e d greitt? – Frå kunnskap til handling
Bakgrunnen for prosjektet er eit aukande behov for meir systematisk arbeid, slik at alle barn og unge får kunnskap om kva som er greitt og ikkje greitt når det gjeld kropp, seksualitet, vald og seksuelle overgrep. Det er òg behov for styrka kompetanse og meir strukturert opplæring av tilsette som møter barn og unge i kvardagen.
Prosjektet gir eit samla kompetanseløft for tilsette i barnehage og skule, og sikrar samtidig at barn, unge og tilsette får jamleg og oppdatert kunnskap. Hovudmålet er å førebyggje vald og seksuelle overgrep.
Gjennom prosjektet får dei tilsette både kunnskap og tryggleik til å snakke med barn dei er uroa for. Det blir og lagt vekt på å utvikle handlingskompetanse når det er mistanke om at barn eller ungdom er utsette for vald eller overgrep.
Hovudinnhaldet i prosjektet er undervisningsopplegget «e d greitt?». Det er det systematiske undervisningsopplegget som gjev born og unge auka kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og som gjev meir tryggleik og handlingskompetanse hjå dei tilsette som møter born og unge.
Det er danna ei ressursgruppe som fungerer som oppfølgings- og støtteteam til alle skular og barnehagar. Ressursgruppa er viktig for å sikre systematikk, kompetanse og gode rutinar i arbeidet med undervisningsopplegget.
Prosjektet har òg utvikla ei rutine for tilbakeføring etter «Tilrettelagt avhøyr» av born på Barnehuset. Rutina er utvikla i samarbeid med Barnehuset i Bergen. Rutina er særleg viktig når det er lange avstandar frå kommunen til Barnehuset. Då er det ofte vanskeleg for foreldre å kome til Barnehuset for gjenforeining der.
Det er under utvikling ein modell for korleis kommunar skal gje nyttig hjelp til born og familiar der det er mistanke/avdekka vald eller seksuelle overgrep slik at born får rett hjelp til rett tid.
Prosjektet er godt i gong med å implementere undervisningsopplegget «e d greitt?» i utviklarkommunane Kvinnherad og Ullensvang.
Dei har òg laga strukturar for å gi støtte i implementeringsarbeidet. Dei består av:
- Ei ressursgruppe på fire personar som koordinerer og driftar implementeringsarbeidet.
- Det er laga ein undervisningsplan for lærere og pedagoger, samt ett årshjul som del av implementeringsarbeidet.
- Det er oppretta «barnas verneombod» på kvar skule og barnehage. Barnas verneombod støttar lærarane, med førebuing og gjennomføring av undervisningsopplegget "e d greitt?". Det vert undervisning i "e d greitt?" kvart år frå dei yngste i barnehagen til dei eldste på ungdomsskulen.
- Ressursgruppa tilbyr to fagdagar i året til barnas verneombod og leiarane deira. I tillegg held ressursgruppa eit kurs i året til alle tilsette i kommunane som jobbar med barn og unge, basert på RVTS sitt program «Frå bekymring til handling».
Evaluering av prosjektet
Prosjektet har hatt interne evalueringar ein gong i året der alle «barnas verneomboda» i barnehagar og skular gjev tilbakemelding om korleis opplæringa og implementeringsstøtta fungerer.
Barneverntenesta i Kvinnherad og Ullensvang har meldt om auke i mengda av bekymingsmeldingar etter undervisning med «e d greitt?». For at barneverntenestene i begge kommunar skal kunne arbeide godt og forsvarleg med auka mengd meldingar, vart det bestemt at barnehagane underviser i november og skulane underviser i januar/februar.
Delt med fleire kommunar
Materialet som er utvikla er delt med 37 av kommunane i Vestland. Det er delt i Nettverk for førebygging av vald og seksuelle overgrep mot born og unge på fleire samlingar gjennom 2025 og 2026. Det er òg utveksla erfaring med andre kommunar.
Det er i tillegg inngått ei avtale med Gullprosjektet om å digitalisere materialet som er utvikla for å gjera materialet lettare tilgjengeleg for andre kommunar. Prosjektet forventar å kunne tilby opplæring i det dei har utvikla frå våren 2027.
Du finn utfyllande informasjon om prosjektet på nettsida for Gullprosjektet.