Gå til hovedinnholdGå til hovedmeny

15 millionar delt på 34 prosjekt

bilde av mynter rundt en grønn plante, ved siden av står fire treklosser med tallene 2025 på
Årleg deler regjeringa, gjennom Bufdir, ut tilskot til prosjekt for kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon innan universell utforming. Tildelinga for 2025 er no gjennomført. Dei 34 prosjekta som fekk tilskot, omhandla mellom mykje testing av nettsider, friluftsliv og reise. Fleire prosjekt prøver ut bruk av kunstig intelligens. 

Då fristen for å søke gjekk ut i midten av januar, var det komme inn 126 søknadar som til saman søkte om over 70 millionar kroner. Løyvinga for 2025 var 15 millionar.

Etter ein grundig prosess fekk 34 prosjekt tildelt tilskot. I vurderinga la Bufdir vekt på i kor stor grad prosjekta trefte på kriteria for prioritering i tilskotsordninga.

Det var eit stort spenn i prosjekta som vart innvilga, frå lokale kartleggingsprosjekt (kartlegging av universell utforming i Trondheim kommune og kartlegging av alle busshaldeplassar i Østfold) til utviklinga av standardar for universell utforming av lade-infrastruktur og universell utforming av digitale læremiddel.

Friluftsliv og reise

Fleire av dei innvilga prosjekta omhandla friluftsliv og reise.

Norsk Turistutvikling AS fekk innvilga to prosjekt innan reiseliv. I det eine prosjektet skal dei tilby praktisk oppfølging av universell utforming for overnattingsverksemder som ønsker å kartlegge og legge betre til rett for universell utforming. I det andre prosjektet er det campingplassar som skal få heva kompetansen om universell utforming.

Stiftinga Transportøkonomisk institutt skal undersøke barrierar og tiltak for at personar med funksjonsnedsetting kan delta i friluftslivsaktiviteter. I tillegg har dei fått midlar til utvikling av verktøy for kartlegging av universell utforming i kulturmiljø.

– Vi er veldig fornøgd med tildelinga, seier Kjell Ove Solbakken som er dagleg leiar i Norsk Turistutvikling AS.

– For at reiselivet skal gi gode opplevingar for alle, er universell utforming ein nøkkelfaktor. Det er særleg viktig med tanke på at barn og unge skal få gode ferieminne som dei tek med seg vidare i livet.

Kunstig intelligens og universell utforming

Kunstig intelligens (KI) er eit heitt tema for tida. Fleire prosjekt som fekk tilskot utforskar dette i samband med universell utforming.

MediaLT fekk tilskot til to prosjekt innan KI. I det eine prosjektet skal dei undersøke om bruk av KI kan effektivisere og redusere kostnadane ved synstolking som no blir gjort heilt manuelt. Bildeattkjenning er av dei områda kor KI har utvikla seg svært raskt dei siste åra. I det andre prosjektet skal dei teste ut ulike mogelegheiter for å effektiviserer kontroll av universell utforming av nettsider ved hjelp av KI. I dag kan ein del kontrollar gjerast med automatiske sjekkerar, men framleis må mykje gjerast av menneske. Prosjektet skal teste ut verktøy for KI-test av appar og nettsider opp mot regelverket for universell utforming.

Stiftinga Funka tek òg i bruk KI i eit prosjekt kor dei skal undersøke KI brukt i rekrutteringsprosessar og korleis bruk av KI kan forsterke eksisterande diskriminering.

– Universell utforming er ein samfunnskvalitet som bidreg til samfunnet si berekraft, auka likestilling og bedra fysiske og digitale omgjevnadar for alle. Regjeringa sin visjon er eit samfunn der alle kan delta og bidra, noko som er ein forutsetning for eit velfungerande velferdssamfunn, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding om tilskotsutdelinga i år.

Meir om tilskot til universell utforming og tildelingar.

Presentasjon av gjennomførte tilskotsprosjekt frå i fjor

5 millionar av løyvinga i år var særmerkt tilskot innan UnIKT-programmet (Universell utforming av IKT). UnIKT-programmet har òg eit forum som 3–4 gonger i året arrangerer opne møte med presentasjon og debatt rundt forsking og praktiske prosjekt om nettopp universell utforming av IKT.

På det første forumsmøte i året, blir ofte ei rekke av prosjekta som fekk tilskot året før, presentert. Slik er det i år òg. Onsdag 19. mars går møtet av stabelen i Oslo.

Mellom andre kjem Joschua Simon-Liedtke frå Norsk regnesentral og snakkar om tilgjengelege informasjonskapslar og samtykkehandtering. Riitta Hellman frå Karde fortel om universelt utforma e-læring for menneske med nedsett kognitiv funksjonsevne, og Dag Slettemeås frå OsloMet skal snakke om eldre sitt digitale kvardagsliv i ein kunstig intelligent tidsalder. Dette var nokre av prosjekta som fekk tilskot i fjor.

Nyheitsbrev om universell utforming

Denne siden er beskyttet av reCAPTCHA og er underlagt Googles personvern og Vilkår for bruk

Når du registrerer e-postadressa di, samtykkjer du til at vi sender deg nyheitsbrev og at vi bruker e-postadressa di til å gjere dette. Les meir i personvernerklæringa vår.

Viss du ikkje lenger ønskjer nyheitsbrev, send ein e-post til universell-utforming@bufdir.no, eller klikk avregistrer i eit nyheitsbrev du har fått.

Tidlegare nyheitsbrev om universell utforming