FEB - Foreldre etter brudd
FEB er et foreldrerettleiingsprogram for foreldre med betydelege samarbeidsutfordringar etter et samlivsbrot, og som treng hjelp frå barneverntenesta.
Foreldrerettleiingsprogrammet inneheld informasjon om programmet, fire treff saman med andre foreldre, for å etablere ei felles forståing for korleis manglande samarbeid kan verke inn på barnas utvikling. Målet er at foreldra skal få auka medvit om eigne reaksjonsmønster, og korleis reaksjonane kan oppfattast av andre. Foreldra går i kvar sin gruppe. Etter dei fire treffa, møtast foreldra til to felles samtalar. Hensikta er å utarbeide ei individuelt tilpassa samarbeidsavtale kring barnet.
Det vert òg gjennomført samtalar med barnet, før og etter foreldrerettleiingsprogrammet.
Vi har utvikla ein manual for foreldrerettleiingsprogrammet, ein presentasjon, brosjyre og diverse malar for brev og dokument, som nyttast i tiltaksarbeidet.
FEB er nå eit integrert tiltak i dei to utviklarkommunane. Foreldra som deltek i kursa evaluerer FEB-programmet etter gjennomføring.
Vi har delt det vi har utvikla med alle kommunane i Sør-Rogaland, Haugesund og samarbeidskommunane, og til Bergen, Osterøy og Alver kommune. Det er så langt ikkje gjennomført forsking knytt til FEB.