Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

Tilsette i barnevernet ønsker seg meir kompetanse – ny tilskotsordning gjer det enklare

To menn og en kvinne som snakker sammen ved et bord.
Bufdirs nye tilskotsordning, med søknadsfrist 15. mai, gjer det lettare for arbeidsgivarar å sende tilsette på vidareutdanning. Ei ny kompetansekartlegging viser at mange ønsker seg meir kompetanse.

Publisert

Les rapporten om kompetansekartlegging her.

- Vi skal bidra til å heve kompetansen i sektoren. Den nye tilskotsordninga gjer det enklare enn nokon gong å sende tilsette i barnevernet på kompetansehevande tiltak, seier Tove Bruusgaard, divisjonsdirektør i Bufdir.

I år er det gjort fleire endringar i tilskotsordninga:

  • Tilskot til master: De kan søke om tilskot til masterutdanningar og vidareutdanningar som er relevante for tilsette og leiarar i kommunalt, privat eller statleg barnevern. Tilskotet er ikkje lenger knytt til nokre få prioriterte vidareutdanningar
  • Éin søknad per arbeidsgivar: Dei skal berre sende inn éin felles søknad for alle medarbeidarane.
  • Anonym søknad: Arbeidsgivar treng ikkje å ha med namn på medarbeidarar, berre budsjettall og kva utdanning(ar) dei søkjer for.
  • Éi utbetaling: Tilskotet blir utbetalt éin gong, også for utdanningar som går over fleire år.
  • Ny utmåling: Inntil 110 000 kroner per 30 studiepoeng. Eit fulltids år på 60 studiepoeng vil dermed utløyse eit tilskot på inntil 220 000 kroner.
  • Meir pengar: Bevillinga for 2026 er på 41 194 000 kroner. 10 000 000 kroner meir enn i 2025.

- Me tilrår å søkja om tilskot til barnevernfagleg vidareutdanning. Bufdirs eigne vidareutdanningar treff behova som kjem fram i kartlegginga på ei god måte. Og dersom kommunane meiner det finst andre utdanningar som treff betre, dekkjer tilskotet dei òg, seier Bruusgaard.

Les meir om tilskotet her.

Søknadsfristen for 2026 er 15. mai. Fristen for å søkje vidareutdanningar er 15. april.

Kartlegginga viser stort behov for meir og spissa kompetanse

Kartlegginga, som Rambøll har gjennomført på vegner av Bufdir, byggjer på svar frå over 100 leiarar og 500 tilsette i det kommunale barnevernet. Rapporten tek òg for seg kompetanse og kompetansebehov i institusjonsbarnevernet, eining for inntak og fosterheimstenesta i Bufetat (sjå faktaboks).

Tilsette og leiarar i det kommunale barnevernet vurderer at dei har høg kompetanse på fleire viktige område, men at dei ønskjer seg meir spissa kunnskap, mellom anna om vald, rus, negativ sosial kontroll og mangfald.

- Kartlegginga viser at barnevernet står i stadig meir komplekse problemstillingar som krev oppdatert og spissa kunnskap. Denne innsikta skal Bufdir bruke til å vidareutvikla heile barnevernet, avsluttar Bruusgaard.