosjektet er ope tilgjengelege på nettsida. Dei håpar materiellet kan vere til inspirasjon for andre barneverntenester.

Prosjektet er allereie ein del av dei aktiviteten vi har samla: fagdagar, fosterheimars cafe, måten å rekruttere på, kommunikasjons arbeid o.l. Nettverksmodellen «Ressursfamilie» vart initiert i 2025 og utprøving vil halde fram i 2026. Kommunane som har byrja implementeringsarbeidet er på litt ulike stadium i prosessen.

Prosjektet gjer løpande evaluering av utprøvingane i prosjektet. Funna vil presenterast i ein oppsummeringsrapport.

Prosjektet driftar også eit nettverk med 12 kommunar av ulik storleik for deling av erfaringar på fosterheimsfeltet. Utviklarkommunane har også hatt møte med nokre kommunar som vil ta i bruk delar av arbeidet deira.